Innovasjon Norge

Renndølsetra vinner regional landbrukspris

Del

Renndølsetra vinner bedriftutviklingsprisen for landbruket i Møre og Romsdal for 2025.

Prisvinnar Eystein Opdøl mottok prisen frå Mari Klokk Leite frå Innovasjon Norge.
Prisvinnar Eystein Opdøl mottok prisen frå Mari Klokk Leite frå Innovasjon Norge. Foto: Innovasjon Norge

Eystein Opdøl og Jan Håvard Knee fra Renndølsetra tok imot prisen som vart utdelt av Innovasjon Norge under Innovasjonsfestivalen i Åndalsnes 6. november. Dei er stolte over tildelinga: 

– Vi er utruleg stolte og takksame for denne anerkjenninga frå Innovasjon Norge. Prisen er ein fantastisk motivasjon for arbeidet vårt med lokalmat, reiseliv og tradisjonell seterdrift i Innerdalen, fortel prisvinnar Eystein Opdøl. 

Regiondirektør for Innovasjon Noreg i Møre og Romsdal, Helge Gjerde, meiner at Renndølsetra er eit førebilete for landbruk- og reiselivsbedrifter: 

–  Renndølsetra er eit godt eksempel på korleis landbruket kan skape nye inntektsstraumar gjennom opplevingsbasert reiseliv. Verksemda kombinerer kulturarv, naturformidling og nyskaping på ein måte som styrker både lokalsamfunn og norsk reiseliv, seier Gjerde.   

Tradisjon og nyskaping 

Renndølsetra har røter tilbake til 1740, og blir i dag driven av Eystein Opdøl og Jan Håvard Knee. Dei kombinerer tradisjonelt seterdrift med ekte opplevingar for gjester. Slik har setra utvikla seg til å bli ein heilskapleg stad med overnatting, seterkafé, lokal mat og turar i naturen. 

All mjølk blir foredla på setra og brukt i maten som blir servert, eller seld vidare. Vertskapet deler kunnskap om natur og kultur med gjester frå heile verda, og med dei mange ungdomane som har si første sommarjobb her. Renndølsetra viser korleis gamle tradisjonar kan leve vidare, samstundes som ein skapar noko nytt. 

Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 
Innovasjon Noreg deler kvart år ut bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. Det er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdene og landbruket sine ressursar. Kvart år blir det kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner. Dei fylkesvise vinnarane kjempar deretter om den nasjonale prisen på 250 000 kroner. 

Nøkkelord

Kontakter

Følg pressemeldinger fra Innovasjon Norge

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Innovasjon Norge

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye