Innføringa av lova om digitale tenester er forseinka
30.1.2026 17:15:14 CET | Medietilsynet | Pressemelding
Arbeidet med å innføre EUs forordning for digitale tenester, DSA, i norsk rett er forseinka. Årsaka er at forhandlingane med EU om nødvendige tilpassingar i EØS-avtalen tar lengre tid enn venta.

Det var digitaliserings- og forvaltningsdepartementet som fortalde om dette i ei pressemelding fredag.
I tillegg til regelverket om digitale tenester, DSA, blir det jobba med regelverket om digitale marknader, DMA, og regelverket om kunstig intelligens, KI-forordninga, AI Act.
Direktør Mari Velsand i Medietilsynet seier det er viktig at regelverket kjem på plass så fort som mogleg.
– Det er beklageleg at gjennomføringa av desse regelverka i Noreg er forseinka. DSA er viktig for å sikre brukarane digitalt, ikkje minst gjeld det barn og unge. Derfor hastar det å få dei nye reglane inn i norsk rett, seier Velsand.
Medietilsynet blir tilsynsmyndigheit i saker som berører område som trygg bruk av digitale tenester for barn og unge, desinformasjon, valmanipulasjon og ytringsfridom på sosiale medium når regelverket blir ein del av norsk rett. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) blir nasjonal koordinator for DSA i Noreg, og Forbrukartilsynet og Datatilsynet skal saman med Medietilsynet bidra til å handheve det nye regelverket.
Statsråden til Brussel for å diskutere regelverket
Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung understrekar i pressemeldinga frå departementet at dei største digitale plattformene opererer på tvers av landegrenser, og at samarbeid med EU og Europa er viktig for å sikre tryggare digitale tenester, særleg for barn og unge, og dessutan like konkurransevilkår for norsk næringsliv.
Regjeringa samarbeider med Island, Liechtenstein og EU-kommisjonen for å finne løysingar som gjer det mogleg å innføre DSA og følgje opp dei store teknologiselskapa på ein formålstenleg måte i Noreg.
Jobbar med innføring samtidig som det blir forhandla
Parallelt med forhandlingane går arbeidet føre seg med å førebu det norske regelverket. Departementet går gjennom innspel frå høyringar og arbeider med lovproposisjonar til Stortinget. Målet er at norske reglar skal kunne tre i kraft så raskt som mogleg etter at forordningane er innlemma i EØS-avtalen.
Medietilsynets direktør er glad for dei tydelege signala frå departementet.
– Det er bra at regjeringa følgjer opp for å få innført dei nye regelverka så raskt som mogleg, seier Velsand.
Kort om DSA:
- DSA har som mål å gi eit betre vern av rettane til brukarar av sosiale medium og andre internettenester og redusere samfunnsrisikoar.
- Det blir enklare å fjerne ulovleg innhald, varsle om innhald som bryt med brukarvilkåra og klaga til plattforma viss innlegg eller kontoar sletta.
- Forbod mot åtferdsbasert, eller målretta, marknadsføring mot mindreårige.
- Forbod mot manipulerande design, som betyr at tilbydarane ikkje har lov til å manipulere brukarane til å gjere val i strid med eigne interesser.
- Dei største internettplattformene blir pålagde å gjere risikovurderingar for spreiing av ulovleg innhald og for grunnleggande rettar som personvern og ytringsfridom, under dette informasjonsfridom og pressefridom.
- Aktørane skal også gjere risikovurderingar knytte til valmanipulasjon, uønskt påverknad av den offentlege samtalen og av den fysiske og psykiske helsa til brukarane.
- Det blir særleg lagt vekt på å verne barn og unge mot skadeleg innhald og å førebygge at barn utviklar avhengnad.
- Det er bestemt at Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) blir nasjonal koordinator for DSA i Norge, og at også Medietilsynet, Forbrukartilsynet og Datatilsynet skal bidra til å handheve det nye regelverket.
- Regjeringa foreslår i lovforslaget at dei myndigheitene som allereie har ansvar for tilsyn på område som blir regulerte i forordninga, skal ha ei tilsynsrolle etter den nye lova innanfor dei respektive ansvarsområda sine.
Kontakter
Stian Barsnes-Simonsenkommunikasjonssjef
Tel:922 82 241stian.barsnes.simonsen@medietilsynet.noMari Velsand
Tel:+47 913 28 448mari.velsand@medietilsynet.noFølg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Avisene kan søke om 456 millionar kroner i produksjonstilskott30.1.2026 08:42:31 CET | Pressemelding
Medietilsynet opnar nå for søknader til årets produksjonstilskott, den største direkte mediestøtteordninga for avisene.
Medietilsynet må behandle søknad om tilskott på nytt28.1.2026 14:02:17 CET | Pressemelding
Medieklagenemnda har gitt Altinget medhald i klaga si på avslaget om produksjonstilskott i 2024. Nemnda seier i vedtaket sitt at Altinget er ei avis og ikkje fleire, slik Medietilsynet la til grunn i avslaget sitt.
Bryllupsfesten-episode på NRK får høyere aldersgrense etter reaksjoner23.1.2026 12:40:27 CET | Pressemelding
Medietilsynet har ført tilsyn med en episode av NRKs serie «Heajastallan – Bryllupsfesten» etter reaksjoner på aldersgrensen.
Stabile eierforhold og bredt tilbud av medier i Norge21.1.2026 07:50:00 CET | Pressemelding
De store aviskonsernene ble enda litt større i 2024, men avsendermangfoldet er fortsatt sterkt i Norge, viser en ny rapport fra Medietilsynet.
Europeisk toppverv til Medietilsynets direktør13.1.2026 10:00:00 CET | Pressemelding
Medietilsynets direktør Mari Velsand blir styreleder for the European Audiovisual Observatory.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom