Innovasjon Norge

Ingar Valvik ny regiondirektør Innovasjon Noreg Vestland

Del

Av over 70 søkarar til stillinga, trakk Ingar Valvik det lengste strået.

Ingar Valvik er ny regiondirektør for Innovasjon Noreg Vestland.
Ingar Valvik er ny regiondirektør for Innovasjon Noreg Vestland. Foto: Viking Aqua

Valvik utmerka seg i søknadsprosessen med ein solid bakgrunn både frå bank- og kreditt, offentleg sektor og næringsliv i Vestland, noko som vert viktig når han startar i den nye stillinga. Direktør for samfunn- og næringslivsutvikling i Innovasjon Noreg, Tina Stiegler, er veldig fornøgd med å få med Ingar på laget: 

– Vi er svært fornøgd med å få med Ingar på laget. Han har brei erfaring og kjennskap til regionens næringsliv, noko som blir ei stor styrke for Innovasjon Noreg og våre kundar når vi skal bidra til auka vekst og omstilling i regionen. At han har bank- og kreditterfaring vil også gjere oss i stand til å betre møte næringslivets kapitalbehov. 

Sjølv gleder Ingar seg til å ta fatt på jobben: 

– Innovasjon Noreg er ein viktig pådrivar for verdiskaping og eksport. Eg ser fram til saman med kollegaer i Innovasjon Noreg å bidra til eit triveleg og lønsamt samarbeid med alle våre interessentar. Eg har stor tru på krafta i samarbeid og koordinering mellom offentlege og private aktørar - spesielt i ei tid der rammevilkåra for næringslivet er i stadig endring, seier han. 

Valvik startar i stillinga 1. mars. 

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Innovasjon Noreg bidrar til berekraftig vekst og eksport for norsk næringsliv gjennom kompetanse, kapital og nettverk. Innovasjon Noreg kan hjelpe norske verksemder med å tre inn i ein ny marknad for første gong eller for å utvide ei internasjonal satsing.

Følg pressemeldinger fra Innovasjon Norge

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Innovasjon Norge

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye