Arbeidstilsynet

Kraftforsyning, vatn og avløp er ny bransje i Arbeidsmiljøhjelpen

Del

Nå kan dei som jobbar med kraftforsyning, vatn og avløp ta i bruk Arbeidsmiljøhjelpen – eit bransjetilpassa verktøy for eit betre arbeidsmiljø.

Bildet viser to personer i en høyspentmast.
NY BRANSJE I ARBEIDSMILJØHJELPEN: Bransjen kraftforsyning, vatn og avløp kan nå ta i bruk verktøyet for å jobbe med arbeidsmiljøet sitt. Arbeidstilsynet

– Forbetring av arbeidsmiljø er ein kontinuerleg prosess, som det må jobbast systematisk med over tid. Arbeidsmiljøhjelpen er eit verktøy som kan hjelpe verksemder med dette arbeidet, seier seksjonsleiar Gunn Robstad Andersen i Arbeidstilsynet.   

Gå til bransjen kraftforsyning, vatn og avløp i Arbeidsmiljøhjelpen

Kunnskapsbaserte og praksisnære døme for eigen bransje   

Alle bransjar har unike utfordringar som, dersom ein ikkje er bevisst dei, kan påverke arbeidsmiljøet i negativ retning. I Arbeidsmiljøhjelpen kan arbeidsgivarar og arbeidstakarar finne kunnskapsbaserte og praksisnære eksempel på moglege utfordringar i bransjen sin, og forslag til korleis det kan jobbast med dei.    

– Bruk verktøyet i partssamarbeidet og sørg for medverknad frå dei tilsette. På denne måten får alle eigarskap til arbeidsmiljøarbeidet, seier Andersen.  

Slik blir verktøyet brukt:   

  • Diskuter saman om de kjenner dykk igjen i eksempla 
  • Finn ut nøyaktig kva din arbeidsplass treng å jobbe med 
  • Lag ein plan for korleis de skal jobbe med det  

Arbeidsmiljøet kan ha mykje å seie for sjukefråvær   

Det kan vere mange årsaker til helseplager og sjukefråvær. Arbeidsmiljøet har mykje å seie for arbeidsrelatert sjukefråvær, og arbeidsplassen er ein viktig førebyggingsarena.     

Arbeidsmiljøhjelpen består av seks tema som har noko å seie for helse og arbeidsrelatert fråvær. Gå gjennom alle tema i fellesskap for å finne forbetringsområde og lage tiltak.    

Oversikt over ulike tema:  

  • organisering av arbeidet 
  • jobbe med menneske 
  • manuelt arbeid 
  • arbeidstid 
  • tids- og arbeidspress 
  • omstilling  

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Bildet viser to personer i en høyspentmast.
NY BRANSJE I ARBEIDSMILJØHJELPEN: Bransjen kraftforsyning, vatn og avløp kan nå ta i bruk verktøyet for å jobbe med arbeidsmiljøet sitt.
Arbeidstilsynet
Last ned bilde

Om Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet er en statlig etat, underlagt Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Etatens hovedoppgave er å føre tilsyn med at virksomhetene følger arbeidsmiljølovens krav.

Følg pressemeldinger fra Arbeidstilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Arbeidstilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Arbeidstilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye