Statens vegvesen

Desse er prekvalifisert til den første tunnelkontrakten i Fellesprosjektet Arna-Stanghelle

Del

Fellesprosjektet Arna-Stanghelle har kvalifisert fire aktørar til konkurransen om å bygge den første tunnelentreprisen i prosjektet. Kontrakten inkluderer mellom anna etablering av tre anleggstunnelar på til saman 3,7 km.

Illustrasjonen viser prinsippet for anleggstunnelar og sjaktløysing for deponi av tunnelstein. Det er anleggstunnelar (markert i blått) og sjakter (gult) som mellom anna inngår i kontrakten. Illustrasjonen viser løysinga på Langhelleneset. Totalt skal det etablerast tre slike tunnelsystem - eit på Romslo, eit på Langhelle og eit ved Gamle Fossen.
Illustrasjonen viser prinsippet for anleggstunnelar og sjaktløysing for deponi av tunnelstein. Det er anleggstunnelar (markert i blått) og sjakter (gult) som mellom anna inngår i kontrakten. Illustrasjonen viser løysinga på Langhelleneset. Totalt skal det etablerast tre slike tunnelsystem - eit på Romslo, eit på Langhelle og eit ved Gamle Fossen. Fellesprosjektet Arna-Stanghelle

Dei som er prekvalifisert og konkurrerer om kontrakten er

  • AF Gruppen Norge AS
  • Hæhre Entreprenør AS
  • NCC Norge AS
  • Skanska Entreprenør AS (arbeidsfellesskap med Vassbakk & Stol AS)


Kontakten er ein utføringsentreprise med antatt verdi på kring ein milliard kroner eksklusive meirverdiavgift. 

Anleggstunnelar,  fjellsjakter og endå litt til 

Entreprisen omfattar etablering av tre anleggstunnelar på til saman 3,7 km, med kvar sin tilhøyrande bergsjakt for framtidig deponering av tunnelstein i Sørfjorden. Alle anleggsområda i denne kontrakten ligg tett på dagens E16. 

Strekninga er utsett for skred, og det er naudsynt med omfattande skredsikring i forkant for å trygge anleggsområda. Det vil være behov for å stenge E16 periodevis mens dette sikringsarbeidet går føre seg. I tillegg må massane frå anleggstunnelene fraktast på dagens E16 frem til sjaktene er klare til bruk.

Entreprisen omfattar og etablering av midlertidige rundkøyringar på dagens E16 ved Dalehagen, gamle Fossen, Langhelleneset og Romslo. Rundkøyringane må på plass  for å sikre av- og påkøyring til dei anleggsområda. I tillegg skal dagens kryss på Trengereid verte bygd om, og det skal etablerast eit deponi for tunnelstein.

Kontraktsignering over sommaren og oppstart til hausten

Det er venta at kontrakten vert signert like over sommaren og at arbeidet startar til hausten. Arbeida skal ta kring to og eit halvt år. 

Anleggstunnelene må ferdigstilles før bygginga av de nye veg- og jernbanetunnelane startar opp i 2029.  Stein frå bygginga av veg- og jernbanetunnelane skal fraktast via desse anleggstunnelene til sjakter i fjellet, der steinen kjem ut rundt 25 meter under fjordoverflata og faller til rundt 300 meters djup i fjorden.

"Spagetti" i fjellet 

Dei tre anleggstunnelene på Romslo, Langhelleneset og Gamle Fossen vil krysse over eller under eksisterande jernbanetunnelar med få meter.  For å sikre at jernbana kan gå som normalt under bygging av anleggstunnelane starta Mesta nyleg opp arbeid med reinsk og bergsikring i tre av dagens jernbanetunnelar på strekninga.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Illustrasjonen viser prinsippet for anleggstunnelar og sjaktløysing for deponi av tunnelstein. Det er anleggstunnelar (markert i blått) og sjakter (gult) som mellom anna inngår i kontrakten. Illustrasjonen viser løysinga på Langhelleneset. Totalt skal det etablerast tre slike tunnelsystem - eit på Romslo, eit på Langhelle og eit ved Gamle Fossen.
Illustrasjonen viser prinsippet for anleggstunnelar og sjaktløysing for deponi av tunnelstein. Det er anleggstunnelar (markert i blått) og sjakter (gult) som mellom anna inngår i kontrakten. Illustrasjonen viser løysinga på Langhelleneset. Totalt skal det etablerast tre slike tunnelsystem - eit på Romslo, eit på Langhelle og eit ved Gamle Fossen.
Fellesprosjektet Arna-Stanghelle
Last ned bilde
Kart over traseen som viser anleggstunnelene som skal bygges. Anleggstunnelene må ferdigstilles før byggingen av de nye veg- og jernbanetunnelene starter opp i 2029. Størstedelen av tunnelene for ny E16 og jernbanen skal drives fra disse anleggstunnelene og steinen skal fraktes bort effektivt via sjaktene.
Kontakten omfatter bygging av tre anleggstunneler (markert i rødt) som skal brukes til å frakte tunnelstein. Anleggstunnelene må ferdigstilles før byggingen av de nye veg- og jernbanetunnelene starter opp i 2029. Størstedelen av tunnelene for ny E16 og jernbanen skal drives fra disse anleggstunnelene og steinen skal fraktes bort effektivt via sjaktene.
Fellesprosjektet Arna-Stanghelle
Last ned bilde
Kart som viser traseen som det skal bygges veg og bane på i Fellesprosjektet Arna-Stanghelle.
Kart som viser traseen som det skal bygges veg og bane på i Fellesprosjektet Arna-Stanghelle.
Fellesprosjektet Arna-Stanghelle
Last ned bilde
Illustrasjon av Fellesprosjektet Arna-Stanghelle
Illustrasjon av Fellesprosjektet Arna-Stanghelle
Fellesprosjektet Arna-Stanghelle
Last ned bilde

Lenker

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye