Universitetet i Stavanger (UiS)

Millionstøtte til psykologistudium på UiS

Del

Sparebankstiftelsen SR-Bank gir 20 millionar kroner til oppstart av profesjonsstudiet i psykologi ved UiS.

To menn i dress holder eit diplom mellom seg.
Rektor Klaus Mohn og daglig leiar av Sparebankstiftelsen SR-Bank, Kjetil Skjæveland, med det synlege beviset på tildelinga av 20 millionar kroner til oppstart av profesjonsstudium i psykologi ved UiS. UiS

UiS har med dette 40 av dei 60 millionane som er nødvendige for å dekke oppstartskostnadane til det nye studiet. Universitetsfondet for Rogaland har allereie løyva 20 millionar kroner til formålet.

UiS fekk i statsbudsjettet for 2026 finansiering for 30 studieplassar til profesjonsstudiet i psykologi. Det er likevel behov for finansiering til sjølve oppstarten av studiet, blant anna fysisk og digital infrastruktur og tilsettingar. Det skal også etablerast ein internklinikk der studentar kan få praksis og rettleiing, og befolkninga få behandling av milde psykiske lidingar.

Viktig med fleire psykologar

Dagleg leiar Kjetil Skjæveland i Sparebankstiftelsen SR-Bank seier det er viktig å bidra til meir psykologkompetanse av fleire årsaker.

– Andelen som slit med psykiske problem aukar, både blant unge og eldre, samstundes som vi manglar psykologar i Noreg. Tidleg innsats på psykisk helse sparer samfunnet for enorme kostnader, seier han.

Skjæveland legg til:

– For oss i Stiftelsen er dette eit strategisk og verdibasert løft, tett kopla til vårt arbeid med å styrke oppvekstvilkår, inkludering og langsiktig verdiskaping i heile regionen.

Takksam rektor

Rektor Klaus Mohn set stor pris på støtta.

– Vi er veldig takksame. Dette hjelper oss å få etablert eit studium som vil møte utfordringane  med  blant anna ungt utanforskap og aukande psykiske helseproblem i befolkninga. Særleg blant unge er den psykiske uhelsa urovekkande. Vi gler oss stort til å komme i gang, seier Mohn.

Prioritert i statsbudsjettet

– Regjeringa har gitt UiS eit viktig ansvar for å bidra til ei betre psykisk helse i Noreg.  Dette ansvaret tek vi på det største alvor. Det er med stor motivasjon vi tek fatt på arbeidet med å bidra til å løyse dei psykiske helseutfordringane i samfunnet vårt, seier dekan Kolbjørn Kallesten Brønnick ved Det samfunnsvitskaplege fakultet.

Kontakter

Bilder

To menn i dress holder eit diplom mellom seg.
Rektor Klaus Mohn og daglig leiar av Sparebankstiftelsen SR-Bank, Kjetil Skjæveland, med det synlege beviset på tildelinga av 20 millionar kroner til oppstart av profesjonsstudium i psykologi ved UiS.
UiS
Last ned bilde

Om oss

Universitetet i Stavanger har en innovativ og internasjonal profil og er en drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosesser i samfunnet. Samfunnsoppdraget vårt er å utfordre det velkjente, utforske det ukjente.

Følg pressemeldinger fra Universitetet i Stavanger (UiS)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Stavanger (UiS) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Universitetet i Stavanger (UiS)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye