– Viktig rapport for Rogaland
10.11.2025 12:14:30 CET | Riksantikvaren | Pressemelding
Nye kulturmiljø med i nasjonal oversikt.

– No er 18 nye område lagt til den eksisterande oversikta over kulturmiljø av nasjonal interesse i Rogaland, seier Thea Aaberge Wikander, rådgjevar i seksjon for arealplanlegging og miljø hjå Riksantikvaren.
– Rogaland har allereie ei oversikt over kulturmiljø i by og kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse. Den nye rapporten fangar opp ei større bredde av kulturmiljø som elles ikkje har vore inkludert, seier Wikander.
Dei nye kulturmiljøa supplerer den samla oversikta over kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse i Rogaland. Rapporten er skriven av Rogaland fylkeskommune, og arbeidet er gjennomført i nært samarbeid med Riksantikvaren og kommunane.
– Denne rapporten er viktig, både for folk i Rogaland og dei som skal forvalte og sikre gode bymiljø og dei vakre landskapa rundt omkring i fylket, seier Wikander.
Store variasjonar
Rogaland er eit fylke med lange kyststrekk, by og land, breie fjordar og smale fjordarmar, daler, hei og fjelltrakter mot aust. Fylket har utvikla seg variert, men med særpreg som vi kjenner att som typisk for Rogaland. Dei store variasjonane i landskap og kulturmiljø sett premissane for variasjonar i landbruk, kystkultur, utnytting av ressursar og levemåte.
– Oversikta er eit kunnskapsgrunnlag for planlegging, og ikkje eit vern. Kulturmiljø og landskap vil alltid være i endring, seier Wikander.
Det er stor variasjon blant dei nyleg tilførte kulturmiljøa. Her finn ein blant anna det maritime kulturmiljøet mellom Engøy, Sølyst og Natvigs Minde i Stavanger. Dette er eit viktig kulturhistorisk område som inkluderer sjøområde og holmar, som representerer kystkulturen i Noreg. Andre kulturmiljø er Visnes gruveområde, eit gruvesamfunn med over 100 års storskala gruvedrift, og Vigatunet, eit godt bevart gardsanlegg som også er museum.
– Med denne oversikta skal kulturmiljøforvaltinga tidleg og tydeleg seie ifrå om kva for kulturmiljø som har nasjonal kulturhistorisk interesse. Det vonar vi kan gje sjølvkjensle og eigarskap til dei store verdiane som er i Rogaland, og at det bidreg til ei meir føreseieleg arealforvalting, seier Wikander.
Følgjande landskap i Rogaland er no del av oversikta:
Engøyholmen - Natvigs Minde - Sølyst
Vibrandsøy
Vatneleiren
Gursli og Liland gruver
Rekefjord øst
Elgjestraum - Hølen - Ørsland
Åna fengsel
Fotland
Industristedet Ålgård med funksjonærboliger
Hjelmelandsvågen og Nordbygda
Jelsa
Kilen
Allmannajuvet
Stakland
Leiranger
Visnes gruveområde
Imslandssjøen
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.
Tel:404 65 153Bilder

Lenker
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Verdsarvutstillinga i Aurland opnar8.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
No er utstillinga Vår verdsarv på plass i Heradshuset på Aurlandsvangen.
Luftskipsmasta i Vadsø fredes6.5.2026 06:00:00 CEST | Pressemelding
Landemerket i Finnmark spiller en sentral rolle i norsk polarhistorie. Nå sikres 100-åringen for evigheten.
Luftskipsmasta i Vadsø blir freda6.5.2026 06:00:00 CEST | Pressemelding
Landemerket i Finnmark speler ei sentral rolle i norsk polarhistorie. No blir 100-åringen sikra for æva.
Ber om droneforbud over 27 stavkirker27.4.2026 06:00:00 CEST | Pressemelding
Stavkirkene er blant Norges nasjonalskatter. Nå søker Riksantikvaren om droneforbud over kirkene av hensyn til sikkerheten.
Ber om droneforbod over 27 stavkyrkjer27.4.2026 06:00:00 CEST | Pressemelding
Stavkirkene er blant Noregs nasjonalskattar. No søkjer Riksantikvaren om droneforbod over kyrkjene av omsyn til tryggleiken.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom