Forsvarsbygg

Forsvarsbygg styrker forsvarsevna og bulysta på Porsangmoen

28.1.2026 14:09:33 CET | Forsvarsbygg | Pressemelding

Del

Forsvarsbygg planlegg å oppføre to nye bustadbygg for Forsvarets befal i Porsangmoen leir.

To bygninger med moderne design ved en vei under en blå himmel.
Tilsvarande bygg som på bildet skal oppførast på same området ved Porsangmoen leir. Foto: Forsvarsbygg

Dei to nye bygga blir på høvesvis 585 og 525 m² bruttoareal, og rommar totalt 48 hyblar fordelte over tre etasjar. Seks av hyblane blir lagde til rette for universell utforming.

Bulyst som strategisk grep

Nye og funksjonelle bueiningar gir ikkje berre betre buforhold – dei bidrar til auka trivsel og bulyst for Forsvarets personell. Dette er eit strategisk tiltak for å sikre ei robust forsvarsevne.

– Med å bygge nye moderne og funksjonelle bygg legg Forsvarsbygg til rette for ein effektiv og trygg kvardag for Forsvarets personell. Vi bygger og driftar – det er slik vi samarbeider og beredskap blir bygd, seier Jens Hugo Leiknes, prosjektsjef i Forsvarsbygg.

Prosjektet omfattar også frittståande sykkelbuer og ein opparbeidd utomhusplan med gangareal, snødeponi, sykkelparkering, bilparkering og plantning. Tiltaket inneber riving av ein eksisterande garasje for å gi plass til dei nye bustadene.

Bygga får namn etter dei nærliggande fjella Bàtnàlas og Ruitogàisà og vil bidra til auka trivsel, betre beredskap og ein meir attraktiv bufasilitet for personell som tenestegjer i området.

Prosjektet blir lyst ut som totalentreprise og er publisert i Doffin. Innleveringsfristen er 12. mars. Kontraktsinngåing og byggestart er venta etter tildeling våren 2026, med planlagd ferdigstilling av kvartera i november 2027.

Nøkkelord

Bilder

To bygninger med moderne design ved en vei under en blå himmel.
Tilsvarande bygg som på bildet skal oppførast på same området ved Porsangmoen leir. Foto: Forsvarsbygg
Forsvarsbygg
Last ned bilde

Følg pressemeldinger fra Forsvarsbygg

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Forsvarsbygg på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Forsvarsbygg

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye