«Skyssen» vinn landbrukspris!
Oldedalen Skyss AS kåra til fylkesvinnar av Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2025 i Vestland.

Bedrifta kjend som «Skyssen» er kåra til årets fylkesvinnar av Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2025 for Vestland. Verksemda har gjennom over 100 år kombinert tradisjon og nytenking, og er eit førebilete på korleis landbruk og reiseliv kan gå hand i hand for å skape lokal verdiskaping, berekraft og samfunnsansvar.
I meir enn hundre år hadde bøndene i Oldedalen frakta turistar med hest og kjerre inn til vakre Briksdalsbreen. I 2004 valde ein å leggje ned dette tilbodet, og i staden tilby turen til breen med spesielle “Trollbilar”. Trollbilane er lette å kjenne igjen. Dei grøne og karakteristiske bilane går på biofuel.
Turen går frå haldeplassen like ved souvenirbutikken i Briksdal - og vegen slyngjer seg i vakker natur opp langs fossar og stryk i Briksdalen. Frå endestasjonen på Kleivane og inn til vatnet ved Briksdalsbreen er det ca. 500 meter å gå. Stien er brei og fin og her vandrer du gjennom urørt natur i Jostedalsbreen Nasjonalpark.
– Det er både overraskande og kjekt at Oldedalen Skysslag er kåra til regional vinnar av BU-prisen 2025. At juryen har valt oss i konkurranse mot nyskapande og oppfinnsame verksemder i Vestland, må vi sjå på som at vi har fått ein ærespris. For det vi held på med er meir fornyande enn nytt. I over hundre år har vi klart å halde saman i den bygda som vi bur i, og samtidig foredla produktet vårt i den ressursen som er kring oss – nemleg brelandskapet og naturen, seier dagleg leiar Rogeir Haugen.
Han legg til at dei er stolte av heile bygda si.
– Vi er stolte av at bygda Oldedalen bokstavleg talt er eit viktig hjul i reiselivet i indre Nordfjord. Vi er stolte over at vi har fornya produktet vårt i takt med utviklinga, og at vi tener pengar som kjem både naturen og folk som bur her, til gode. Og at vi no blir sett. Tusen takk!
Konstituert regiondirektør for Innovasjon Noreg i Vestland, Siv M. Skorpen, er imponert over kva gjengen frå Oldedalen har fått til:
– Oldedalen Skyss AS er eit strålande døme på korleis langsiktig verdiskaping kan byggjast stein på stein, gjennom generasjonar med innsats og pågangsmot. Engasjementet dei har vist for å gjere naturen tilgjengeleg for både lokale og tilreisande, har skapt positive ringverknader langt utover bygda. I dag er dei ei drivkraft i lokalsamfunnet, og bidreg til økonomisk tryggleik og levande bygdeliv. Dette fortener stor anerkjenning.
Frå dugnad til moderne reiselivssuksess
Oldedalen Skysslag vart etablert i 1924, men røtene går heilt tilbake til slutten av 1800-talet då gardbrukarane i Oldedalen byrja å frakte turistar til Briksdalsbreen. Sidan 1920-åra har skysslaget vore ein sentral aktør i reiselivet i Oldedalen, med hovudoppgåva å tilby trygg og effektiv skyss for turistar først frå Rustøy til Briksdal, og så seinare frå Briksdal til Briksdalsbreen. I dag er Oldedalen Skyss AS det siste aktive laget av sitt slag i Noreg, og transporterer årleg titusenvis av turistar med dei karakteristiske «Trollbilane» opp til Briksdalsbreen. I 2024 hadde verksemda ei omsetning på over 17 millionar kroner, og 70 000 personar nytta skyss-tilbodet.
Skysslaget har vore avgjerande for å halde oppe eit livskraftig bygdesamfunn i Oldedalen. Sidan 1931 har over 270 millionar kroner blitt utbetalt til gardane i dalen, noko som har gjort det økonomisk trygt for nye generasjonar å bli buande og overta gardane. Verksemda gir sesongarbeid til ungdom, og har positive ringverknader for reiseliv, handel og hotellnæring i Indre Nordfjord.
Miljø og innovasjon
Oldedalen Skyss AS har vist stor evne til omstilling og innovasjon. Etter fleire ulykker med hest og kjerre vart det i 2004 innført motoriserte «Trollbilar» som går på biofuel. Verksemda er Miljøfyrtårn-sertifisert og har sett i verk fleire tiltak for å redusere miljøpåverknaden, som kjeldesortering, energisparing og tilrettelegging for elbilar.
Juryen peikar på at Oldedalen Skyss AS er eit inspirerande eksempel på korleis landbruk og reiseliv kan vere grunnlaget for lokal verdiskaping, berekraft og samfunnsansvar. Selskapet har vist stor omstillingsevne i over 100 år, og lagt eit solid grunnlag for framtidige generasjonar.
Prisen vart delt ut under fylkestinget i Bergen ved Vestland fylkeskommune 10. desember 2025.
Om BU-prisen
Innovasjon Norge deler kvart år ut prisen Bedriftsutviklingsprisen (BU-prisen) i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. BU-prisen er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i ressursane i landbruket eller i bygda.
Kandidatane vert vurdert etter kriteria berekraft og innovasjon/nyskaping i landbruket.
Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner og dei fylkesvise vinnarane deltek så i den nasjonale konkurransen om 250 000 kroner.
Nøkkelord
Kontakter
Herman RingstadKommunikasjonsrådgiver
Tel:480 40 535herman.ringstad@innovasjonnorge.noBilder

Innovasjon Noreg bidrar til berekraftig vekst og eksport for norsk næringsliv gjennom kompetanse, kapital og nettverk. Innovasjon Noreg kan hjelpe norske verksemder med å tre inn i ein ny marknad for første gong eller for å utvide ei internasjonal satsing.
Følg pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Innovasjon Norge får ansvar for næringslivsbesøk til Norge26.11.2025 11:13:58 CET | Pressemelding
Innovasjon Norge har fått ansvaret for innkommende næringslivsdelegasjoner til Norge, og lager et system der utenlandske miljøer kan søke om hjelp til besøk til Norge. Målet er å bidra til økt eksport, investeringer og verdiskapende samarbeid mellom norske og utenlandske aktører.
Innovasjon Norge fordeler 19 millioner til innovasjonsmiljøer25.11.2025 08:00:00 CET | Pressemelding
I alt får 13 ulike miljøer opp mot tre millioner kroner i tilskudd fra Innovasjon Norge til å utvikle og levere innovasjonstjenester til oppstartsbedrifter. Målet er å styrke miljøene og aktørene som bidrar til å utvikle entreprenørskap og innovasjon i Norge.
Ingar Valvik ny regiondirektør Innovasjon Noreg Vestland21.11.2025 09:00:00 CET | Pressemelding
Av over 70 søkarar til stillinga, trakk Ingar Valvik det lengste strået.
Rekordhøy verdiskaping i norsk reiseliv i 202420.11.2025 10:24:22 CET | Pressemelding
Norske reiselivsbedrifter skapte verdier for 120,6 milliarder kroner i 2024. Det er en økning på 3,9 milliarder kroner, tilsvarende 3,3 prosent, sammenlignet med 2023, viser nye tall fra EY utarbeidet på oppdrag fra Innovasjon Norge.
Gålavolden Gård vinner landbrukspris19.11.2025 12:27:52 CET | Pressemelding
Matprodusenten fra Røros er årets vinner av bedriftsutviklingsprisen for Trøndelag.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom