Med norsk flagg seglar du aldri åleine
Når eit skip fører norsk flagg, veit verda at både mannskap og tryggleik held høg kvalitet, og at miljøet er ivareteke. – Mi ambisjon er at Noreg skal bli verdas beste sjøfartsadministrasjon, skriv sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim i denne kronikken.

KRONIKK: Noreg har over tusen års fartstid som sjøfartsnasjon, og det norske flagget har i dag ein posisjon som symboliserer tryggleik, kvalitet og ansvar. Vi er ei av verdas største og mest respekterte sjøfartsnasjonar.
Flaggstaten Noreg tronar høgt på kvalitetslistene til dei store hamnestatskontroll-regima (Paris MoU, Tokyo MoU og USCG). Det viser at skip med norsk flagg som trafikkerer alle verdshav, har svært høg tryggleiksstandard.
Seglar ikkje åleine
Det norske flagget og den norske maritime klynga er òg blant dei fremste i verda på ny teknologi og grøn skipsfart. Verda ser til oss og våre løysingar. Klynga er blant dei største konkurransefortrinna vi har, og ho bidreg til både forsyningstryggleik og nasjonal tryggleik.
Norsk flagg er ei forsikring om at ein ikkje seglar åleine i urolege tider, men med verdas mest pålitelege beredskap i ryggen. Flagget representerer heile det maritime Noreg, inkludert konsulat i 164 land. Vi finn alltid løysingar på dei ulike utfordringane skipsfarten står overfor.
I tillegg til tryggleik, miljø og beredskap er det mange fordelar med å velje det norske flagget og Sjøfartsdirektoratet som maritim administrasjon.
Eg vil særleg trekkje fram følgjande:
• støtte døgnet rundt
• solid maritim kompetanse
• gode digitale løysingar og digitale sertifikat
• tilskotsordning som skal sikre norsk maritim kompetanse og konkurransedyktige vilkår

Stolt historie, stolt framtid
Vi har med andre ord mykje å vere stolte av i Noreg. Den over tusen år lange sjøfartshistoria lever vidare, og vi har mykje å leve opp til når vi no skal forme framtidas sjøfart.
Dette er eit arbeid Sjøfartsdirektoratet, og eg som sjøfartsdirektør, tek på største alvor.
Eg er utruleg stolt av det norske flagget, den maritime klynga vår og sjølvsagt alle dei dyktige kollegaene eg har med meg i Sjøfartsdirektoratet.
Saman gjer vi det vi kan for å vere «den føretrekte maritime administrasjonen» og eit kvalitetsflagg også i åra som kjem.
Sjøfolk skal kome trygt heim
Vi vil framover ha særleg fokus på «Nasjonal handlingsplan for sjøsikkerhet» (nullvisjonen). Ved å arbeide saman med næringa for å styrkje tryggleiken ytterlegare skal vi bidra til at alle våre dyktige sjøfolk kjem seg trygt heim til familiane sine.
Vi vil bidra til å styrkje arbeids- og levevilkåra til sjøfolka, og sørgje for at kompetansen til dei om bord følgjer utviklinga i maritim næring. Ikkje minst skal tala på mobbing og trakassering i skipsfarten ned.
Vidare skal vi vere ein framoverlent og kompetent samarbeidspartner innan ny teknologi og grøne energiberarar. Saman med næringa skal vi finne gode, miljøvenlege og trygge løysingar.

Internasjonal påverknad
Vi vil òg halde fram med å byggje kompetanse, levere gode digitale løysingar og vere ei attraktiv og verdsleiande sjøfartsadministrasjon.
Noregs aktive deltaking i IMO (International Maritime Organization) står sentralt for at norske løysingar og innovasjon kan bli internasjonal standard.
Mi ambisjon er at Noreg og Sjøfartsdirektoratet skal bli verdas beste sjøfartsadministrasjon, og at vi om ti år kan seie at vi fekk det til. At vi fekk sjøfolka trygt heim til sine kjære. At vi fann løysingane på eit trygt grønt skifte. Og at den norske maritime klynga og det norske flagget framleis er verdsleiande, stolte og attraktive.
Kontakter
Marit NilsenSjøfartsdirektoratet
Tel:95148127Tel:95148127mani@sdir.noDag Inge AarhusSjøfartsdirektoratet
Tel:95741729Tel:95741729dia@sdir.noAndre språk
Følg pressemeldinger fra Sjøfartsdirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sjøfartsdirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sjøfartsdirektoratet
Historisk lave dødstall i fritidsbåtulykker i 20259.1.2026 07:30:58 CET | Pressemelding
17 mennesker mistet livet i fritidsbåtulykker i Norge i 2025. Det er det laveste antallet siden Sjøfartsdirektoratet begynte å registrere fritidsbåtulykkene i 2001.
Verneombud savner involvering og støtte7.1.2026 10:17:34 CET | Pressemelding
Resultatene fra spørreundersøkelsen om maritim sikkerhet i 2025 viser at verneombudstjenesten på norske skip har betydelig forbedringspotensial. Flere opplever uklare roller og begrenset tid til å utføre oppgavene.
Staten overtar kystradiotjenesten fra Telenor16.12.2025 08:35:16 CET | Pressemelding
Fra 1. januar 2026 overtar staten eierskap, forvaltning og drift av kystradiotjenesten fra Telenor. Dette skjer etter en grundig prosess og tett samarbeid mellom Kystverket, Hovedredningssentralen, Sjøfartsdirektoratet og Telenor, for å sikre en sømløs overgang uten driftsavbrudd.
Klar sammenheng mellom arbeidsmiljø og sikkerhet til sjøs10.12.2025 08:59:22 CET | Pressemelding
Mobbing og trakassering om bord på et fartøy rammer ikke bare trivselen – men også sikkerheten. Sjøfolk som opplever dårlig arbeidsmiljø har langt høyere risiko for nestenulykker og alvorlige hendelser. Kvinner og minoriteter er mest utsatt.
Mannskap bryter sikkerhetsprosedyrer under tidspress3.12.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Nesten 30 prosent av sjøfolk innrømmer at de ser seg nødt til å bryte sikkerhetsprosedyrer for å få jobben gjort. Tidspress og krav til effektivitet er blant hovedårsakene. Det går fram av årets spørreundersøkelse om maritim sikkerhet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom