Riksantikvaren

Søkjer om 1,2 milliardar til kulturminne

Del

Eiere søkjer Riksantikvaren om rekordsummar i tilskot til sine kulturminne i 2026.

Spydeberg prestegard i Østfold sett frå lufta.
Spydeberg prestegard i Østfold er eit freda kulturminne. Trond Isaksen, Riksantikvaren.

Av dei ti ordningane er det søknader til freda bygg i privat eige og teknisk-industrielle kulturminne som aukar mest. 

Freda bygg i privat eige har ein auke på heile 91 millionar kroner, frå 362 millionar, til heile 453 millionar. 

– Vi veit at det er mange engasjerte eigarar som ønskjer å halde kulturminna sine i god stand, og søknadstala viser at mange vil i gang med arbeid neste år, seier riksantikvar Hanna Geiran. 
– Sjølv om vi gler oss over at det er mange motiverte eigarar, veit vi samtidig at behova er store. 

For teknisk-industrielle kulturminne har eigarane søkt om 177 millionar. Hausten 2025 leverte Riksantikvaren eit forslag til ein ny bevaringsstrategi for industri og næring til Klima- og miljødepartementet. 

– Vi er opptekne av at Noreg er ein industri- og teknologinasjon. I heile Noreg finn vi spor av kva industri og teknologi har betydd for landet vårt, og dette er historier vi vil ta vare på for framtida, seier Geiran. 
– Samtidig er industrihistoria og dei tekniske kulturminna våre store og komplekse anlegg, og det betyr også at det er krevjande å setje i stand desse anlegga.  


Søkjar om nesten 50 millionar til kyst og landbruk

Dei nye bevaringsstrategiane for landbruket og kysten har også vorte godt mottekne, og har fått inn søknader på nesten 50 millionar til saman. 

– I Noreg har vi levd av landbruket og havet i alle år. Tilskota skal hjelpe til med å både skaffe kunnskap og utvikle prosjekt for ny bruk og næring for den rike kulturarven vi har langs kysten og i bygdene. 
– Søknadssummen viser at mange har lagt planar for å skape aktivitetar i lokalsamfunna sine.  

Verdiskaping som overstig 1,75 milliardar 

Istandsetjing av kulturminne skjer ikkje berre gjennom statlege tilskot, fordi eigarane legg også eigne midlar inn i oppdraga. Totalbudsjettet for prosjekta er derfor på godt over 1,75 milliardar.    

– Dette betyr at dei oppdraga som går til handverkarar og bedrifter ute i lokalsamfunna gir arbeidsplassar, verdiskaping og aktivitet, seier Geiran. 
– Arbeidet med kulturminne gir derfor inntekter til samfunnet, i tillegg til verdiar som stoltheit og eigarskap for eigarar og nabolag. 

Fakta om søknader og tilskot 

Riksantikvarens tilskotsordningar blir tildelte over statsbudsjettet, og forslaget for 2026 er på til saman 528 millionar, fordelte på fleire ulike ordningar. 

Tala er henta frå den nasjonale søknadsportalen for kulturminne, Digisak. Dei aller fleste søknadsordningane er med i portalen, men enkelte fylke har ikkje meldt seg inn i alle ordningane. Det endelege biletet over søknadssummane er derfor klart rett etter nyttår.

I år er to nye tilskotsordningar komne med i den nasjonale søknadsportalen: Kyrkjekunst og dokumentasjon og konservering av stavkyrkjer. 

Fram til over nyttår skal fylkeskommunane og Sametinget gjere prioriteringane sine blant søkjarane, før Riksantikvaren fordeler tilskot til fylkeskommunane og Sametinget. 

Søknadstal 

Freda kulturminne i privat eige 453 911 622
Fartøyvern 346 890 765
Tekniske og industrielle kulturminne 177 980 013
Verdsarv 147 435 819
Brannsikring av tette trehusområde 20 963 554
Ruiner og anlegg frå mellomalderen 24 652 207
Mellomalderbygningar frå før 1537 11 071 815
Stavkyrkjer: vedlikehold, konservering og dokumentasjon 9 709 404
Konservering av kirkekunst 3 491 254
Verdiskaping 49 156 495
Totalt  1 245 262 948

Nøkkelord

Kontakter

PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.

Tel:404 65 153

Bilder

Fiskebåten Faxsen i Lofoten.
Faxsen i Lofoten er eit fartøy som har fått tilskot.
Rita Jakobsen.
Last ned bilde
Kistefos Træsliberi sett frå lufta.
Kistefos Træsliberi er eit teknisk-industrielt kulturminne som vart freda hausten 2025.
Trond Isaksen, Riksantikvaren.
Last ned bilde
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye