Miljødirektoratet

Foreslår opning av fiske i tidlegare stengde gyro-vassdrag

30.1.2026 12:16:20 CET | Miljødirektoratet | Pressemelding

Del

Miljødirektoratet vil opne for fiske i tre friskmelde gyrovassdrag. I alle andre vassdrag blir dei strenge fiskereglane vidareførte. 

Mann som fisker i elv.
Miljødirektoratet vil ikkje opne for meir fiske i 2026 enn i fjor. Foto: Kim Abel / Naturarkivet

 – Vi har eit spesielt ansvar for å ta vare på villaksen. Eg er glad for å sjå at tiltaka mot lakseparasitten gyro har hatt god effekt, og at laksebestandane blir styrkte i dei elvane vi har gjort denne behandlinga. Dette gir skikkeleg motivasjon til å jobbe vidare for å redde lakseelvane våre. No kan vi konsentrere oss om tiltak mot dei andre faktorane som truar villaksen, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

– Vi har lykkast med å byggje opp fiskebestandane i fleire vassdrag som tidlegare var infiserte av lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Derfor foreslår vi å opne for fiske igjen der bestandane no er i god vekst. Samtidig står førevarføresegnene frå 2025 fast i dei fleste norske vassdrag, og vi vil ikkje opne for meir fiske i år enn i fjor, seier direktør i Miljødirektoratet, Hilde Singsaas.

Miljødirektoratet har sendt på høyring endringar i fiskereglane for fire vassdrag: tre som blir foreslåtte opna, og eitt som blir foreslått stengt. Elles blir fiskereglane  frå vidareførte 2025. 

Høyringsfristen er 15. mars, og interessentar kan komme med innspel til forslaga her.  

Eventuelle endringar trer i kraft frå sesongen 2026. 

Les meir om laks og fiskereglane her:  
Laks og laksefiske - miljodirektoratet.no 

Kva betyr dette for fisket i 2026? 

I 2024 stansa Miljødirektoratet laksefisket mellombels i 33 elvar og i sjøen frå svenskegrensa til Trøndelag, etter historisk låge fangstar og høg risiko for alvorleg skade på laksebestandane.  

I 2025 vart dette følgt av eit planlagt førevarregime med tidenes strengaste restriksjonar for å stabilisere situasjonen. I 2026 blir dette regimet vidareført uendra, med nokre få unntak.

Det blir altså ingen generelle lettar eller nye innstrammingar i år, men det kan komme lokale endringar i dei vassdraga som er på høyring. Fiskarar skal alltid sjekke gjeldande forskrift og lokale føresegner før fiske. 

Positiv utvikling i tidlegare gyrovassdrag

I 2022 friskmelde Mattilsynet Skibotnelva, Signaldalselva og Kitdalselva. No ønskjer grunneigarlaga i Skibotnelva og Signaldalselva å opne for fiske etter laks, sjøaure og sjørøye. Overvakinga som Veterinærinstituttet har gjort på oppdrag frå Miljødirektoratet viser ei tydeleg positiv utvikling i bestandane, og det blir foreslått å opne for fiske etter laks og sjøaure. 

Leirelvvassdraget i Nordland vart friskmelde i 2018 og opna for eit avgrensa laksefiske. Nye undersøkingar viser at sjøauren igjen er tilbake på nivåa før parasitten vart påvist, og Miljødirektoratet foreslår derfor å opne for sjøaurefiske. 

Stans i fiske i Jølstra 

Laksebestanden i Jølstra har over tid lege under gytebestandsmålet. Det har ikkje vore opna for laksefiske, men sjøaurefiske har gått føre seg. Bifangsten av laks blir vurdert som for høg, og for å sikre laksebestanden foreslår Miljødirektoratet å stanse fisket etter sjøaure. 

Fakta:

Midtvegs i laksesesongen pleier Miljødirektoratet å gjere ei vurdering av korleis innsiget av villaksen ser ut, og om det må gjerast endringar i reglane for inneverande sesong. 

Vurderinga byggjer på eit notat frå Norsk institutt for naturforsking (NINA), som følgjer utviklinga gjennom fangststatistikk og fisketeljingar i elvar og fjordar. Dersom innsiget av laks er 50 prosent lågare enn venta, kan direktoratet innføre ekstra avgrensingar i fisket, både i elv og sjø. 

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Mann som fisker i elv.
Miljødirektoratet vil ikkje opne for meir fiske i 2026 enn i fjor.
Foto: Kim Abel / Naturarkivet
Last ned bilde

Andre språk

Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye