Eika Gruppen

Eika med mobil app på nynorsk

Del
Stadig fleire kundar bruker mobilen til å sjekke banksaldoen sin og betale rekningar. Frå 25. april kan alle kundane i Eika-bankene også sjekke saldo og betale rekningar med mobilen på nynorsk. Eika vil også i løpet av året lansere nynorsk nettbank og heimesider.

- Dette er gode nyheiter for alle kundane våre som har nynorsk som hovudmål. Nynorske versjonar har vore etterspurte av mange kundar og vi er derfor svært stolte av å vere ein av dei fyrste bankane i Noreg som tilbyr kundane våre val av målform i mobilbanken, seier Informasjonsdirektør Sigurd Ulven.  - Vi er ein allianse av lokalbankar med fokus på omsorgsfull kundebetening og nærleik til kundane. Då er også val av målform naturleg å tilby kundane, påpeikar Ulven.

Eika Gruppen utviklar og leverer tenester til nær 80 lokalbankar i Noreg, der ei av desse tenestene er appen «Lokalbanken i lomma». Alliansebankane i Eika har tilpassa denne med sin eigen profil og kundane kan frå 25. april ha valfri målform. Utviklinga av appen på nynorsk har vore eit dugnadsprosjekt mellom Eika Gruppen og alliansebankane i Eika. Kundane sin bruk av mobilbank-appen har teke av etter at den blei lansert for om lag eitt år sidan.

- Alliansebankane i Eika-bankane har meir enn 45 000 kundar som bruker mobilbank-appen dagleg. Enkel bruk og praktiske funksjonar for kunden har vore heilt avgjerande for suksessen, fortel Ulven.  - Vi ønskjer å vareta nærleik til kunden også i dei digitale kanalane. Då er det heilt naturleg at kundane også kan velje målform. I løpet av året vil vi derfor også lansere ein nynorsk versjon av nettbanken og heimesidene våre. Det viser at vi tek nærleik på alvor, avsluttar Informasjonsdirektøren.


Fakta om Eika mobilbank

  • 82 forskjellige app'er
  • 25 % av alle nettbankbrukarar bruker app.
  • 120 000 unike brukarar
  • 3-500 nye brukarar kvar dag
  • 45 000 unike brukarar som nyttar appen kvar dag
  • Kundane i alliansebankane bruker appen ca. 3-4 gonger i veka. Det er den høgaste bruksfrekvensen på mobilbank i Noreg.
  • Mest brukte teneste: «sjekk saldo»


Bilder

Screenshot av mobilapp "Lokalbank i lomma" på nynorsk.
Screenshot av mobilapp "Lokalbank i lomma" på nynorsk.
Last ned bilde

Om Eika Gruppen

Eika Gruppen
Eika Gruppen
Parkveien 61
0254 Oslo

22 87 81 00http://www.eika.no

Om Eika

Eika Alliansen består av selvstendige lokalbanker, Eika Gruppen og Eika Boligkreditt. Bankene er spredt over store deler av landet og bidrar til økonomisk vekst og trygghet for privatkunder og næringsliv i sine markedsområder. Samarbeidet i alliansen sørger for stordriftsfordeler for lokalbankene som nyter høy tilfredshet blant sine kunder. 

Eika Gruppen er eid av bankene. Eika Gruppens visjon er å styrke lokalbanken gjennom å sikre sterke, omsorgsfulle lokalbanker som kan være en drivkraft for vekst og utvikling for kunder og lokalsamfunn. Eika Gruppen kjernevirksomhet er å sikre lokalbankene moderne og effektiv bankdrift gjennom gode og kostnadseffektive produkt- og tjenesteleveranser, inkludert en komplett plattform for bank-infrastruktur. Les mer på eika.no

Følg pressemeldinger fra Eika Gruppen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Eika Gruppen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Eika Gruppen

Eika med solid resultat i 4. kvartal6.2.2025 12:43:13 CET | Pressemelding

(Oslo, 6. februar 2025) Konsernet leverte et resultat før skatt på 181 millioner kroner i kvartalet og 346 millioner kroner året sett under ett. Dette er før gevinst og resultat fra avhendet virksomhet (Eika Forsikring). Totalresultatet inkludert salgsgevinst og resultat fra avhendet virksomhet er på 6,2 milliarder kroner. Tilsvarende tall i samme perioder i fjor på henholdsvis 130 og 474 millioner kroner. Resultatet påvirkes positivt av engangseffekt knyttet til transaksjonen i forsikringsvirksomheten. Finansieringsvirksomheten påvirkes av økte finansieringskostnader og omstillingskostnader.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye