Ikkje løyve til Kalvebakkelva kraftverk
Kalvebakkelva var planlagt i vassdraget Kalvebakkelva, som renn ut i Ramfjorden i Tromsø kommune. Kraftverket var planlagt med ein installert effekt på 3,1 MW og ville gjeve ein årleg produksjon på omlag 10 GWh.
NVE legg stor vekt på konsekvensane tiltaket vil medføre for reindrift. Tiltaket kan få betydelege konsekvensar for særverdiområde, i dette tilfelle viktig kalvingsland. Området er spesielt for regionen og NVE viser til at ei utbygging kan føre til ei endring av det rike artssamfunnet og føre til at regionalt sjeldne mosar kan forsvinne. I avgjersla er det også tillagt stor vekt at tiltaket vil kunne føre til store og varige sår i eit høgfjellsområde. Fråføring av vatn på utbyggingsstrekninga vil óg redusere Kalvebakkelvas verdi som lokalt landskapselement.
Etter NVE sitt syn har tiltaket negative konsekvensar på mange områder. NVE meiner at desse samla sett ikkje står i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE meiner at dei negative konsekvensane av ei utbygging ikkje kan vegast opp med avbøtande tiltak.
NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Kalvebakkelva kraftverk.
Les meir om avslag til Kalvebakkelva krafverk på NVEs nettstad.
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 90 19 82 16
Avdelingsingeniør Solveig Silset Berg, tlf. 22 95 93 25
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE vurderer at kraftsituasjonen er innenfor det normale7.8.2025 12:33:23 CEST | Pressemelding
NVE forventer at det vil være tilstrekkelig tilgang på kraft gjennom vinteren. Den samlede magasinfyllingen i Norge er omtrent på normalt nivå. Kraftsituasjonen i Sørvest-Norge er også innenfor normalen, selv om magasinfyllingen er lav for årstiden.
NVE samarbeider tettere med Bane NOR, Gassco og Forsvarsbygg5.8.2025 12:01:10 CEST | Pressemelding
NVE har inngått avtaler med Bane NOR, Gassco og Forsvarsbygg. Målet er å sikre at de kan opprettholde sine samfunnsoppgaver best mulig i situasjoner med energiknapphet eller kraftrasjonering.
Redusert fare for nye store skred i Oksfjellet, Kåfjord kommune3.8.2025 13:05:54 CEST | Pressemelding
NVE og Kåfjord kommune anbefaler å oppheve evakueringen av de seks boligene nedenfor Oksfjellet, men fortsetter å følge situasjonen tett.
Det pågår fortsatt skredaktivitet i Oksfjellet, Kåfjord kommune2.8.2025 14:13:39 CEST | Pressemelding
Fredag gikk det flere steinras i Oksfjellet i Kåfjord kommune. NVE, i samråd med kommunen, følger opp situasjonen tett.
NVE frårår ferdsel i utløpsområdet for fjellskred i Skarfjellet29.7.2025 08:41:06 CEST | Pressemelding
NVE oppmodar alle til å følgje kommunen sitt råd om å ikkje ferdast i utløpsområdet for fjellskred frå Skarfjellet inntil vidare. Eit skred vil ikkje nå bygningar eller anna infrastruktur, men det kan vere farleg å opphalde seg i utløpsområdet. Som tidlegare gjelder restriksjonane ikkje turvegen inn til Innerdalen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom