Eit godt år for jordbruket i 2024, jordbruksinntekt
9.12.2025 09:00:00 CET | Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO | Pressemelding
Det har vore store svingingar i jordbruksinntekta dei siste åra. Etter eit svært godt resultat i 2022, vart 2023 påverka av uver og sterk prisoppgang på viktige innsatsfaktorar. I 2024 vart det igjen eit godt kornår, og både mjølkekvote og mjølkepris auka. I gjennomsnitt vart jordbruksinntekta kr 500 300 per årsverk for bruka i driftsgranskingane. Det var ein auke på 37 prosent frå 2023, men likevel ikkje heilt på nivå med toppåret 2022. Det var bøndene på flatbygdene på Austlandet som fekk høgast jordbruksinntekt i 2024 med kr 583 600 per årsverk.

Det viser dei årlege driftsgranskingane utført av NIBIO. Driftsgranskingane i jord- og skogbruk er ei rekneskapsgransking som viser resultat og økonomisk utvikling på norske gardsbruk, og er ein del av den offisielle statistikken i Noreg. For 2024 omfattar granskinga tal frå 932 gardsbruk. Desse er valde ut slik at dei representerer ulike landsdelar, storleiksgrupper og driftsformer.
Produksjonsinntektene auka med om lag 15 prosent. Inntektene frå kornproduksjon auka med heile 38 prosent og vart nesten på nivå med det svært gode kornåret i 2022. Husdyrinntektene, som utgjorde halvparten av produksjonsinntektene, auka med 9 prosent. Inntektene frå mjølk, egg og fjørfeslakt auka, medan inntektene frå dei andre husdyra gjekk ned. Tilskota har auka mykje dei siste åra, og også i 2024 viser resultata auke i tilskot. Det var auke både i produksjonstilskot og i pristilskot. I gjennomsnitt utgjorde tilskota 34 prosent av produksjonsinntektene.
Kostnadene auka i gjennomsnitt med 8 prosent. Dei variable kostnadene auka med 3 prosent i gjennomsnitt, men med stor variasjon mellom ulike kostnadspostar. Kostnadene til kraftfôr som utgjer den største posten av dei variable kostnadene, auka med 4 prosent, medan handelsgjødsel gjekk ned med 14 prosent.
Av dei faste kostnadene var det kostnader til avløysing og anna leigd arbeid som auka mest i kroneverdi, med kr 27 300, tilsvarande 15 prosent auke frå året før. Kostnadene til vedlikehald av maskinar og reiskap auka i gjennomsnitt med 21 prosent og maskinleige og leasing auka med 16 prosent frå 2023. Kostnadene til elektrisk kraft auka med 8 prosent, og kostnadene til drivstoff auka med 4 prosent. I gjennomsnitt gjekk dei faste kostnadene før avskrivingar opp med 14 prosent medan avskrivingane auka med 9 prosent.
Arealet per bruk var i gjennomsnitt 438 dekar, 11 dekar meir enn i 2023. Arbeidsinnsatsen auka med 0,1 årsverk til 1,7 årsverk, etter å ha vore på 1,6 årsverk ei årrekke. Avløysar eller anna betalt hjelp utgjorde 0,4 årsverk.
Nøkkelord
Kontakter
Heidi KnutsenNIBIO
Tel:472 77 017heidi.knutsen@nibio.noHåvard Rønningen GraarudNIBIO/Landbruksøkonomisk analyse
Tel:412 84 067havard.graarud@nibio.noBilder




Dokumenter
Lenker
Følg pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Skjulte blindpassasjerar kan true norsk natur23.10.2026 13:20:55 CEST | Pressemelding
Skadelege mikroorganismar har kome til Noreg med importerte planter og teke livet av tre i grøntanlegg og naturområde. No peikar nye risikovurderingar på fleire framande artar som kan etablere seg her. Men kva veit vi eigentleg om skadane dei kan føre til?
Slik får du mest varme ut av veden22.10.2026 10:05:55 CEST | Pressemelding
NIBIOs vedekspert forklarer hvordan treslag, vedens vekt og hvordan den lagres har betydning for hvor mye energi du får ut av vedovnen.
Teknologi kan gjere jordarbeidinga meir presis21.10.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Ny teknologi kan hjelpe bønder med å tilpasse jordarbeidinga til behova på ulike delar av jordet. Under årets teknologidag på NIBIO Apelsvoll fekk rundt 250 deltakarar sjå korleis dette kan gjennomførast i praksis.
Økonomi og klima utfordrer fjellgårder med stølsdrift20.10.2026 14:18:21 CEST | Pressemelding
En ny NIBIO-studie viser at økonomi og klimaendringer gjør fjellgårder med stølsdrift sårbare. Offentlige tilskudd er avgjørende for mange av gårdsbrukene, mens erfaringene fra tørkesommeren i 2018 viser konsekvensene av ekstremvær.
Lønnsomhet, teknologi og rekruttering: Dette diskuteres på Arktisk landbruksseminar 202616.10.2026 15:40:57 CEST | Pressemelding
Hvordan sikrer vi matproduksjon, verdiskaping og bosetting i Nord-Norge? Dette er blant spørsmålene som står på agendaen når Arktisk landbruksseminar arrangeres i Tromsø 21. og 22. oktober.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom