Tel reinsdyr med dronar og kunstig intelligens
17.12.2025 10:02:53 CET | Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO | Pressemelding
Dronar er allereie eit viktig hjelpemiddel i den moderne reindrifta. No testar forskarane korleis dronar og kunstig intelligens kan forenkle arbeidet med reinteljing.

av Morten Günther
På oppdrag frå Landbruksdirektoratet har forskarar frå NIBIO, NORCE og Biodrone samarbeidd tett med reindriftsnæringa for å teste korleis bruk av dronar og kunstig intelligens kan bidra til å gjere framtidas reinteljingar enklare, raskare og meir presise – både for styresmaktene og for reineigarane.
Reineigarane bruker dronar allereie
– Reindriftsnæringa var tidleg ute med å ta i bruk droneteknologien, fortel forskar Gabriela Wagner ved NIBIO Tromsø.
Dagens dronar er små, enkle og lette å ta med seg, til dømes i ein ryggsekk eller på ein snøskuter. Ved hjelp av dronar kan reineigarane få oversikt over spreidde flokkar, og til og med flytte dyr. Dronar kan òg brukast til å sjekke gjerde og beitehagar, og til å finne kadaver eller dyr som har kome bort i ulendt terreng.
– Bruk av dronar kan redusere bruken av helikopter, snøskuter eller ATV, noko som òg gir ein positiv gevinst for dyrevelferd, klima og miljø. I tillegg kan ein spare svært mykje tid og pengar, forklarer Wagner.
Stor variasjon gjer det vanskelegare å trene KI
Gabriela Wagner er leiar for droneprosjektet ARC – Aerial Reindeer Count.
– Det siste året har vi samla inn dronebilete og video av rein i ulike terreng og årstider. Dette materialet er brukt til å trene ein KI-modell som kan kjenne att og telje reinsdyr automatisk, fortel NIBIO-forskaren.
Forskarane har testa ulike flyhøgder og kameravinklar i ulike sesongar. Å kjenne att reinsdyr er ikkje alltid så enkelt som ein kanskje skulle tru.
Reinen endrar sjølv utsjånad gjennom året. Dei kan ha sommarpels eller vinterpels, nokre har gevir, og dei kan kome i mange ulike fargar og mønster. I motsetnad til kvite sauer på sommarbeite ser reinsdyr ganske ulike ut. Det same gjeld terrenget der reinen ferdast. Bakgrunnen kan vere grøn, brun, grå eller kvit – avhengig av naturtype og årstid.
– Vi har prøvd å fange opp så mykje som mogleg av denne variasjonen, forklarer Wagner.
Jobbar med å gjere modellen betre
KI-modellen er enno ikkje trena til å identifisere rein i tett vegetasjon, men på snø og i open vegetasjon fungerer teknologien svært godt. Her kjenner modellen att om lag 90 prosent av all rein. Det kan likevel vere utfordrande å skilje kvit rein frå snø. Omvendt kan store steinar på sommarføre bli talde som rein.
Forskarane arbeider framleis med å gjere modellen betre. Jo meir data dei har som faktisk let seg verifisere, desto meir treffsikker blir modellen. Det er lagt stor vekt på kvalitetssikring, og bileta er nøye merkte av menneske for å lære KI-modellen kva han skal sjå etter.
– Som kontroll har vi late erfarne menneske identifisere rein på dronebilete. Treffsikkerheita deira har vore over 99 prosent, men ulempa er at dette arbeidet er svært tidkrevjande.
Brukarmanual for dronepilotane
Som ein del av prosjektet har forskarane òg utvikla ein brukarmanual for dronepilotar. Han gir råd om korleis ein bør fly for å få best mogleg bilete til teljing.
Det viser seg at modellen fungerer best når dronen flyg mellom 40 og 120 meter over bakken, og har ein kameravinkel på mellom 45 og 90 gradar. På snødekt mark har modellen oppnådd over 90 prosent nøyaktigheit.
Kva skjer framover?
Prosjektet går no inn i ein ny fase der forskarane skal vidareutvikle teknologien. Målet er at systemet skal bli endå meir presist og meir brukartilpassa.
Forskarane ønskjer å gjere teknologien tilgjengeleg for reineigarane. Det inneber at KI-modellen må plasserast på ei offentleg tilgjengeleg plattform. Denne skal utviklast og testast i løpet av 2026.
– Planen er at reineigarane sjølve skal kunne laste opp bilete eller video av sin eigen flokk, og at KI-modellen bruker materialet til å telje talet på rein. Metoden vil etter kvart òg kunne nyttast ved offentlege reinteljingar, noko som vil vere svært tids- og kostnadsbesparande, fortel Wagner.
Termiske dronar kan telje rein i mørketida
– Vi arbeider allereie med ein ny KI-modell for gjenkjenning og teljing av reinsdyr ved hjelp av termiske dronar, fortel NIBIO-forskaren.
Termisk teljing fungerer langt frå heile året, men metoden kan vere aktuell for reineigarane om vinteren, når bakken er frosen og det er vanskeleg å finne dyra i mørket.
Teknologien har kome for å bli
ARC-prosjektet har alt vist at det er mogleg å bruke dronar og kunstig intelligens til å telje rein.
– Vi trur dette kan bli eit nyttig verktøy, både for offentleg forvalting og ikkje minst for reindrifta sjølv. På sikt trur vi teknologien kan vidareutviklast til bruk òg i andre samanhengar, til dømes for å overvake villrein på Hardangervidda eller Svalbard, eller andre ville dyr i norsk natur, avsluttar Wagner.
Nøkkelord
Kontakter
Gabriela WagnerNIBIO / Divisjon for skog og utmark
Tel:(+47) 950 06 940gabriela.wagner@nibio.noBilder





Lenker
Følg pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Ja takk – begge deler: Slik kan skogen gagne både klima og natur7.5.2026 11:58:18 CEST | Pressemelding
En ny rapport viser at det ikke trenger å være et valg mellom klima og natur. Med mer nyanserte tiltak kan skogen bidra til begge deler.
Ujevn overvintring for høsthvete – store regionale forskjeller5.5.2026 13:14:21 CEST | Pressemelding
Høsthvete kan gi høyere avling og andre kvaliteter enn vårhvete, men årets vinter har gitt store utslag i overvintringen. I noen områder har kornplantene klart seg godt, mens andre steder må bønder så på nytt.
Bladlus trugar salatavlingar – ei varsellampe for norsk beredskap4.5.2026 10:23:29 CEST | Pressemelding
Skadegjerarar truer norske avlingar, samtidig som viktige plantevernmiddel har forsvunne frå marknaden. Bønder manglar effektive alternativ. Det kan gi store avlingstap og svekke norsk matberedskap. Ein ny rapport frå NIBIO åtvarar om at løysingane kjem for seint.
Lønnsomhetsutfordringer og suksessfaktorer i økologisk landbruk30.4.2026 11:36:30 CEST | Pressemelding
En ny NIBIO-rapport viser at lønnsomheten i økologisk landbruk i Norge varierer betydelig mellom ulike produksjoner. Mens enkelte produsenter oppnår gode resultater, preges sektoren som helhet av usikkerhet knyttet til marked, regelverk og rammevilkår.
150 år med tørråteforsking – sjukdommen er framleis ei utfordring29.4.2026 15:05:06 CEST | Pressemelding
Potettørråte er ein av dei mest øydeleggjande plantesjukdomane i verda. I år er det 150 år sidan Anton de Bary knytte sjukdomen til organismen Phytophthora infestans. Samtidig gir ny forsking håp om betre forståing og meir effektive tiltak.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom