34 meldt til politiet for kulturmiljøkriminalitet i 2025
12.1.2026 07:00:00 CET | Riksantikvaren | Pressemelding
I 2025 leverte Riksantikvaren, fylkeskommunane og Sametinget til saman 34 meldingar til politiet knytt til kulturmiljøkriminalitet.

Talet på registrerte politimeldingar ligg noko høgare enn dei to siste åra. Det er likevel ingen dramatisk auke, av di talet har over tid lege på mellom 30 til 40 meldingar per år dei siste ti åra.
– Det er alvorleg å registrere at stadige ulovlege inngrep og graving fjernar historiske spor, seier Kaare Stang, seksjonsleiar hjå Riksantikvaren.
Heile 29 av 34 meldingar gjeld viktige arkeologiske enkeltobjekt, men også delar av større fysiske samanhengar som gravhaugar, gravfelt og anna.
– Fem melde tilfelle av hærverk på bergkunst frå stein- og bronsealder vekkjer bekymring, og er ein type skadeverk som diverre sest årleg, seier Stang.
– I fjor registrerte vi også to ulovlege inngrep i kyrkjer, og ei av disse var Rollag stavkyrkje. Dette gjaldt mindre alvorlege rissingar eller tagging i tjørelag i to av veggene til stavkyrkja, og rissinga i tjørelaget lèt seg fjerne. Men vi må alle ha respekt for den verdifulle kulturarven vår, slik at vi sikrar dei på ein god måte.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.
Tel:404 65 153Bilder

Andre språk
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
12 millioner til brannsikring av viktige trehus23.2.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
I 2026 deler ni fylker 12 millioner til brannsikring av våre verdifulle trehusområder.
12 millionar til brannsikring av viktige trehus23.2.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
I 2026 deler ni fylke 12 millionar til brannsikring av våre verdifulle trehusområde.
7 millioner til middelalderhus i fem fylker19.2.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Huseierne av den rike bygningsarven fra middelalderen får nå utbetalt 7 millioner i tilskudd.
7 millionar til mellomalderhus i fem fylke19.2.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Den rike bygningsarven frå mellomalderen får no utbetalt 7 millionar i tilskot.
90,9 millioner til norsk verdensarv17.2.2026 07:10:00 CET | Pressemelding
Riksantikvaren fordeler 90,9 millioner kroner til de norske verdensarvområdene og verdensarvsentrene i 2026.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom