Arkivverket

Arkivverket blir Nasjonalarkivet

Del

1. januar 2026 skiftar Arkivverket namn til Nasjonalarkivet. Namneendringa følgjer av ny arkivlov.

Nasjonalarkivet skilt Sognsvann, Oslo
Nasjonalarkivet skilt Sognsvann, Oslo Alexander Brunborg/Arkivverket

– Namnet Nasjonalarkivet fortel tydelegare kven me er, og kva me gjer. Me er den sentrale institusjonen for arkiv i Noreg. Me skal sikra at styresmaktene dokumenterer prosessane og avgjerdene sine, slik at innbyggjarane kan få kunnskap om desse. Det er viktig for folks rettstryggleik. I tillegg bevarer me offentlege, og viktige private arkiv på lang sikt, for framtida. I dette perspektivet er innhaldet i arkiva ein viktig del av Noregs kulturarv, seier Inga Bolstad.    

I to veker til er ho riksarkivar før både tittelen hennar og institusjonen ho leier blir nye: nasjonalarkivar og Nasjonalarkivet.  

Namneendringa er vedteken av Stortinget gjennom den nye arkivlova, som trer i kraft 1. januar 2026. 

Tydelegare rolle 

Bakgrunnen for namnebytet er at den tidlegare namnestrukturen har vore utydeleg for mange. Omgrepa Arkivverket, Riksarkivet, riksarkivaren og statsarkiva har vorte brukte om kvarandre, og det har ofte vore uklart for publikum kven som har ansvar for kva. 

– Me har over tid opplevd at mange ikkje har forstått at Arkivverket er éin samla nasjonal etat, med ansvar for arkiv og dokumentasjon i heile landet. Med namnet Nasjonalarkivet blir dette langt tydelegare, seier Bolstad. 

Namnet Nasjonalarkivet vart tilrådd allereie i 2019 av Arkivlovutvalet, som peika på behovet for eit namn som betre synar rolla og samfunnsoppdraget for verksemda. 

Éin nasjonal etat uansett stad 

Med namneskiftet blir det tydelegare at Nasjonalarkivet er éi samla verksemd, uavhengig av kvar i landet tilsette og brukarar er. 

– Me jobbar i dag digitalt, stadsuavhengig og heilskapleg. Tenestene våre er tilgjengelege for heile befolkninga, uansett bustad. Namnet Nasjonalarkivet speglar dette, seier Bolstad. 

Nøktern gjennomføring 

Namneendringa blir gradvis gjennomførte og utan unødige kostnader. Eksisterande materiell blir bruke om att der det er mogleg, og oppdateringar av skilt, dokumentmålar og digitale flater skjer innanfor ordinær drift. 

– Dette er ikkje ei kostbar omprofilering, men ei naudsynt og ryddig tilpassing som følgjer av ny lov. Me er opptekne av å gjera dette på ein så effektiv og rimeleg måte som mogleg, seier Bolstad. 

Om Nasjonalarkivet 

Nasjonalarkivet er arkivstyresmakta i staten og har ansvar for å bevara, tilgjengeleggjera og føra tilsyn med arkiv og dokumentasjon i Noreg. Etaten forvaltar arkiv av stor tyding for rettstryggleik, demokrati, forvaltning og det kollektive minnet i samfunnet. 

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Nasjonalarkivet nytt skilt  høyde
Nasjonalarkivet nytt skilt høyde
Alexander Brunborg/Arkivverket
Last ned bilde
Arkivverket skilt
Arkivverket skilt
Alexander Brunborg/Arkivverket
Last ned bilde
Nasjonalarkivet skilt bredde
Nasjonalarkivet skilt bredde
Alexander Brunborg/Arkivverket
Last ned bilde
Nasjonalarkivet høyde avstand
Nasjonalarkivet høyde avstand
Alexander Brunborg/Arkivverket
Last ned bilde

Arkivverkets samfunnsoppdrag er å bidra til effektiv dokumentasjonsforvaltning og å sikre, bevare og tilgjengeliggjøre et bredt og allsidig utvalg av samfunnets arkiver. Som øverste arkivmyndighet har Arkivverket ansvar for faglige standarder og retningslinjer, tilsyn og veiledning med offentlig arkivarbeid. Arkivverket skal iverksette overordnet nasjonal politikk på arkivfeltet, og bidra til utvikling og styrking av arkivsektoren. Som bevaringsinstitusjon har Arkivverket ansvar for langtidslagring, tilgjengeliggjøring og formidling av statlige arkiver og prioriterte private arkiv.

Følg pressemeldinger fra Arkivverket

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Arkivverket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Arkivverket

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye