Her får trafikantane 4,4 kilometer ny E39 i tidleg julegåve
22.11.2025 12:01:55 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
No rullar trafikken på ny E39 mellom Barhals og Staurset. Strekninga er ein del av den 10,5 kilometer lange parsellen mellom Stormyra og Staurset, som skal stå ferdig hausten 2026.

Den flunkande nye europavegen er ni meter brei og har for første gong gulstripe – ei stor forbetring frå den gamle, smale og svingete vegen på berre seks meter utan gulstripe. Oppgraderinga gir betre kurvatur og høgare trafikksikkerheit for både lokaltrafikk og gjennomgangstrafikk.
Strekninga mellom Barhals og Staurset er del av ein av dei tre delstrekningane i prosjektet E39 Betna–Stormyra. Til saman skal prosjektet gje 28 kilometer ny europaveg med gul midtstripe på E39 sør for Trondheim, mellom Orkanger og fylkesgrensa mellom Trøndelag og Møre og Romsdal. Den nye vegen vil redusere avstanden mellom Betna og Stormyra med fem kilometer og reisetida med sju minutt. Strekninga er delt i tre parsellar, Leirvika–Renndalen, som opna i i august 2022, Betna–Hestnes som opna juni i 2025, og Stormyra–Staurset, som skal stå ferdig hausten 2026.
Ny veg i dagens trasé
Prosjektleiar Hlynur Gudmundsson i Statens vegvesen fortel at hovudutfordringa mellom Barhals og Staurset har vore å halde trafikken i gang medan vegen vart bygd. På den 4,4 kilometer lange strekninga mellom Barhals og Staurset er ny E39 lagt i eksisterande veg, noko som har ført til mange omleggingar for trafikantane. Gudmundsson er godt nøgd med å kunne opne vegen, men minner om at dei ikkje er heilt i mål enno:
– Sjølv om vegen mellom Barhals og Staurset no er teke i bruk, står det framleis att ein god del arbeid før heile parsellen til Stormyra er ferdig neste haust. Vi ber alle trafikantar om å halde fram med å vise omsyn og følgje skilting. Den nye vegen gir betre tryggleik, men vi må alle bidra til at det blir trygt i den siste fasen fram mot opning av heile parsellen.
Dette gjenstår
På strekninga frå Stormyra til Barhals vert ny E39 bygd i ny trase. Fram mot neste haust vil det gå føre seg arbeid på heile den 10,5 kilometer lange strekninga mellom Stormyra og Staurset, mellom anna med fjellsikring, asfaltering, arbeid i sideterreng og på lokalvegar.
Takk til trafikantane og entreprenørane
Statens vegvesen og Bertelsen & Garpestad AS ønskjer å takke trafikantane for tolmodet undervegs. Vi vil òg gje honnør til arbeidsfolka i Bertelsen & Garpestad AS og underentreprenørane deira for solid innsats og høg kvalitet gjennom heile prosjektet.
Nøkkeltal frå utbygginga av E39 mellom Barhals og Staurset:
- 4,4 kilometer veg E39 i eksisterande trase
- ni meter vegbreidde
- 1 400 fjellboltar
- 200 000 m³ fjell sprengt
- 77 000 m³ masse til fyllingar
- 40 000 m² asfalt på ny E39 (ca. 7 850 tonn)
- 600 m³ betong
Nøkkelord
Kontakter
Hlynur GudmundssonProsjektleder, Statens vegvesen Utbygging
Tel:957 72 108hlynur.gudmundsson@vegvesen.noBilder

Lenker
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Stortingets transport- og kommunikasjonskomité besøker Troms10.4.2026 10:21:35 CEST | Pressemelding
Infrastruktur og beredskap i Troms står på programmet når Stortingets transport- og kommunikasjonskomité besøker fylket 13. - 15. april. Komitéen skal også få orientering om store veiprosjekter i fylket.
Gjer E134-strekning breiare, rettare og betre9.4.2026 07:51:18 CEST | Pressemelding
Frå Ølen til Mørkeli startar Statens vegvesen snart på eit etterlengta prosjekt som varar to og eit halvt år.
Signerte kontrakt for E134 Oslofjordforbindelsen8.4.2026 13:34:15 CEST | Pressemelding
I dag signerte Veidekke Entreprenør AS kontrakt for å bygge E134 Oslofjordforbindelsen.
Starter rehabilitering av rv. 25 Glåmbrua i Elverum8.4.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
Siste uka i april starter Statens vegvesen omfattende utbedring av Glåmbrua på riksveg 25 i Elverum. Brua blir holdt åpen for trafikk gjennom hele byggeperioden, men med smalere kjørefelt.
Skifter fuge på Drammensbrua – nattestengt i seks uker7.4.2026 07:30:00 CEST | Pressemelding
Mandag 13. april starter Statens vegvesen arbeidet med å skifte ut en utslitt fuge på E18 Drammensbrua i nordgående retning. Arbeidet skjer om natta i seks uker og gir omkjøring for trafikken. På dagtid er brua åpen med redusert hastighet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom