Universitetet i Bergen (UiB)

Nytt K.G.Jebsen senter i Bergen skal løyse genetiske gåter

Del

Kva kan genendringar som oppstår i mors mage føre til når barnet er blitt vaksen? Kan dei føre til kreft seinare i livet og er det mogleg å unngå det? Dette og mykje meir skal forskarar ved det kommande K.G.Jebsen-senteret for epimutasjonar i kreft finne ut av.

Colourbox

Stiftinga K.G.Jebsen støttar det nye senteret for medisinsk forsking i Bergen med 25 millioner kroner. Senteret vil bli etablert i juli 2026 og er finansiert i omlag fem år framover.

Senteret skal forske på genendringar som oppstår på tidlige fosterstadier, og korleis desse påverkar risiko for kreft i vaksenlivet. Senteret er basert på eit nylig gjennombrot; forskarane i Bergen har funne at nesten 10% av friske kvinner har nokre få celler i kroppen der det såkalla BRCA1 genet er feil-regulert og slått permanent av. Feilreguleringa oppstår trulig allereie i løpet av dei første vekene i fosterlivet.

Dei som har slike celler, har auka risiko for bryst- og eggstokkreft i vaksenlivet. Så mange som 20% av dei mest aggressive tilfellene av brystkreft ser ut til å ha oppstått på grunn av slike celler som er feilregulerte frå fosterlivet. Funnet har gitt ein heilt ny måte å sjå kreftrisiko og kreftutvikling på.

Senteret som no vert etablert har to hovudmål: Det eine målet er å finne ut kvifor og korleis slik feilregulering oppstår. Det andre er å finne ut om tilsvarande feil kan skje i andre gen, og dermed gje risiko for andre kreftformer. Noko av det første som skal undersøkast er eit gen som kan gi risiko for både tarm-og livmorkreft.

Forskingssenteret vert leia av professorane Stian Knappskog, Camilla Krakstad og Halfdan Sørbye, og utgår frå Klinisk institutt 2 ved Universitetet i Bergen, og Kreftklinikken og Kvinneklinikken ved Haukeland universitessjukehus.

– Gjennom dette nye K.G. Jebsen-senteret bidrar Knappskog og hans dyktige team til forskning som kan endre hvordan vi forstår, forebygger og behandler kreft. Dette er nettopp den typen banebrytende kunnskap stiftelsen ønsker å fremme, sier daglig leder i Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen Nicholas Nunn. 

Nøkkelord

Kontakter

Følg pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Bergen (UiB) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye