Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Pikstein kraftverk

Del
NVE gjev Bekk & Strøm AS løyve til å byggje Pikstein kraftverk i Tromsø kommune i Troms. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 5,5 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 280 husstandar.

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Piksteinelva kraftverk vil vere eit bidrag til ein fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar.

Pikstein kraftverk har fått løyve til å nytte eit fall på 308 meter frå inntak på 318moh. Vatnet skal førast i nedgrave røyr heile vegen frå inntaket og ned til kraftstasjonen.

Dei viktigaste problemstillingane i saka er slik NVE ser det, omsynet til reindrift, samiske kulturminne og tekniske inngrep i forbindelse med inntak og øvre delar av røyrgate. NVE meiner ulempene kan reduserast i tilstrekkelig grad gjennom avbøtande tiltak.

NVE vurderer at dei samla negative verknadene av utbygginga kan aksepterast, sett i forhold til nytten av den forventa kraftproduksjonen i Pikstein kraftverk. På bakgrunn av dette har NVE gjeve løyve til bygging av Pikstein kraftverk på nærare fastsette vilkår.

Les meir om løyve til Pikstein kraftverk på NVEs nettstad.

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 90 19 82 16
Avdelingsingeniør Solveig Silset Berg, tlf. 22 95 93 25

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye