Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

NVE inviterer til folkemøte om nye transformatorstasjonar og kraftleidningar i Vik kommune

Del

NVE har motteke konsesjonssøknadar frå Statnett SF, Sygnir AS og Statkraft AS, som søkjer om å byggje nye transformatorstasjonar og kraftleidningar i Vik kommune i Vestland fylke. Aktørane grunngjev søknadene med at det er behov for betre forsyningstryggleik, auka kapasitet inn til Bergensområdet og nytt kraftforbruk.

Foto: Catchlight/NVE

NVE har ansvar for å handsame søknadane og gjennomfører no ei felles høyring av desse. Gjennom høyringsprosessen ønskjer NVE å få innspel til planane og forslag til tiltak som kan redusere negative verknadar. 

NVE arrangerer folkemøte 3. desember 

I samband med høyringa, arrangerer NVE eit ope folkemøte i Vik kommune 3. desember. Møtet finn stad klokka 19.00 på Blix hotell i Sentrumsgata 44.   

Statnett, Sygnir og Statkraft vil vere til stades på møtet for å fortelje om planane. NVE vil orientere om handsaminga av søknadane. Det er også sett av tid til å stille spørsmål.  

Dette blir det søkt om 

Statnett søkjer om å byggje ein ny 420 kV kraftleidning frå Ramnaberg til nye Vik transformatorstasjon i Ovrisdalen. 

Sygnir søkjer i hovudsak om å overta og byggje om Statnetts eksisterande 300 kV kraftleidning til 132 kV på strekninga frå Dagshovden, via Hove, til ny Refsdal transformatorstasjon. Alternativt ønskjer dei å byggje ein ny 132 kV leidning ved sida av Statnetts planlagde 420 kV leidning frå Hove til Refsdal.  

Statkraft søkjer om endra nettilknyting for Hove, Refsdal og Målset kraftverk.  

Høyringsfrist 7. januar 2026

Gjennom høyring av konsesjonssøknaden ønskjer NVE å få innspel til planane og forslag til tiltak som kan redusere negative verknadar.  

Søknadane er tilgjengelege på NVEs nettsider: 

Høyringsfråsegn kan sendast via skjema på nettsidene i sakene, via e-post til nve@nve.no eller i brev til NVE, postboks 5091, Majorstuen 0301 Oslo.  

Vi ber om at alle høyringsfråsegn sendast innan fristen 7. januar 2026. 

Nøkkelord

Kontakter

Herman Lange Johnsen, sakshandsamar
E-post: herj@nve.no
Tlf: 22 95 98 27

Bilder

Foto: Catchlight/NVE
Last ned bilde

Lenker

Om oss

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Samlet energibruk i Norge går ned18.11.2025 07:13:27 CET | Pressemelding

En ny rapport fra NVE viser at samlet energibruk i Norge har gått ned de siste årene. Årsaken er at elektrifisering har erstattet mindre energieffektive fossile teknologier innen transport og i petroleumssektoren. Dette reduserer de norske klimagassutslippene. Samtidig er det en betydelig oppgang i strømforbruket til datasenternæringen. Rapporten viser også at det er et stykke igjen for å nå målet som er satt for energieffektivisering i norske bygg.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye