Fritt Ord

Fritt Ord-konkurransen blir til Mitt frie ord

Del

I år blir Fritt Ords ytringskonkurranse for vidaregåandeelevar arrangert for 11. gong. Konkurransen har hatt eitt nytt tema kvart år, men vil frå no ha ytringsfridom som det store hovudtemaet. I den nye drakta heiter konkurransen Mitt frie ord.

Knut Olav Åmås og Johanne Fearnley
Knut Olav Åmås og Johanne Fearnley

I dag er det mange unge som har høg terskel for å ytre seg offentleg. Men det å kunne ytre seg er eit stort privilegium: Du som samfunnsborgar får lov til å påverke, kanskje til og med endre politiske vedtak, seier Knut Olav Åmås, direktør i stiftinga Fritt Ord.


Johanne Fearnley, prosjektmedarbeidar i Fritt Ord, oppmodar lærarar til å få med elevane sine.

– Denne konkurransen treffer mange elevgrupper samtidig.

Sjølv om ein i utgangspunktet ikkje har noko ein ønskjer å skrive om, er ein kanskje nysgjerrig på premien som er 20 000 kroner og ein studietur til Strasbourg, seier Johanne Fearnley, prosjektmedarbeidar i Fritt Ord.
Sjølv var Fearnley ein av vinnarane i 2021 då ho skreiv eit essay med dikt om erfaringane sine etter terrorangrepa 22. juli ti år før.
– Det var heilt vilt å få lov å bli med til Strasbourg. Å få omvising i Menneskerettsdomstolen var berre fantastisk, seier ho.

Elevane eller lærarane kan velje form og sjanger
Elevane står fritt til å levere for eksempel tekst, teikneserie, film eller lyd – og også til å blande sjangrar.

– Det er viktig for oss at læraren, ikkje vi, legg rammer og planar. Læraren kjenner elevane best og står fritt til å avgrense form og tematikk, seier Fearnley.

– Å ta del her er ein trygg måte å bruke ytringsfridomen sin på. Her blir du tatt på alvor av ein fagjury, og når du først har tort å skrive ned noko du står for, er det mykje lettare å gjere det igjen seinare, seier Fearnley.

Klassen kan jobbe sammen
Åmås og Fearnley vil oppmode lærarar til å få med klassefellesskap.

– Mange unge vegrar seg for å ytre noko fordi dei ikkje stolar på at det dei meiner er verdt noko. Slik var det for meg også då eg var yngre.

Sjølv om eg begynte å jobbe som journalist allereie som femtenåring, var eg sikkert 30 år før eg våga å meine noko offentleg, seier Åmås.

Fearnley held fram:
– No lever vi i eit overvakingssamfunn der heile klassa di får vite det viss du legg ut noko. Dei tilbakemeldingane som kanskje er vondast å få, er frå klassekameratar som latterleggjer det du har sagt. Her trur vi at ressursane på nettsida kan leggje til rette for gode, konstruktive diskusjonar i klasserommet: Korleis ønskjer vi eigentleg å snakke saman?
Det er heller ikkje slik at ein er nøydd til å ha sterke meiningar for å bli med, understrekar dei.

– Det offentlege rommet er fullt av sterke meiningar. Det treng vi ikkje her. Det er mykje viktigare å nærme seg eit tema med nysgjerrigheit og tvil og å kunne vise begeistring viss ein verkeleg blir tent på noko, seier Åmås.

Les meir på Mitt Frie Ord

Artikkelen er ein kortversjon frå ein lengre i Norsklæreren. 

Tekst og foto: Silje Pileberg for Norsklæreren. Attgjeve med løyve frå skribenten.

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Om oss

Fritt Ord er en allmennyttig privat stiftelse som arbeider for å fremme ytringsfrihet, offentlig debatt, kunst og kultur.

I vedtektene våre heter det: «Stiftelsen Fritt Ords fremste formål er å verne om og styrke ytringsfriheten og dens vilkår i Norge, særlig ved å stimulere den levende debatt og den uredde bruk av det frie ord. Fritt Ord kan også støtte andre sider ved norsk kultur, i første rekke den del av kulturen som gjør bruk av ordet.»

Følg pressemeldinger fra Fritt Ord

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Fritt Ord på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Fritt Ord

LITTERÆR BEREDSKAP: Beredskap i en våpenby og støtte til 37 bibliotek-arrangementer fra Fritt Ord10.10.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding

Folkebiblioteket i Kongsberg er blant dem som fikk støtte i Fritt Ords biblioteksutlysning «Litterær beredskap». – I en krigslignende situasjon kan Kongsberg bli et viktig strategisk mål for en fiende, sier biblioteksjef Oda Cornelia Knudsen. Det er utgangspunktet for bibliotekets serie debattmøter om bøker om krig, fred og beredskap i høst, vinter og neste år. Til sammen 37 av 117 bibliotek som søkte Fritt Ord i høst, får støtte til bokbaserte diskusjoner om beredskap.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye