Planlegging av ny Fetsund-bru kan halde fram
7.11.2025 08:15:00 CET | Riksantikvaren | Pressemelding
No varslar Riksantikvaren avfreding for delar av området rundt det freda anlegget Fetsund lenser, og vil gå i dialog med Statens vegvesen om utforming av ny bru for å minske konsekvensane.

No kan Statens vegvesen gå vidare med planlegginga av brua.
– Avfreding er eit sjeldan og drastisk steg, seier riksantikvar Hanna Geiran.
– Det er ikkje noko vi går inn i med lett hjarte, men vi ser at same korleis brua vil sjå ut, vil traseen for den nye brua og trafikkmaskina på land få store konsekvensar for Fetsund lensar.
Traseen for brua har vore fastlagd sidan 2020, og no er Statens vegvesen i innspurten med forslaget sitt til reguleringsplan, som skal vedtakast av Lillestrøm kommune. Akershus fylkeskommune avslo søknaden til vegvesenet om dispensasjon frå fredinga, fordi brua vil få vesentlege negative konsekvensar for det freda lenseanlegget.
– Vi er samde i vurderinga frå Akershus fylkeskommune om at dei negative konsekvensane er for store til at det rettsleg sett er mogleg å gi dispensasjon frå fredinga, sier Geiran.
– Derfor er det einaste moglegheita å varsle avfreding av det området som kjem nærast brua, forklarer Geiran.
Og held fram:
– Vi avventar behandlinga av reguleringsplanen i Lillestrøm kommune for å få ei sikker avklaring av omfanget av traseen, plassering av brutårnet og andre forhold. Dette vil avgjere kor stor del av anlegget som avfredingsvarselet vil omfatte.
Gjennom ei eiga tilleggsutgreiing av fleire alternativ for brua, har Statens vegvesen påpeika at alternative måtar å byggje brua på vil vere både vesentleg dyrare, i storleiken 1,5- 1,7 milliardar kroner, ta lengre tid og gi større inngrep i det freda kulturmiljøet.
Freda anlegg frå 1861
Lenseanlegget vart freda i 1987. Fredinga gjeld for anlegget i elva og over 20 bygningar. Fetsund lenser vart etablert i 1861, og var eit av dei største lenseanlegga i landet for tømmer i sitt slag. Det var i aktiv drift fram til 1985.
Fredinga kom etter dagens bru, men den nye brua blir både breiare og høgare. For å unngå å byggje nye pilarar og brukar i elva har vegvesenet valt ei såkalla skråstagløysing. Dei nye brutårna er førebels planlagde til å rage opp mot 85 meter over køyrebanen på det høgaste.
Statens vegvesen har invitert til dialog om å gjere dei høge staga på brua lågare og brua slankare for å redusere påverknaden på landskapet og Fetsund lensar.
– Det er ingen tvil om at den nye brua vil endre landskapet på Fetsund, konstaterer Geiran.
– Difor er det svært viktig for oss å sjå på kva justeringar som er mogleg å gjere for å forbetre situasjonen for lenseanlegget, sier ho.
Historikk for den nye brua
Kommunestyret i Fetsund vedtok planprogram for den nye vegen i 2015. Deretter valde Statens vegvesen løysing, og la fram eit forslag til kommunedelplan.
Riksantikvaren hadde motsegn til planen, men trekte motsegna etter at Statens vegvesen ville oppfylle krava til at den nye brua ikkje skulle få fundament ned i elveløpet. Deretter vart kommunedelplanen vedteken i 2020.
Statens vegvesen følgde opp Riksantikvarens motsegn, og dagens bruløysing har ikkje brukar, men er ein hengjebrukonstruksjon. Før planen skal leggjast fram, søkte Statens vegvesen om dispensasjon frå fredinga for bruarbeidet.
Akershus fylkeskommune avslo dispensasjonen, og det er klaga frå Statens vegvesen på avslaget som Riksantikvaren no har behandla.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.
Tel:404 65 153Bilder



Om oss
Riksantikvaren er eit direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og me er rådgivaren til departementet i alle saker som gjeld kulturminne og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordna kulturminnestyresmakta og ansvarleg for å setja i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Me har eit fagleg ansvar overfor kommunane, fylkeskommunane, Sametinget, Sysselmeisteren på Svalbard og forvaltningsmusea på kulturminnefeltet.
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Riksantikvaren lyser ut 3,4 millioner kroner til bygder, byer og næring og industri3.3.2026 09:32:28 CET | Pressemelding
Riksantikvaren lyser ut 3,4 millioner kroner til prosjekter som vil ta i bruk kulturarven som ressurs i utvikling av kulturmiljø i bygder, byer, næring og industri.
Riksantikvaren lyser ut 3,4 millionar kroner til bygder, byar, næring og industri3.3.2026 09:32:28 CET | Pressemelding
Riksantikvaren lyser ut 3,4 millionar kroner til prosjekt som vil ta i bruk kulturarven som ressurs i utvikling av kulturmiljø i bygder, byar, næring og industri.
12 millioner til brannsikring av viktige trehus23.2.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
I 2026 deler ni fylker 12 millioner til brannsikring av våre verdifulle trehusområder.
12 millionar til brannsikring av viktige trehus23.2.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
I 2026 deler ni fylke 12 millionar til brannsikring av våre verdifulle trehusområde.
7 millioner til middelalderhus i fem fylker19.2.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Huseierne av den rike bygningsarven fra middelalderen får nå utbetalt 7 millioner i tilskudd.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom