Markerte oppstart på E39 Veibustkrysset
Statssekretær Tom Kalsås og Sula-ordførar Turid Humlen tok mandag første spadestikk for utbetring av E39 Veibustkrysset.

- Denne dagen har vi venta på i rundt 30 år! Dette er ein festdag for Sula kommune, sa ordførar Turid Humlen, då ho stakk spaden i jorda saman med statssekretær Tom Kalsås.
Vegkrysset like sør for Ålesund dannar ein flaskehals for dei som skal av og på E39, og trafikken kjem ofte puljevis mata av dei to ferjesambanda E39 Festøya-Solavåg og fv. 61 Hareid-Sulesund. Krysset har vore ulykkesbelasta, og skal no byggast om til eit toplanskryss med kulvert under E39.
Gjer det tryggare
- Arbeidet vil løyse køproblematikk, forbetre trafikktryggleiken og gje betre tilhøve for gåande og syklande. Endeleg får me satt spaden i jorda for nye Veibustkrysset, sa statssekretær Kalsås.
Markeringa gjekk føre seg på oppsida av krysset, og entreprenør Busengdal AS hadde køyrt fram ein gravemaskin som stod klar til å gyve laus så snart oppstartsmarkeringa var unnagjort. Både kake, sveler og kaffe vart servert til gjestene som var møtt opp for å få med seg markeringa.
Utfordrande kryss
Det er utfordrande å komme seg inn på E39 frå lokalveg/industriområde på grunn av den store trafikken på E39. Spesielt når ein skal svinge til venstre og må ha klar køyrebane i to retningar, kan ein bli ståande lenge før ein kjem seg inn på E39. Dette er også med på å skape farlege situasjonar.
No skal mellom anna eksisterande bru under E39 rivast, og det skal byggjast ny bru med to køyrebaner og fortau under brua. Eksisterande busslommer inntil E39 skal stå omtrent som før, og det skal byggjast nødvendig gangvegsystem frå busslommene og fram til kommunalt vegnett.
Framkomsten på E39 vil bli omtrent uendra når krysset er ferdig utbetra, men for dei som skal av og på hovudvegen blir det som natt og dag. Prosjektet skal stå ferdig våren 2027.
Kontakter
Ole Kristian BirkelandProsjektleder Statens vegvesen Utbygging
Tel:90968712ole.birkeland@vegvesen.noBilder






Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Opning av Rv. 555 Sotrasambandet blir forseinka16.1.2026 13:10:54 CET | Pressemelding
OPS-prosjektet Rv. 555 Sotrasambandet skulle opna 1. juni 2027. Arbeidet med brutårna til Nye Sotrabru har tatt lengre tid enn planlagd, og riksvegen kan opne tidlegast 4. kvartal 2027.
Svært glatt på vegene i Østfold og Oslo-området15.1.2026 12:27:08 CET | Pressemelding
Selv om det er plussgrader i lufta, kan det være frost på bakken, slik at det fryser til på vegbanen.
Beredskapsøving på rv.52 Hemsedalsfjellet13.1.2026 19:22:10 CET | Pressemelding
Statens vegvesen gjennomfører ei stor beredskapsøving saman med mellom anna frivillige, politi, brannvesen og ambulanse torsdag 15. januar.
Mye snø kan gi krevende kjøreforhold i Oslo-området onsdag morgen13.1.2026 14:56:39 CET | Pressemelding
Det kan bli krevende kjøreforhold mange steder på Østlandet tirsdag kveld og onsdag morgen.
Fortaus-jobb på Roa lyst ut13.1.2026 14:29:53 CET | Pressemelding
Statens vegvesen søker nå etter entreprenør til å bygge én km fortau.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom