Over 1100 naturtiltak fekk støtte i 2025
11.11.2025 08:20:55 CET | Miljødirektoratet | Pressemelding
Meir enn 50 millionar er delt ut i tilskot til grunneigarar, organisasjonar, verksemder og privatpersonar som gjer tiltak for å hjelpe trua natur.

– Det er gledeleg å sjå kor mange som tek ansvar for naturen vår. Innsatsen dei legg ned, gjer ein reell forskjell, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.
Slått av slåttemyr, nye hekkeplattformer for sjøfuglar og fjerning av den framande arten kjempespringfrø er blant tiltaka som har fått støtte frå tilskotsordninga tiltak for å vareta natur i 2025.
Mange av dei trua artane og naturtypane i Noreg treng denne typen hjelp for å få betre tilstand eller rett og slett ikkje forsvinne.
I år kunne 55,2 millionar delast ut til skjøtsel av trua naturtypar, fjerning av framande artar og tiltak for ville pollinerande insekt og andre trua artar gjennom denne ordninga. Vi fekk søknader om til saman 150 millionar.
Sjå kven som fekk støtte i 2025 her: Tilskot til tiltak for å vareta natur - Søknadssenter
13 000 tiltak sidan 2011 – sjå datavisualisering
Dei siste 15 åra har statsforvaltarane og Miljødirektoratet til saman gitt over 600 millionar kroner til meir enn 13 000 ulike tiltak for å vareta trua natur gjennom denne tilskotsordninga.
Miljødirektoratet har samanlikna dataa som viser kva typar prosjekt som har fått tilskot sidan 2011 i ein dynamisk rapport i Power BI:
Naturtiltak - miljodirektoratet.no
Nytt kart viser kvar tiltaka er gjort
Sidan 2019 har tiltaka vorte heimfesta. No kan du sjå desse tiltaka på kart, og dermed sjå om Miljødirektoratet har støtta naturtiltak i nærområdet ditt sidan 2019:
Kartløysinga viser kvar og når det har vorte søkt om tilskot til tiltak, og kva tiltak som har fått tilskot.
Det finst fleire støtteordningar for tiltak som bidreg til å ta vare på natur, som ikkje blir vist på dette kartet. Kartet gir altså ikkje ei komplett oversikt over alle tiltak for naturen.
Nyttig for arealplanlegging
– Denne oversikta gir nye moglegheiter for kommunar og andre som skal vurdere kvar bustadområde og andre byggjeprosjekt skal liggje. Her kan dei sjå område det allereie er investerte pengar, tid og krefter i for å ta vare på viktige naturverdiar. Dermed blir det lettare å ta ekstra omsyn til desse i planlegginga, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.
Kartet kan dessutan gjere det enklare å sjå kvar ein bør prioritere å gjere fleire nye tiltak for å ta vare på naturen, og bidra til å samkøyre tiltaka.
Søk om tilskot
Miljødirektoratet har fleire ulike tilskotsordningar for tiltak som bidreg til å ta vare på naturen.
Fem av desse tilskotsordningane har no fått felles søknadsfrist den 15. januar. Les meir her:
Ny frist: Søk om tilskot til naturprosjekt - miljodirektoratet.no
Vil du bidra på andre måtar?
Her er nokre andre ting du kan gjere for å ta vare på naturverdiar nær deg:
- Bli med lokale lag og foreiningar på aktivitetar eller dugnader i naturen. Eller ta deg ein eigen tur – plukk søppel eller framande artar i nærnaturen.
- Registrer artar du finn i Artsobservasjoner, Artsdatabankens database for registrering av artar
- Gjer deg kjend med kva natur- og kulturmiljøverdiar som er registrerte i nærmiljøet ditt: Naturbase: Natur og miljø på kart - miljodirektoratet.no
- Delta i prosessar der du kan seie di meining, til dømes i høyringar i samband med konsekvensutgreiingar: Konsekvensutgreiingar: Kva er det og korleis går det føre seg? - miljodirektoratet.no
- Gjer hagen eller balkongen meir humle- og bievennleg: Pollinerande insekt - miljodirektoratet.no
- Sørg for at framande artar ikkje kjem seg ut av hagen: Rettleiar: Unngå spreiing av framande artar frå hagen din - miljodirektoratet.no
- Hjelp insekta ved å moderere utebelysninga: Kunnskap om lysforureining samla i ein ny fagrapport - miljodirektoratet.no
Nøkkelord
Kontakter
Pressevakt
Tel:40 10 38 00presse@miljodir.noBilder


Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Klima-støtte til 123 prosjekter i kommuner og fylker28.4.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Kommuner i hele landet får til sammen 130 millioner kroner for å kutte utslipp av klimagasser fra blant annet avfallshåndtering, anleggsplasser og transport.
Klima-støtte til 123 prosjekt i kommunar og fylke28.4.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Kommunar i heile landet får til saman 130 millionar kroner for å kutte utslepp av klimagassar frå mellom anna avfallshandtering, anleggsplassar og transport.
Kommuner og virksomheters avfallshåndtering må forbedres17.4.2026 14:01:59 CEST | Pressemelding
En landsomfattende tilsynsaksjon viser at både kommuner og virksomheter har mangler i ordningene for avfallshåndtering.
Kommunar og verksemders avfallshandtering må forbetrast17.4.2026 14:01:59 CEST | Pressemelding
Ein landsomfattande tilsynsaksjon viser at både kommunar og verksemder har manglar i ordningane for avfallshandtering.
Flere kommuner brøt grenseverdiene for svevestøv i 202516.4.2026 09:58:56 CEST | Pressemelding
Flere steder i Norge ble de lovpålagte grenseverdiene for fint og grovt svevestøv overskredet i 2025.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom