Arbeidstilsynet

Dette bør du vite når du jobbar ute i kulda

Del

Kulda gjer arbeidskvardagen meir krevjande for mange som jobbar utandørs. Når det er kaldt over tid, må arbeidet organiserast slik at det kan utførast forsvarleg.

Bildet viser en mann som står på et snødekt tak på en byggeplass.
HELSE OG TRYGGLEIK: Kulde kan gi auka belastning på kroppen og bidra til farlege arbeidssituasjonar. FOTO: Arbeidstilsynet.

Som arbeidstakar har du rett til eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø, også når vêret set ekstra krav til jobben. Arbeidsgivar har ansvar for å vurdere forholda og sette inn nødvendige tiltak.

– Kulde kan påverke både helse, tryggleik og korleis arbeidet blir utført. Derfor er det viktig at arbeidsgivar tar situasjonen på alvor og legg til rette for at arbeidet kan gjerast på ein trygg måte, seier seksjonsleiar Gunn Robstad Andersen i Arbeidstilsynet.

Tiltak ved arbeid i kulde

For å sikre forsvarleg arbeid i kulde, kan arbeidsgivar vurdere mellom anna desse tiltaka:

  • varme og vindtette klede, eventuelt ekstra verneklede
  • tilgang til varmt pauserom eller andre oppvarma opphaldsrom
  • fleire eller lengre pausar for å halde varmen
  • tilpassing av arbeidsoppgåver og organisering av arbeidet
  • reduserte krav til tempo og yting når kulda påverkar arbeidsevna
  • tiltak for å førebygge feil og farlege situasjonar når arbeidsutstyr blir påverka av kulde
  • tiltak for å redusere risikoen for fall og skadar ved snø og is

LES MEIR: Temperatur – varme og kulde på jobben

Ingen faste temperaturgrenser

Arbeidsmiljølova har ingen faste temperaturgrenser for utearbeid. I staden er det ei heilskapleg vurdering som avgjer kva som er forsvarleg. Temperatur, vind og fukt må sjåast i samanheng med kva slags arbeid du utfører, kor lenge du er ute, og kva moglegheiter du har for pausar og oppvarming.

Arbeidsgivar har ansvar for å planlegge og legge til rette for arbeidet som skal gjerast, og må ta omsyn til forventa temperaturvariasjonar ved utandørs arbeid.

– I nokre verksemder er det inngått lokale avtalar om at arbeidet blir stansa ved svært låge temperaturar, til dømes under minus 20 grader. Dette er ikkje generelle krav i regelverket, men lokale ordningar basert på eigne risikovurderingar, seier Gunn Robstad Andersen.

Verneombodet skal sjå til at arbeidet blir utført på ein forsvarleg måte, og kan stanse arbeidet viss det er fare for liv eller helse.

Kulde påverkar kroppen

Å jobbe i kulde kan få konsekvensar for både helse og arbeidsevne over tid.

Når du frys, kan fingerferdigheita bli dårlegare, tempoet gå ned og presisjonen bli redusert. Nokre opplever muskelstivheit, og eksisterande muskel- og leddplager kan bli forsterka. Enkelte blir også meir mottakelege for infeksjonar ved langvarig kuldeeksponering.

– Dette understrekar behovet for førebyggande tiltak når arbeid må gjennomførast i kaldt vêr, seier Andersen.

Når vanlege klede ikkje er nok

Dersom vanleg varmt tøy ikkje gir tilstrekkeleg vern mot kulda, har arbeidsgivar ansvar for å stille nødvendig ekstra verneklede til disposisjon. Dette gjeld særleg når du må arbeide i trekkutsette område eller over lengre tid i låg temperatur.

Slike klede blir rekna som personleg verneutstyr og skal dekkast av arbeidsgivar.

Kan auke risikoen for skadar

Kulde kan òg skape utfordringar for arbeidsutstyr og tekniske installasjonar. Råvarer i siloar og tankar kan fryse eller klumpe seg, noko som kan føre til proppar i transportband og røyrsystem og stanse produksjonen. I tillegg kan kulde kan gi feil og stans i pneumatiske system som blir drivne av trykkluft.

Når feil må rettast raskt for å halde drifta i gang, kan det oppstå situasjonar med auka risiko for skadar.

I tillegg aukar faren for personskadar ved glatt føre med snø og is.

– Arbeidsgivar bør ta omsyn til desse forholda i risikovurderingane når arbeid skal gjennomførast ute vinterstid, seier Gunn Robstad Andersen.

Ta opp kuldeutfordringar på jobb

Dersom kulda på arbeidsplassen går ut over helse, tryggleik eller gjennomføringa av arbeidet, bør du ta det opp med næraste leiar, gjerne i samarbeid med verneombodet.

Dersom de ikkje finn gode løysingar, kan du òg kontakte Arbeidstilsynet for råd og rettleiing.

Les meir

Temperatur – varme og kulde på jobben

Risikovurdering

Arbeidsklær

Personlig verneutstyr (PVU)

Kontakter

Om Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet er en statlig etat, underlagt Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Etatens hovedoppgave er å føre tilsyn med at virksomhetene følger arbeidsmiljølovens krav.

Følg pressemeldinger fra Arbeidstilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Arbeidstilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Arbeidstilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye