Har sikra skredutsatt strekning på rv. 13 i Sogndal
Statens vegvesen opna i dag ein skredsikra rv. 13 ved Ylvisåker i Sogndal kommune.

– Ei svært skredfarleg strekning har fått betre sikring mot skred. Ei sak er den fysiske sikringa. Men også kjensla av tryggleik er viktig. Og den kjensla har ikkje prislapp.
Det sa avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen under markering av skredsikringa måndag føremiddag.
Leiar Bård Hoksrud (Frp) og nestleiar Kamzy Gunaratnam i Stortinget sin transport- og kommunikasjonskomite deltok også på opninga ved Uri, saman med Sogndal-ordførar Stig Ove Ølmheim.
Skredgjerde og nett har kome raskt på plass
Med raskt og og effektivt arbeid har Statens vegvesen på rekordtid sikra riksveg 13 Ylvisåker mellom Sogndal og Leikanger med to fanggjerde på totalt 680 meter, i tillegg til erosjonsnett.
Prosjekteringa starta i februar. Arbeida starta 2. juni, og skulle etter planen vera ferdig til jul.
Allereie i dag, første dagen i julemånaden, kunne den nysikra vegen offisielt opna innafor ei kostnadsramme på 36 millionar.
Mesta har vore entreprenør.
Skryt frå stortingskomitéen
Det var nestleiar Kamzy Gunaratnam i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget som klipte snora under opninga.
– Gratulerer med ny skredsikring. Dette vil gje ein trygg reiseveg, og det gir folk fridom til å reisa når dei måtte ynskja, sa ho.
– Dette betyr enormt mykje for dei som reiser her. Vegvesenet og Mesta har gjort ein enorm jobb med å få dette på plass så raskt og effektivt, supplerte leiar Bård Hoksrud (Frp).
Nøgd ordførar
Sogndal-ordførar Stig Ove Ølmheim (Ap) var også til stades under opninga.
– Dei gongane Uri er stengt grunna skred, er kommunen vår i praksis delt i to. Dette har vore eit svært viktig punkt å få skredsikra.
Born frå Norane oppvekster song under opninga. Foreldra deira hadde bakt kake og serverte.
Nøkkelord
Kontakter
Svenn Egil FindenAvdelingsdirektørStatens vegvesen Drift og vedlikehald Vest
Tel:951 48 614svenn.finden@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:952 45 839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder




Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Hull i fem av sju tunneler17.12.2025 08:56:03 CET | Pressemelding
Tidlig i dag fikk ordfører i Harstad, Else Marie Stenhaug, æren av å fyre av den siste salven på Hårbergtunnelen. Nå er fem av sju tunneler på ny E10 er ferdig drevet.
Juleutfarten starter 19. desember – flest reiser lillejulaften17.12.2025 07:27:12 CET | Pressemelding
Den store juleutfarten starter 19. desember, med en topp lillejulaften. 2. juledag er det igjen mange biler på veien. Vi oppfordrer til god planlegging, ekstra kjøretid og vinterklar bil.
Farvel til kø over Sollihøgda!16.12.2025 15:44:48 CET | Pressemelding
Årets julegave er levert: den smale og svingete veien over Sollihøgda erstattes av 8,4 kilometer motorvei.
Tar i bruk rundkøyring på E39 i Veibustkrysset onsdag morgon16.12.2025 14:13:23 CET | Pressemelding
Anleggsarbeida i E39 Veibustkrysset i Sula er kome godt i gang, og natt til onsdag vil trafikken blir ført over på ei midlertidig rundkøyring.
Matias Faldbakkens kunst ved Rondane nå i bokform16.12.2025 13:46:17 CET | Pressemelding
Utgivelsen er den seneste i en internasjonalt anerkjent bokserie om kunstsatsingen langs Nasjonale turistveger.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom