Trønderske mjølkebønder jobbar meir, men tener mindre
26.1.2026 10:29:59 CET | Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO | Pressemelding
Trønderske mjølkebønder har spurt økonomar i NIBIO kvifor dei har lågare årsverksinntekt enn kollegaar i aust og sør-vest. No har dei fått svar.

Kvart år forhandlar bondelaga med staten i det såkalla jordbruksoppgjeret. I følgje Noregs Bondelag avgjer forhandlingane dei økonomiske moglegheitene for bonden det kommande året, og korleis staten skal fordela overføringane til norsk landbruk. Talgrunnlaget for desse forhandlingane vert utarbeida av NIBIO.
Sentralt i talgrunnlaget står dei såkalla referansebruka. Dette er «eksempelgardsbruk» som syner lønsemda for ulike produksjonar i ulike delar av landet. Då Bondelaget i Trøndelag studerte referansebruka frå sin region (4 og 5A), la dei merke til at desse bruka har lågare årsverksinntekt enn tilsvarande bruk på Austlandet og Sør-Vestlandet (1, 2 og 3). No har fagfolka i NIBIO sett nærare på tala for å finna årsaker og gje svar til trønderbøndene.
Resultat og hovudfunn for mjølkeproduksjon
Mjølkeproduksjon er den største produksjonsgreina i trønderlandbruket med over 1200 føretak og meir enn 44 000 kyr. Trøndelag produserer dessutan litt over 20 prosent av all mjølka i Noreg og er dermed Noregs største mjølkefylke, tett etterfylgt av Rogaland og Innlandet.
Lars Johan Rustad, seniorrådgjevar og landbruksøkonom i NIBIO, har leia arbeidet med å vurdera inntekta til trønderske mjølkeprodusentar.
– Når vi ser på referansebruk med om lag like stor produksjon i ulike deler av landet, er det tydlege skilnadar, seier Rustad.
– Referansebruka med mjølk i sone 4 og 5A, altså i Trøndelag, har lågare årsresultat per familieårsverk enn bruk på Austlandet og Sør-Vestlandet (sone 1 og 3). For 2023 var resultata per familieårsverk for dei to sonene i Trøndelag 245 000 og 296 000 kroner, medan inntekta i sør-vest og aust var 483 000 kroner.
Dette var trass i at mjølkeinntektene per ku og år var ganske like i alle tre områda.
– Den viktigaste årsaka vi har funne har med arbeidstida å gjera. Ein familie på eit mjølkebruk i Trøndelag nyttar høvesvis 17 prosent meir tid i sone 5A og 32 prosent meir i sone 4 enn ein familie aust eller sør-vest i landet. Då vert inntekt per årsverk lågare. Dette gjeld altså gardsbruk med om lag same produksjonsomfang, forklarar Rustad.
– I Trøndelag vert dessutan meir kapital bunden opp i bygningar og maskiner. Bygningskapitalen var 26 prosent høgare i Trøndelag og verdien av traktorar 86 prosent høgare i sone 4 samanlikna med sone 1 og 3. Liknande tal for høgare kapitalbinding blei funne når sone 5A vart samanlikna med tilsvarande mjølkebruk i sone 2. Meir kapital bunden gir høgare avskrivingar.
Rustad peiker vidare på at driftstilhøva er ulike frå region til region. I Trøndelag har gardsbruka ofte fleire og mindre jordstykke. Dei ligg og ofte lengre frå kvarandre. Kortare vekstsesong og lågare temperaturar i sesongen, gir og særskilde utmaningar. Det fører til at bonden bruker meir tid og har høgare utgifter til transport. Sjølv om tilskota er høgare i Trøndelag enn i låglandet lengre sør, veg det ikkje opp for dei ekstra kostnadane.
– Vi rår ikkje til å samanlikna referansebruka over tid. Det skjer endringar mellom årgangar som gjer at tala ikkje er heilt samanliknbare, forklarar Rustad.
Kva med sau og ammeku?
Landbruksøkonomane har og samanlikna inntekta til dei som driv med sau og ammeku. Er skilnaden mellom sonene like stor her?
– Vi har ikkje eigne referansebruk for sau eller ammeku i Trøndelag, så her har vi nytta tal frå Driftsgranskingane, ei rekneskapsundersøking der over 900 bønder er med. Her syner tala at det ikkje er så stor skilnad mellom dei ulike distrikta.
– Ser ein på 2013, 2017 og 2022, er vederlag per årsverk og per vinterfôra sau høgare i Trøndelag enn på Austlandet og Sør-Vestlandet. I 2023 kom dei dårlegare ut, men dette var eit særskilt dårleg år for sauebøndene i Trøndelag. Trønderbruka har jamt over fleire dyr per bruk. Ut frå våre tal kan ein ikkje seia at sauebøndene i Trøndelag kjem dårlegare ut.
Økonomane fann heller ikkje nokon stor og tydeleg skilnad på grunn av geografi for dei som driv med ammeku. Her varierte lønsemda meir med val av driftsform og produksjonsval.
Konklusjon
– Når det gjeld mjølkeproduksjonen, er det klart at tilskota ikkje fullt ut kompenserer for dei høgare kostnadane til trønderbøndene. Korleis ein skal løysa dette er delvis eit politisk spørsmål. Vi trur at desse resultata vil gje eit godt utgangspunkt når ein skal sjå etter løysingar, både politisk og for bonden på sitt eiga gardsbruk, avsluttar Rustad.
Nøkkelord
Kontakter
Lars Johan RustadNIBIO / Divisjon Kart og statistikk
Tel:(+47) 911 27 954lars-johan.rustad@nibio.noBilder



Lenker
Følg pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Matkveite er viktig for sjølvforsyninga, men det kan vere vanskeleg å lukkast med avlinga15.4.2026 11:30:00 CEST | Pressemelding
For at det skal lønne seg å dyrke haustkveite til mat, må bønder oppnå matkvalitet i minst tre av fem år. Samtidig er det store regionale forskjellar i kor lett det er å lukkast.
Biokull kan gi bedre jordhelse og lavere klimaavtrykk15.4.2026 10:07:15 CEST | Pressemelding
I et treårig prosjekt har forskere ved NIBIO testet hvordan biokull påvirker potetavlinger og jordkvalitet under norske forhold. Resultatene viser at biokull i liten grad øker avlingene, men at det kan ha andre fordeler.
Nytt prosjekt skal optimalisere beitebruken i Norge15.4.2026 09:10:32 CEST | Pressemelding
Det nye forskningsprosjektet TechGraze skal teste hvordan virtuelle gjerder og fjernmåling med droner kan gi bedre utnyttelse av norske beiteområder. Målet er å styrke både matsikkerhet, dyrevelferd og biologisk mangfold.
Nytt leksikon for løkdyrkere – lag på lag med kunnskap14.4.2026 11:52:28 CEST | Pressemelding
Produksjon av norsk løk av god kvalitet krever riktig dyrking, skånsom håndtering og gode lagringsforhold gjennom hele verdikjeden. Det nye løkleksikonet fra NIBIO oppsummerer kunnskapen du trenger for å lykkes som løkdyrker.
Kveite gir ikkje betre lønsemd enn bygg – høg risiko held produksjonen nede9.4.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
Trass i høgare tilskot og stor etterspurnad, aukar ikkje norsk kveiteproduksjon nemneverdig. Nye analysar frå NIBIO viser at hovudårsaka er enkel: Kveite gir ikkje betre økonomi enn bygg – men inneber større risiko for bonden.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom