Riksantikvaren

Deler ut 17,5 millionar for betre fartøy-kunnskap

Del

Riksantikvaren har fordelt tilskot for 2026 til fagutvikling i fartøyvernet og dei tre nasjonale fartøyvernsentrene.

Flyfoto av et skipsverft med en ferge ved kai, omgitt av vann, hus, båter og skogkledde øyer under en blå himmel.
Bredalsholmen verft i Kristiansand er ett av de tre nasjonale fartøyvernsentrene i Norge. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Tilskotet i statsbudsjettet for 2026 er på 17,5 millionar kroner. Det er 1,3 millionar mindre enn 2025-potten.

– Langs heile kysten finn me unike båttradisjonar som mange engasjerte fagfolka og frivillige jobbar hardt for å bevara. Med desse tilskota ønskjer me å støtta opp dette arbeidet, slik at me kan ta vare på kulturmiljøet til kysten for framtidige generasjonar, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen. 

Gir tilskot til 11 prosjekt 

Riksantikvaren fekk søknader om tilskot til fagutviklingsprosjekt frå åtte aktørar på til saman 11 millionar kroner. Det er også seks prosjekt som blir frå vidareført 2025. 

– Me har fått mange gode søknader, og ser at det er stor interesse og behov for desse tilskota. Det er veldig bra at fartøyvernmiljøet søkjer om tilskot for å auka kunnskapen, seier riksantikvar Hanna Geiran. 

– I år gir me tilskot til totalt 11 prosjekt, som mellom anna deler handverkskunnskap og byggjer bru mellom frivillige og det profesjonelle fartøyvernmiljøet, seier ho. 

– I tillegg prioriterer me prosjekt som sikrar kunnskap ved dokumentasjon, tilgjengeleggjering av arkivkjelder i privat eige og betre deling av kunnskap, seier Geiran. 

14,4 millionar til kjerneaktivitet 

Det blir mellom anna gitt tilskot til Norsk Veteranskibsklubb, til å gjennomføra eit kurs ved Bredalsholmen dokk og fartøyvernsenter for å overføra kunnskapen og kompetanse om drifta av dampmaskiner til nye medlemmer.   

Baatbyggermuseet på Vestnes får også eit tilskot for å gjennomføra eit praktisk retta seminar med søkjelys på dokumentasjon og handverk.  

Det blir også gitt tilskot til det siste året for prosjektet «Segl i naturfiber – eit levande handverk». I samarbeid med Hardanger fartøyvernsenter har det vorte haldne fagsamlingar, der vevarar og veveri har sett på ulike måtar å attskapa noko av kvaliteten på seglduken frå slutten av 1800-talet.

Det er sett av 14,4 millionar kroner som tilskot til kjerneaktiviteten i dei tre nasjonale fartøyvernsentrene – Bredalsholmen dokk og fartøyvernsenterHardanger fartøyvernsenter og Nordnorsk fartøyvernsenter. 

Kjerneaktivitetar er aktivitetar knytte til dokumentasjon, rådgiving, nødhamn og delelager.

Dette gjer at dei tre sentera kan fylla rolla som nasjonale kompetansesentera for alle som eig og forvaltar verna og freda fartøy.

– Dei tre nasjonale fartøyvernsentrene har eit stort ansvar som kompetansesenter for alle som eig og forvaltar verna og freda fartøy. For å sikra føreseielegheit er tilskota lagde på same nivå over ein treårsperiode, seier Geiran.

Tilskudd til fartøyvernsentrene:

Senter   2026-2028 
Nordnorsk fartøyvernsenter  3 300 000 
Hardanger Fartøyvernsenter  6 600 000 
Bredalsholmen dokk og fartøyvernsenter  4 500 000 
TOTAL   14 400 000 

Tilskudd til fagutviklingsprosjekter:

Bredalsholmen dokk og fartøyvernsenter  Tidfesting av verktøy, materialer og utstyr - utvidet undersøkelse  251 912 
Båtbyggermuseet  Seminar "Laust og fast om bord"  232 000 
Hardanger fartøyvernsenter  Ferdigstilling trearbeid på stålbåtar  326 800 
Hardanger fartøyvernsenter  Riggprosjektet  172 952 
Hardanger fartøyvernsenter  Setting og trykking av prosjektet "Mål og mening"  60 000 
Hardanger fartøyvernsenter  Dokumentasjon av halvmodeller i Hardanger og Sunnhordland  105 600 
Isegran fartøyvern  Faktaark om EL-anlegg i vernede fartøy  77 851 
Isegran fartøyvern  Sikring av arkivet etter Gravdal skipsbyggeri  71 302 
Nordnorsk fartøyvernsenter  Fargekatalog mannskaplugarer i små tradisjonelle fiskefartøy andre halvdel 20.århundre  309 416 
Nordnorsk fartøyvernsenter  Forprosjekt Elvebåter i Namsenvassdraget  454 820 
Norsk Veteranskibsklub  Seminar -Kunnskapsoverføring vedr. arbeid med dampmaskiner  144 000 

TOTALT 

  

   2 206 653 

Prosjekter som videreføres:

Bredalsholmen dokk og fartøyvernsenter   Nye arkivkilder   125 700 
Bredalsholmen dokk og fartøyvernsenter  Valsing av hudplater  279 400 
Hardanger fartøyvernsenter  Videreutdanning for håndverkere i fartøyvern  819 480 
Hardanger fartøyvernsenter  Losbåt-variasjoner  105 560 
Hardanger fartøyvernsenter  Skipsdata, innsamling og tilgjengeleggjering  199 722 
Tarpon AS  Seil i naturfiber  360 000 
TOTALT     1 889 862 

Nøkkelord

Kontakter

PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.

Tel:404 65 153

Bilder

Flyfoto av et skipsverft med en ferge ved kai, omgitt av vann, hus, båter og skogkledde øyer under en blå himmel.
Bredalsholmen verft i Kristiansand er ett av de tre nasjonale fartøyvernsentrene i Norge.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Last ned bilde
Riksantikvar Hanna Geiran
Riksantikvar Hanna Geiran
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren Fri bruk ved kreditering.
Last ned bilde

Om oss

Riksantikvaren er eit direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er rådgivaren til departementet i alle saker som gjeld kulturminne og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordna kulturminnestyresmakta og ansvarleg for å setja i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har eit fagleg ansvar overfor kommunane, fylkeskommunane, Sametinget, Sysselmeisteren på Svalbard og forvaltningsmusea på kulturminnefeltet.

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye