Anne Iren Fagerbakke blir ny jernbanedirektør
14.11.2025 11:34:31 CET | Samferdselsdepartementet | Pressemelding
Anne Iren Fagerbakke er i statsråd i dag tilsett som ny direktør for Jernbanedirektoratet. Stillinga er eit åremål på seks år. Fagerbakke kjem frå stillinga som direktør for mobilitet og kollektivtransport i Vestland fylkeskommune.

– Anne Iren Fagerbakke har lang og variert erfaring som leiar i offentleg forvalting og samferdselssektoren på Vestlandet. Denne kompetansen gir henne ein god og brei bakgrunn for å leie Jernbanedirektoratet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Tidlegare jernbanedirektør Knut Sletta sa i sommar opp stillinga si for å bli dagleg leiar i ein allmenning på Hadeland. Fagerbakke tiltrer stillinga etter nærare avtale. Marit Rønning er fungerande jernbanedirektør fram til Fagerbakke byrjar.
Sivilingeniør med lang erfaring frå samferdselssektoren
Anne Iren Fagerbakke er 58 år og er frå Bergen. Ho er utdanna sivilingeniør frå NTNU (tidlegare NTH) i 1991.
Fagerbakke har sidan 2023 vore direktør for mobilitet og kollektivtransport i Vestland fylkeskommune. Frå 2013 til 2023 var ho kommunaldirektør for byutvikling i Bergen kommune, og før dette var ho samferdselssjef i Hordaland fylkeskommune i om lag to år. Vidare har Fagerbakke erfaring som mellomleiar i Mesta, byggesakssjef i Bergen kommune og prosjektleiar i Veidekke ASA.
I tillegg har Fagerbakke vore medlem av styret for Transportøkonomisk institutt (TØI) frå 2013 til 2019, først som styremedlem og deretter styreleiar frå 2016.
Om Jernbanedirektoratet
Jernbanedirektoratet har eit heilskapleg ansvar for samordning, avtalestyring og koordinering av jernbanesektoren. Ei sentral oppgåve er å ivareta direktoratets ansvar for overordna planlegging, budsjett og avtalestyring med sentrale aktørar i jernbanesektoren.
Direktoratet er Samferdselsdepartementets faglege rådgjevar i jernbanespørsmål og bestiller tenester innan infrastruktur og persontrafikk.
For fleire opplysningar – sjå:
- Jernbanedirektoratets nettside Om oss
Nøkkelord
Kontakter
Pressekontakt08-16 på hverdager
Tel:919 14 777sdinfo@sd.dep.noOm oss
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Revidert nasjonalbudsjett 2026: Meir pengar til vedlikehald av riksvegane våre12.5.2026 12:01:09 CEST | Pressemelding
Regjeringa held fram med satsinga på vedlikehald av riksvegane, og foreslår å auke løyvinga til drift og vedlikehald med 603,3 millionar kroner. Med dette vil løyvinga auke til 12 milliardar kroner i 2026.
Revidert nasjonalbudsjett 2026: 150 millionar kroner i kompensasjon til godstogselskap12.5.2026 11:49:38 CEST | Pressemelding
Tryggleik for næringlivet er heilt sentralt i regjeringas plan for Noreg. Det gjeld også ved uføresette hendingar. Derfor foreslår regjeringa å løyve 150 millionar kroner i kompensasjon til godstogselskap. Pengane skal dekkje økonomiske tap etter kvikkleireskredet som ramma Nordlandsbanen ved Levanger i august i fjor.
Regjeringen fortsetter å rydde opp: Forskrift om internkontroll i drosjenæringen11.5.2026 15:28:31 CEST | Pressemelding
Samferdselsdepartementet har fastsatt en ny forskrift om internkontroll i drosjenæringen. Fra 1. juli 2026 må drosjesentralene sørge for at det blir innført og utført internkontroll i både egen virksomhet og i de tilknyttede løyvehavernes virksomhet.
Presseinvitasjon: Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård besøker Geiranger 4. mai30.4.2026 14:26:50 CEST | Pressemelding
Mandag 4. mai besøker statsråden ulike aktører innen vei, reiseliv, intrastruktur og samfunnssikkerhet. Journalister og fotografer er velkomne til å dekke besøket.
Utlysing av ny konkurranse om regional flyrutedrift i Sør-Noreg23.4.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Samferdselsdepartementet har i dag lyse ut ny konkurranse om drift av regionale flyruter i Sør-Noreg. Tilbodsfristen er 23. juni 2026.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom