Vegomlegging av E134 på Liamyrane i Røldal
20.11.2025 13:47:30 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
Fredag 20. november blir E134 lagt over på ny veg på Liamyrane. Ny trase skal sikre trafikkflyt under drivinga av Røldalstunnelen frå austsida av fjellet.

Den nye veglinja går noko lågare i dalsida frå Røldal og austover, og får ei S-kurve opp mot det nye kolonneoppstillingsfeltet på Liamyrane.
Den nye traseen skal fungere som E134 fram til slutten av 2030, når den nye Røldalstunnelen opnar. Fartsgrensa i området ved Liamyrane blir sett til 50 km/t.
Kvifor blir vegen lagt om?
Omlegginga er ein del av utbygginga av ny E134 Røldal–Seljestad, som starta sommaren 2025 og skal stå ferdig i slutten av 2030. I perioden 2025–2028 skal utsprengde tunnelmassar frå den nye Røldalstunnelen fraktast ut og nyttast til bygging av ny E134 frå tunnelportalen ved Vetlehovden over Liamyrane og vidare austover. For å handtere masse- og anleggstransporten trygt skal anleggstrafikken køyre over dagens E134, mens resten av trafikken går i ein undergang (kuvert).
Når den nye Røldalstunnelen opnar, er dagens veglinje planlagt omklassifisert til riksveg 13 frå Liamyrane til Røldal og vidare vestover mot Suldal. Trafikkmengda på vegen blir då vesentleg redusert samanlikna med dagens E134-trafikk.
Tunneldriving frå Liamyrane
I månadsskiftet november/desember vil dei også vere i gang med tunneldrivinga på austsida av den nye Røldalstunnelen ved Liamyrane. Då vil drivinga vere i full gang frå både vest og aust på den 12,4 km lange tunnelen. Frå Seljestad-sida starta drivinga 29. september, og er no kome om lag 220 meter inn i fjellet. Her arbeider Metrostav Norge AS med å utvide tunnelprofilet for å lage ei stor sirkulær snunisje for brøytebilar. Dei to tunnelinnslaga er planlagt å møtast midt inne i fjellet etter om lag tre års driving.
Om prosjektet:
Prosjektet er ei totalentreprise, og omfattar prosjektering og bygging av eitløps-tunnel mellom Røldal og Seljestad med dagsoner og kryss i kvar ende. 31. mars signerte Statens vegvesen kontrakt med arbeidsfellesskapet Bertelsen & Garpestad AS og Metrostav Norge AS
Nøkkelord
Kontakter
Frode LykkebøProsjektleiarStatens vegvesen Utbygging
Tel:91595865frode.lykkebo@vegvesen.noBilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Forventer lange og saktegående køer på E1814.10.2026 14:08:57 CEST | Pressemelding
Innsnevringer på E18 kan gi store forsinkelser ut av Oslo vestover de siste helgene i oktober. Statens vegvesen oppfordrer til å la bilen stå.
Gang- og sykkelvegen langs E14 får ny sluttfrist14.10.2026 11:23:35 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen har vedtatt å justere sluttfristen for byggingen av gang- og sykkelvegen langs E14 mellom Stjørdal og Hegramo. Ny sluttfrist for kontrakten er 11. mai 2027.
E134 Oslofjordtunnelen stengt i perioder grunnet sprengning13.10.2026 13:07:38 CEST | Pressemelding
Denne uken starter de forberedende arbeidene ved Storsand i Hurum for den nye E134 Oslofjordtunnelen. Tunnelen blir stengt i perioder på 30 minutter.
Sikringsarbeid langs E6 ved Ronglan13.10.2026 12:07:01 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen starter 19. oktober sikringsarbeider i bergskjæringene langs E6 ved Ronglan i Trøndelag.
Nå kan tungtransporten lade gjennom hele Østerdalen12.10.2026 15:43:11 CEST | Pressemelding
Tre nye døgnhvileplasser for tungbillading på riksveg 3 gjennom Østerdalen gjør en av Norges viktigste transportkorridorer grønnere.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom