Riksantikvaren

Milliontilskot til stavkyrkjene

29.1.2026 07:00:00 CET | Riksantikvaren | Pressemelding

Del

No har Riksantikvaren fordelt tilskot til stavkyrkjene for 2026. Sjå kva prosjekt som fekk.

Uvdal stavkyrkje i Numedal
Uvdal stavkyrkje i Numedal får milliontilskot i 2026. Anders Amlo, Riksantikvaren.

Stavkyrkjene er dei unike praktbygga våre frå mellomalderen, og medan slike historiske trekyrkjer er gått tapt elles i Europa har vi 28 stavkyrkjer bevarte i Noreg. Dei er bidraga våre til arkitekturhistoria i verda.    

– Stavkyrkjene er blant dei eldste bygningane vi har i Noreg, og det er fantastisk at dei framleis er i bruk. Det er viktig at vi tek vare på desse også for framtida, og at folk kan lære om historia dei representerer gjennom framleis bruk, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.  

I 2026 får stavkyrkjene utbetalt fem millionar, der tre millionar er friske tilskotsmidlar frå i år, medan to millionar var lova i tilsegn frå 2025. For 2026 har to prosjekt fått tilsegn om totalt 2,7 millionar.   

– Vi har prioritert at stavkyrkjene skal unngå vedlikehaldsetterslep, seier riksantikvar Hanna Geiran.   

– Samtidig er vi opptekne av å støtte prosjekt som aukar kunnskapen og er til nytte for fleire stavkyrkjer.   

I tillegg til desse tilskota, betaler også for Riksantikvaren sikring av stavkyrkjene.   

Lagar 3D-modell av Borgund stavkyrkje for beredskap og kunnskap    

Borgund stavkyrkje er nærast uendra frå mellomalderen, og har vore brukt som førebilete ved restaureringa av fleire andre stavkyrkjer. Kyrkja vart målt opp i 1856, men sidan den gongen har ingen gjort ei heilskapleg oppmåling.   

– Dei fleste av stavkyrkjene manglar nyare og nøyaktige oppmålingsteikningar som dokumentasjon, seier Geiran. Dette er ein mangel som vi no kan bøte på med høgkvalitets 3d-skanning.  

– Skanninga er derfor viktig som ein del av beredskapen, og for å ta vare på den kunnskapen stavkyrkjene representerer i den europeiske kulturhistoria.  

Søkjarane til prosjektet er NIKU, i samarbeid med Kulturhistorisk museum og Fortidsminneforeningen. Gjennom laserskanning vil dei laga ein 3D-modell som kan danne grunnlag for ny oppmåling og teikningar av kyrkja. Resultatet vil bli brukt til formidling, restaurering, vedlikehald og sikring i samanheng med klimabelastningar, og i tilfelle brann og hærverk.  

–  Vi meiner at både skanning og 3D-modellen er viktig og nyttig både som dokumentasjon og for framtidige arbeider med kyrkja, for formidling og for forsking. Ikkje minst vil ein 3D-modell av kyrkja vere nyttig i planlegginga av nye sikringstiltak. Dette er eit prosjekt som både forskarar og forvaltning vil lære mykje av, og det har stor overføringsverdi til dei andre stavkyrkjene.   

Numedal får millionar til tjøring av tre kyrkjer   

Uvdal stavkyrkje i Numedal vart sist tjørebredd i 2018, og har no behov for ny tjørebehandling. Kyrkja får ein million i 2026.    

–  Dette prosjektet vil også støtte opp under Fortidsminneforeningens kunnskapsprosjekt om tradisjonell, milebrunnen tjøre, som fekk tilskot i fjor og ei tilsegn i år på nesten 500 000, seier Geiran.   

– Tjøringa er viktig for å halde oppe eit godt vedlikehaldsnivå på Uvdal stavkyrkje, og tilskotet vil gjere det mogleg at mykje av arbeidet kan gjerast i 2026.   

Numedal er også lova heile 2,7 millionar til tjøring i 2027 gjennom tilsegn for Nore og Rollag stavkyrkjer, på høvesvis to millionar og 760 000 kroner.   

Heile Nore stavkyrkje skal tjørebredast, og vi ser at tjøra på solutsette flater mot vest og sør og taket er no heilt eller delvis slite ned. I Rollag stavkyrkje planlegg Fellesrådet å tjørebrede veggene.   

– Dette er heilt sentrale vedlikehaldsoppgåver ved stavkyrkjene, og derfor vil vi prioritere dette viktige arbeidet for 2027, seier Geiran.
– Det som også er flott med tjøring av stavkyrkjene, er at det bidreg til at den eldgamle tradisjonen med milebrenning blir halden i hevd.  

Også Kaupanger stavkyrkje i Sogn får 400 000 til overflatebehandling i 2026, medan Høgjord stavkyrkje i Vestfold får 50 000 for å fullføre tjørebreingsprosjektet sitt.   

Undredal stavkyrkje får 50 000 for vask og måling av kyrkja, sidan ho er angripen av svertesopp.   

200 000 til NTNUs dendrolab  

Dendrokronologi handlar om å datere treverk gjennom årringar. Dette fagfeltet er i utvikling, og gir oss auka forståing av vår eigen bygningsarv. For å kunne tolke årringane, må forskarane ha såkalla grunnkorger, og dei må vere gode. Kurvene må vise veksemønstera til trea for ein region, og dei må innehalde eit tilstrekkeleg tal prøver frå tre.   

–Tilskotet skal gå til å skaffe fleire prøver og analysar, slik at tolkingsresultata blir sikrare, seier Geiran.    

– For stavkyrkjene er det særleg viktig at vi får styrkt kunnskapen om dei eldste grunnkorgene, slik at vi kan få best mogleg dateringar. Dette er sentralt for forskinga på både stavkyrkjene og andre historiske bygningar.   

Kva er eigentleg ei stavkyrkje?  

Stavkyrkjene representerer er ein heilt eigen byggjemåte med stolpar – stavar – som berande element. Dette var ein vanleg byggjemetode for trekyrkjer i store delar av Nord-Europa i tidleg mellomalder. Dei eldste av våre bevarte stavkyrkjer har stått i nærare 900 år, og dei er blant dei eldste bevarte bygningane våre. Stavkyrkjeportalane og treskurden er utan sidestykke i europeisk mellomalderkunst. Halvparten av stavkyrkjene er framleis i bruk som kyrkjelydskyrkjer. 

Tabell over tilskot i 2026 og tilsegn 2027

Kirke/søker 

Tiltak 

Tilskot 2026 

Tilsegn 2027 

Nore stavkirke 

Tjæring 

2000000 

Uvdal stavkirke 

Tjæring 

1000000 

Borgund stavkyrkje 

3d-skanning 

970 000 

Rollag stavkirke 

Tjæring 

760000 

Kaupanger stavkirke 

Overflatebehandling 

400000 

Tjærebanken 

Økt likviditet 

250000 

NTNU Dendrolabben 

Prosjekt utvikling grunnkurver 

200000 

Stavkyrkjeeigarforum 

Arrangement og utvikling 

80 000 

Høyjord stavkirke 

Tjæring - fullføring 

50 000 

Undredal stavkirke 

Utvendig vedlikehold 

50 000 

Nøkkelord

Kontakter

PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.

Tel:404 65 153

Bilder

Borgund stavkyrkje.
Borgund stavkyrkje skal 3D-skannes.
Karin Axelsen, Riksantikvaren.
Last ned bilde
Nore stavkirke i Numedal.
Nore stavkirke i Numedal får løfte om to millioner i tilskudd neste år.
Lene Buskoven, Riksantikvaren.
Last ned bilde
Rollag stavkyrkje
Rollag stavkyrkje får tilskot 2027.
Tronde Isaksen, Riksantikvaren.
Last ned bilde
Riksantikvar Hanna Geiran.
Riksantikvar Hanna Geiran.
Trond A. Isaksen, Riksantikvaren Fri bruk ved kreditering.
Last ned bilde

Andre språk

Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye