– Engelsklærarar tek eit stort ansvar for leseopplæringa

Del

Engelsklærarar tek like stort ansvar for litteraturundervisinga som norsklærarar, viser ny klasseromforsking frå Universitetet i Oslo. I begge fag les elevane lengre tekstar no enn for ti år sidan.

Austen-bok
LES LENGRE TEKSTAR: Både i engelsk- og norskfaget les elevar romanar framfor eit mangfald av tekstutdrag som var vanlegare for ti år sidan. Trenden skaut fart rundt 2020. Foto: Shane Colvin/UiO

– Engelsklærarar i ungdomskulen arbeider med litterære tekstar i nesten halvparten av timane, fortel litteraturforskar Katherina Dodou i EDUCATE-prosjektet ved Universitetet i Oslo.

– Nett som i norskfaget, seier ho.

Saman med prosjektleiar Lisbeth M. Brevik, har Dodou studert norske ungdomskuleklasserom i ein tiårsperiode.

Dei har sett på skjønnlitteraturundervising i engelskfaget åleine og i engelskfaget samanlikna med norskfaget. 

– Når me snakkar om litteratur, lesing og litteraturformidling, tenkjer me ofte på morsmålopplæring, men i forskinga vår ser me mykje litteraturlesing og arbeid med litteratur i engelskfaget også, seier Dodou.

– Me kan heilt klart seie at engelsklærarane tek eit stort ansvar for leseopplæringa, seier Brevik.

Litteratur for litteraturen si skuld

Forskaren legg til at engelsklærarane også ser ut til å undervise i litteratur for litteraturen si skuld.

– Det er ein diskusjon i forskingsfeltet om skjønnlitteratur blir brukt for å oppnå andre ting: å undervise om tema som abort, diskriminering og rasisme, til dømes, eller det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring, seier ho.

– Noko den også gjer.

Men Brevik har eit klart inntrykk av at lærarane dei har studert arbeider med skjønnlitteratur fordi den har ein eigenverdi.

– Me ser at elevane får tid til å sitje stille og fordjupe seg, at dei får erfare lesing som eit frirom. Slik får elevane kjenne på at litteratur også kan bety å setje ned tempoet, å berre vere i noko, utan å nødvendigvis skulle forstå eller lære noko spesifikt, sier Brevik. 

Kreativ undervising

Litteraturundervisinga ho og Dodou har studert er også aktiv og svært ofte kreativ. 

Døme på kreative måtar lærarar behandlar litteratur på, kan vere at dei inviterer elevane inn i rollespel basert på historia. Eller at dei lar elevane få skrive fan fiction; altså skrive vidare på forteljinga eller skrive brev til ein av karakterane.

Andre gonger gjer kanskje elevane teksten om til ein film, ei teikneseriestripe eller ein animasjon. Variasjonen er stor.

– Det blir jobba med digitale verktøy, med penn og papir, med høgt- og stillelesing, seier Dodou.

Variasjonen er stor. Og jo nærare i notida me kjem, desto meir les elevane lange, heile tekstar som romanar framfor tekstutdrag – ein trend som starta i 2020, ifølgje forskinga.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Forskarane Lisbeth M. Brevik (t.v.) og Katherina Dodou har sett på korleis engelsk- og norsklærarar underviser i litteratur. I begge fag brukar lærarane om lag halvparten av tida på skjønnlitterære tekster. – Når klassar les romanar, så les dei fysiske bøker, seier dei to. Foto: Shane Colvin/UiO

Last ned bilde
Frå Jane Austen-utstillinga på Universitetsbiblioteket. Foto: Shane Colvin/UiO

Professor Lisbeth M. Brevik. Foto: Shane Colvin/UiO
Professor Lisbeth M. Brevik. Foto: Shane Colvin/UiO
Last ned bilde
Litteraturforskar Katherina Dodou. Foto: Shane Colvin/UiO
Litteraturforskar Katherina Dodou. Foto: Shane Colvin/UiO
Last ned bilde

Lenker

Det utdanningsvitenskapelige fakultet ved Universitetet i Oslo er landets ledende utdannings- og forskningsmiljø i tverrfaglig utdanningsvitenskap.

Følg pressemeldinger fra UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye