Tar i bruk rundkøyring på E39 i Veibustkrysset onsdag morgon
16.12.2025 14:13:23 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
Anleggsarbeida i E39 Veibustkrysset i Sula er kome godt i gang, og natt til onsdag vil trafikken blir ført over på ei midlertidig rundkøyring.

- Arbeidet har så langt gått etter planen. Vår entreprenøren, Busengdal AS, har plassert mykje kortreist stein frå Kongshaugstranda kloakkrenseanlegg, for å bygge omkøyringsveg langs E39. Dette kjem til nytte i neste fase til våren, seier byggeleiar Ingar Walbø i Statens vegvesen.
Trafikken gjennom Veibustkrysset på E39 inn mot Ålesund frå sør vil gå som skissa over viser fram til månadsskiftet april/mai. Då vil det bli ei ny endring i køyremønsteret.
Hovudentreprisen i Veibustkrysset starta opp i byrjinga av november, og med ein mild desember såg entreprenøren ein moglegheit til å etablere rundkøyringa allereie no før jul.
- Det er mykje anleggstrafikk i området no, og ein rundkøyring vil betre trafikktryggleiken i anleggsfasen for alle trafikantar, seier Walbø.
På nyåret skal entreprenøren starte med å sprenge ut fjell sør for E39, for å gjere plass til nye av- og påkøyringsramper på E39 og bygge opp ny omkøyringsveg på sørsida av eksisterande veg.
-Vi oppfordrer folk til å vere merksam på endra køyremønster og sette ned farten, minner Walbø om.
Kontakter
Ingar WalbøByggeleiar, Statens vegvesen
Tel:90862157ingar.walbo@vegvesen.noBilder




Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Dette gjer Statens vegvesen for å unngå trafikkork på og ved Hardangerbrua9.6.2026 13:38:04 CEST | Pressemelding
Riksveg 13 Bu-Kyrkjenes i Hardanger, frå Hardangerbrua og sørvestover, er ein flaskehals kvar sommar.
Arbeid på Vestnes ferjekai9.6.2026 10:39:09 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen skal bytte kjørebrua på Vestnes ferjekai.
Legg om trafikken på E39 sør for Vegsundbrua8.6.2026 14:27:40 CEST | Pressemelding
Køyremønsteret på E39 blir lagt om i Veibustkrysset natt til tysdag. No skal trafikken gå på den midlertidige omkøyringsvegen på sørsida av brua.
Sommerstopp i Nappstraumtunnelen8.6.2026 14:21:23 CEST | Pressemelding
Det blir fri ferdsel på dagtid fra og med 15. juni, men fortsatt nattestengt tunnel i to uker til. Nappstraumtunnelen er fortsatt stengt for de som sykler og går.
Arbeid på Kanestraum ferjekai8.6.2026 12:32:25 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen gjør nødvendig vedlikehold på Kanestraum ferjekai A.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom