Zachariassen skal leie utgreiing
22.12.2025 14:09:46 CET | UiT Norges arktiske universitet | Pressemelding
På oppdrag frå regjeringa startar UiT no arbeidet med å greie ut korleis eit nasjonalt kompetansesenter om fornorskingspolitikk og urett kan vere organisert og kva oppgåver det kan ha. Førsteamanuensis Ketil Zachariassen skal leie arbeidet.

Etter at Stortinget vedtok statsbudsjettet for 2026, har UiT Noregs arktiske universitet no fått i oppdrag frå Kunnskapsdepartementet (PDF) å føreslå ein plan for eit nasjonalt kompetansesenter om fornorskingspolitikk og urett.
Oppdraget frå departementet er todelt: UiT skal for det første greie ut korleis eit nasjonalt kompetansesenter kan vere organisert. For det andre skal UiT føreslå oppgåver for senteret, innanfor kategoriane forsking, dokumentasjon, formidling og forsoningsarbeid.
– Dette er eit viktig og historisk oppdrag, og ei tillitserklæring for UiT. Som Noregs arktiske universitet har vi eit særleg ansvar for å bidra med kunnskap, dialog og langsiktig kompetansebygging i oppfølginga av Sannings- og forsoningskommisjonens arbeid, seier viserektor Jonas Stein.
Breitt samansett faggruppe
Førsteamanuensis Ketil Zachariassen, som har forska på urfolks- og minoritetsspørsmål og som sjølv var med i Sannings- og forsoningskommisjonen, skal leie utgreiingsarbeidet.
– Eg er svært glad for at vi har en så stor fagleg ressurs som Ketil Zachariassen på UiT og at han har takka ja til tilbodet frå rektor om å leie arbeidet, seier Stein.
Ketil Zachariassen får med seg ei breitt samansett faggruppe med kompetanse i historie, urfolk og nasjonale minoritetar, rettsvitskap, samfunnsvitskap og kulturforståing. I tillegg vil eit eige sekretariat støtte arbeidet fagleg og administrativt.
Tett dialog med samiske og nasjonale minoritetsmiljø
Zachariassen er glad for at regjeringa i statsbudsjettet og i oppdraget frå Kunnskapsdepartementet presiserer at UiT skal arbeide i tett dialog med samiske, kvenske/norskfinske og skogfinske miljø.
– Dialog og forankring er avgjerande for kvaliteten og legitimiteten i arbeidet som startar no. Forslaga skal utviklast saman med dei miljøa som senteret er ment å tene, seier Zachariassen.
Dermed vil mellom anna Sametinget, kvenske/norskfinske og skogfinske organisasjonar, samt ulike typar institusjonar som museum, språksenter og kulturinstitusjonar, bli involverte i arbeidet. UiT vil invitere ulike aktørar og interesserte til arbeids- og dialogmøte i Narvik i februar og Alta i juni.
Fleire viktige uttrykk for kultur og identitet
Oppdraget frå Kunnskapsdepartementet seier at arbeidet i hovudsak skal konsentrere seg om dei urfolk og nasjonale minoritetar som er omfatta av Sannings- og forsoningskommisjonens rapport, altså samar, kvenar/norskfinnar og skogfinnar.
Departementet seier også at eventuelle forslag om språktiltak skal konsentrerast om dei språka som Noreg har inngått internasjonale forpliktingar om, det vil seie nordsamisk, lulesamisk, sørsamisk og kvensk. Dette utelukkar likevel ikkje forslag om tiltak for dei andre samiske språka i Norge, som skolte- pite- og umesamisk.
– Dialogen med dei skogfinske miljøa minner oss også om at språk er eitt av fleire viktige uttrykk for kultur og identitet som blei ramma av fornorskinga. Revitalisering og forsoning kan også handle om andre kulturuttrykk, som bygnings- og handverkstradisjonar. Det skal vi også ta med oss, seier Zachariassen.
Departementet ber UIT også vurdere om og på kva måte andre nasjonale minoritetar på lengre sikt kan inkluderast i senteret sitt arbeid.
Økonomiske rammer og tidshorisont
UiT har fått sju millionar kroner til arbeidet, som skal vere ferdig innan 15. november 2026. Resultatet blir eit kunnskapsgrunnlag når regjeringa jobbar vidare med forslaget frå Sannings- og forsoningskommisjonen om eit nasjonalt kompetansesenter om fornorskingspolitikk og urett.
Desse skal vere i faggruppa
Dette er faggruppa som skal greie ut organiseringa av ei nasjonalt kompetansesenter om fornorskingspolitikk og urett og føreslå kva oppgåver det kan ha:
- Førsteamanuensis Ketil Zachariassen, leiar
- Førsteamanuensis Aila Bieret Henriksen Selfors
- Førsteamanuensis Carola Kleemann
- Førsteamanuensis Cato Christensen
- Professor Eva Josefsen
- Direktør Johanne Raade
- Professor Ketil Lennert Hansen
- Direktør Lena Aarekol
- Professor Lene Antonsen
- Professor Torjer Olsen
Nøkkelord
Kontakter
Ketil ZachariassenFørsteamanuensis i historieUiT Norges arktiske universitet
Tel:414 22 530ketil.zachariassen@uit.noJonas SteinViserektor for formidlingUiT Norges arktiske universitet
Tel:+47 480 64583jonas.stein@uit.noBilder


Dokumenter
UiT Norges arktiske universitet
UiT Norges arktiske universitet er et breddeuniversitet med elleve studiesteder over hele Nord-Norge. Vi har mer enn 4000 ansatte og over 16 000 studenter. Vår visjon er å skape et nasjonalt og internasjonalt kraftsenter for kompetanse, vekst og nyskaping i nordområdene.
Følg pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiT Norges arktiske universitet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet
UiT-prisene 2025: Dette er vinnerne!27.3.2026 10:27:54 CET | Pressemelding
Seks priser ble delt ut under Årsfest-seremonien ved UiT Norges arktiske universitet. Alle vinnerne har utmerket seg med ekstraordinær innsats og engasjement.
– Etter i dag kan jeg tenke meg å bli lærer25.3.2026 13:46:58 CET | Aktuelt
Det sier videregående-elev Elvina. Hun var med på inspirasjonsdag for lærerutdanninga sammen med ordførere og vg 2-elever fra 12 kommuner i Troms.
UiT gir studiepoeng for militær befalsutdanning24.3.2026 09:55:07 CET | Pressemelding
UiT Norges arktiske universitet åpner nå for at utvalgte militære lederutdanninger kan gi uttelling i form av studiepoeng i bachelorutdanninger.
Tid for Årsfest ved UiT19.3.2026 10:47:22 CET | Pressemelding
Siste uka i mars står i feiringens tegn ved UiT Norges arktiske universitet. Det blir blant annet doktorpromosjon, prisutdelinger og hyllest av nye akademiske stjerner.
UiT-konferanse: Når havet blir sikkerhetspolitikk18.3.2026 11:29:08 CET | Pressemelding
UiT Norges arktiske universitet samler forskere, myndigheter og næringsliv til havkonferansen Blått Kompass i Tromsø.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom