Testar eigen kolonne for tungbilar over E134 Haukelifjell
Kommande vinter vil Statens vegvesen prøva ut eigen tungbilkolonne når Haukelifjellet blir stengd for vanlege køyretøy. Det blir strenge krav for å bli med.

– Dette blir ikkje ein ordinær kolonne. Dette blir ein eigen kolonne under svært krevjande forhold, fortel Ingmar Ulvenes, seksjonssjef for Drift sør i Statens vegvesen.
Utfordrar stengd veg
Saman med Norges Lastebileier-Forbund (NLF) og entreprenøren Mesta, har Statens vegvesen no laga ferdig retningslinjene for tungbilkolonne.
– Me har hatt eit veldig godt samarbeid med NLF og Mesta som er driftsentreprenøren vår på Haukeli, om denne saka. Me har saman jobba med risikovurderingar, tryggleiken og føresetnadene for å utfordra stengt veg, forklarer Ulvenes.
Her skal naturkreftene utfordrast samtidig som tryggleiken blir vareteken.
– Me kjem til å utfordra ein stengd veg. Det blir krevjande forhold, men tryggleiken for brøytemannskapane og sjåførane som skal over fjellet, er framleis det viktigaste, seier Ulvenes.
Saman med NLF og Mesta har Statens vegvesen planlagt den nye kolonnen og laga rutinar.
– Sjølv om me no startar opp med denne nye kolonnen for tungbilar, vil det framleis vera kolonnevaktene som skal vurdera situasjonen og om det er mogleg å køyra eigen tungbilkolonne, og kolonnevaktene skal framleis bestemma kva køyretøy som får vera med, forklarer Ulvenes.
Strenge krav for å bli med
Sidan dette ikkje er ein ordinær kolonne over fjellet, trur Ingmar Ulvenes det blir færre køyretøy i kvar kolonne.
– Det vil bli langt færre køyretøy i ein slik kolonne, enn i dei ordinære kolonnane. Det blir strenge krav til både køyretøy og sjåfør for å bli med. Mange yrkessjåførar har vore ute ei vinternatt før og er godt vande med kolonnekøyring, men det er ikkje alle som har denne erfaringa, fortel seksjonssjefen.
Krav til gode dekk, tettlenkja kjettingar, minimum halvfull tank, slepekrok, varme vinterklede og mat og drikke er nokre av krava som må vera på plass for at du skal få bli med over i denne kolonnen.
Kjøpt inn ekstra hjullastar med fres
For å drifta ein eigen kolonne for tungbilar i krevjande vêr, har Statens vegvesen gått til innkjøp av meir utstyr. Dette krev også ekstra mannskap.
– Me har kjøpt inn ein ekstra hjullastar med ein fres i fronten. Det blir også ekstra mannskap frå entreprenøren vår, Mesta, og tungbilgruppa til Statens vegvesen vil også delta. Sistnemnde er ekspertane våre på tunge køyretøy og vil vera med å velja ut kva køyretøy som er eigna til å bli med, seier Ingmar Ulvenes.
Mange samanliknar Haukelifjell med Hardangervidda der det har vore eigen tungbilkolonne i fleire år. Seksjonssjefen meiner dei to fjella er for ulike til å bli samanlikna.
– Haukelifjell er eit heilt anna fjell enn Hardangervidda. Rv. 7 over Hardangervidda er fire mil med berre fjell. På Hardangervidda er terskelen for å innføra tungbilkolonne mykje lågare, og det same er terskelen for å stengja. Over Haukelifjell har me fleire tunnelar og evakueringsmoglegheiter. Det er nettopp når fjellet stengjer, at denne tungbilkolonnen over Haukeli startar opp. Viss vêret tillèt det, fortel Ulvenes.
Ekstraservice på naturens premissar
NLF ønskjer den nye prøveordninga med tungbilkolonne over E134 Haukeli velkommen, og Reidar Retterholt, regionsjef i NLF, ser fram til å få endå fleire køyretøy over fjellet mellom aust og vest.
– Me er positive til denne prøveordninga, og me set pris på samarbeidet me har hatt med Statens vegvesen og Mesta. No vil me ha meir næringstrafikk over fjellet under tøffe forhold. Alternativet har til no vore å venta når vegen er stengd eller køyra kysten, seier Retterholt.
Regionsjefen har vore med å utarbeida retningslinjene for den nye tungbilkolonnen, og han meiner det er rett at krava skal vera strenge.
– Skal me få fleire lastebilar over Haukeli under ekstremt krevjande forhold, må det vera strengt. Denne tungbilkolonnen blir ei krevjande øving. Det blir ein ekstraservice til dei i bransjen som ønskjer det, på naturens premissar, meiner han og legg til:
– Hadde det ikkje vore strengt kunne me berre hatt det som tidlegare i den ordinære kolonnen, men me veit at ein riktig utstyrt lastebil har betre framkomme enn ein personbil.
Statens vegvesen har sett 1. desember som oppstartsdato for den nye tungbilkolonnen. Då skal utstyr, mannskap og retningslinjer for å handtera den nye kolonnen vera på plass.
Nøkkelord
Kontakter
Ingmar UlvenesSeksjonssjefStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:90734113ingmar.ulvenes@vegvesen.noPressevakt Drift og vedlikehold
* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet * Brøyting/strøing/salting * Asfalt * Rekkverk * Bruer * Tunneler * Fjelloverganger * Rasteplasser * Inspeksjoner * Ferje
Bilder


Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Veioppmerking vil gi kø på E18 fra fredag til lørdag13.11.2025 14:08:03 CET | Pressemelding
Fra fredag kveld til lørdag formiddag blir det arbeidet med veioppmerking på E18, det vil gi innsnevringer og kø også denne helgen.
Vil du prøvekjøre ny riksveg 3 forbi Messeltsvingene?12.11.2025 11:16:08 CET | Presseinvitasjon
Statens vegvesen åpner ny veg forbi de ulykkesutsatte Messeltsvingene på rv. 3, onsdag 26. november. Onsdag 19. november 10:00-12:00 kan media prøvekjøre den nye vegstrekningen sammen med Olsbakk transport og Vegvesenet.
Øving i Skogafjellstunnelen12.11.2025 07:56:34 CET | Pressemelding
Måndag 17. og 24. november held Statens vegvesen brannvernøving i E39 Skogafjellstunnelen i Bjørnafjorden.
Gode råd til turistar på norske vintervegar11.11.2025 12:00:00 CET | Pressemelding
Å køyre på norske vintervegar er ingen spøk. På vegvesen.no/tourist får bilturistar i Noreg gode råd. Bruk desse for å gjere bilturen tryggare, enklare og meir omsynsfull.
Vegstenging E39 Årbergsdalen i Vadheim i Sogn10.11.2025 15:56:33 CET | Pressemelding
Det blir redusert framkomme på E39 Årbergsdalen frå tysdag 11. november til torsdag 13. november. Årsaka er at det må skiftast ei stikkrenne.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom