Har sikra dei fire mest skredutsette fjellovergangane i Sør-Noreg
4.11.2025 07:00:00 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
Dei mest skredutsette fjellovergangane i Sør-Noreg har fått nye skredtårn på plass før vinteren, for å hindre ukontrollerte snøskred mot open veg.

– Ved å bruke teknologi til å hjelpe naturen, får vi færre stengingar for trafikantane, seier vegdirektør Ingrid Dahl Hovland.
I sommar og haust er det bygd 23 skredtårn på E134 Haukelifjell og riksveg 15 Strynefjellet, og i slutten av oktober kom dei siste magasina for sprengstoff på plass i skredtårna på riksveg 13 over Vikafjellet.
Hjelper naturen
Snøskredtårn er faste installasjonar som kan fjernstyrast via ein app. Herifrå kan skred løysast ut kunstig.
Slik hjelper Statens vegvesen naturen med å halde vegane opne og trygge. I tillegg til faren for snøskred over open veg, kan vegar bli stengde når det er fare for skred.
Men i staden for å stenge vegen medan naturen går sin gang, kan skred løysast ut frå skredtårna og ved hjelp av sprengstoff eller gass. Dermed får også entreprenørane som driftar fjellovergangane ein tryggare arbeidskvardag.
Meir opne vegar
Med skredtårna på Vikafjellet er Statens vegvesen i mål med å sikre nokre av dei viktigaste fjellovergangane i Sør-Noreg. Den fysiske infrastrukturen er på plass, og no blir teknologien vidareutvikla.
Statens vegvesen er i front med å utvikle og teste sensorar for snødjupn, snødrift og snødekke. Ein dronestasjon skal testast for å levere data til betre snødekkemodellar, som igjen skal gje betre snøskredvarsel. Ved hjelp av informasjon frå snøskredtårna blir vegane tryggare, samstundes som dei er minst mogleg stengde.
I mål med tårn i Sør-Noreg
I fjor blei det bygd skredtårn på riksveg 7 Hardangervidda, og dei første skredtårna kom opp på Haukelifjell. I løpet av to år er altså totalt 13 kjende skredpunkt på fire av dei viktigaste vegsambanda i Sør-Noreg sikra med 31 skredtårn.
Satsinga har kosta 65 millionar kroner, der dei fysiske installasjonane utgjer 55 millionar.
Betre skredvarsling
Statens vegvesen arbeider også med å utvikle eksisterande skredvarslingsanlegg, slik at trafikantar kan få informasjon i sanntid på skilttavler. I tillegg er det ulike forsøk med fiberkabel og radarløysingar som skal styrke moglegheita til å føreseie skred.
Held fram i Nord-Noreg
Neste år startar bygging av skredtårn på riksvegar i Nord-Noreg. I første omgang vil Statens vegvesen prioritere E69 i Nordkapp, riksveg 94 i Hammerfest og E6 Langfjorden i Alta. Prosjekteringsarbeidet på desse strekningane er allereie godt i gang.
Les meir om korleis Statens vegvesen bruker teknologi for handtering av naturfare.
Nøkkelord
Kontakter
Njål FarestveitStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:99715116njaal.farestveit@vegvesen.noPressevakt Drift og vedlikehold
* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet * Brøyting/strøing/salting * Asfalt * Rekkverk * Bruer * Tunneler * Fjelloverganger * Rasteplasser * Inspeksjoner * Ferje
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
E18/E39 i Kristiansand: Større omlegging av gang- og sykkeltrafikk samt kollektivtrafikk6.3.2026 14:20:02 CET | Pressemelding
20. mars 2026 blir det omlegging av gang- og sykkeltrafikk samt kollektivtrafikk i forbindelse med prosjektet E18/E39 Gartnerløkka – Kolsdalen.
E134 Etne: Vellykka sprenging ved Fjæra fredag6.3.2026 14:14:02 CET | Pressemelding
I dag gjorde Statens vegvesen ei vellukkra spreging av steinblokkar frå losneområdet ved Fjæra.
Ny løsning gir sanntidsdata om vind på utsatte bruer6.3.2026 14:06:57 CET | Pressemelding
Statens vegvesen lanserer nå en etterlengtet funksjon som lar trafikantene selv følge vindforholdene på utvalgte bruer – direkte og i sanntid på vegvesen.no/trafikk og i Vegvesen Trafikkappen.
Stor skredfare i Nord‑Norge – veier kan bli stengt på kort varsel6.3.2026 13:02:17 CET | Pressemelding
Det er stor snøskredfare i deler av Nord-Norge de kommende dagene. Veier kan bli stengt på kort varsel.
Undersøker stein fra Lerstadtunnelen5.3.2026 12:50:42 CET | Pressemelding
Statens vegvesen har avdekket forhøyede nivåer av nikkel og krom i ca. 8000 kubikkmeter med stein fra Lerstadtunnelen. Massene er nå mellomlagret i Breivika, mens videre undersøkelser pågår.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom