Kulturminneprisen til kystkulturens mann i Troms
Riksantikvaren gir årets kulturminnepris til eldsjela Ole-Magnus Ellefsen frå Grovfjord.

– Der andre ser skrot, ser Ole-Magnus Ellefsen gull, seier riksantikvar Hanna Geiran.
– Få har lagt så mykje innsats i å formidla kystkulturen som Ellefsen. Han viser kor mykje kompetanse Nord-Noreg sit på, som heile landet kan læra av, seier Geiran.
Frå havbotnen til Grovfjord
Heile sitt vaksne liv har Ole-Magnus Ellefsen (81) brukt fritida si på kystkultur, og han har investert både tid og pengar i det frivillige arbeidet.
Ellefsen har vore leiar i Astafjord kystlag sidan starten, og er skipper på skuta M/K Folkvang.
Skuta vart kjøpt av kystlaget i 1992, då ho låg på havbotnen i Oslo. Men M/K Folkvang vart heva og frakta på lekter til Grovfjord.
Der vart den dokumentert og restaurert dei neste 12 åra, i samarbeid med Riksantikvaren, Grovfjord båtbyggjeri, Grovfjord mek. verkstad, Gratangen Fartøyvernsenter og Hardanger fartøyvernsenter. Båten har heimehamn ved Huset i Havet i Grovfjord, og om vinteren deltek skuta i Lofotfisket.
– I Noreg har me levd ved og av havet til alle tider, og kysten fortel ein viktig del av historia vår. Kystkulturen er ein viktig del av forteljinga om Noreg, om kven me er og kvar me kjem frå, seier Geiran.
Skaffet Huset i Havet
Ellefsen var aktiv i arbeidet med å flytta Huset i Havet, som var ein tidlegare skule, til Grov. I dag er det eit kulturhus og samlingsstad i bygda.
No har Ellefsen fylt 81 år, men han er framleis ei drivkraft og ressurs lokalt og regionalt.
– Ellefsen har sett spor etter seg i bygda og kystkulturmiljøet i heile landet ved å sjå både menneska og kulturminna, seier Geiran.
– Mange kan takka han for gode opplevingar som mannskap om bord og i dugnadsarbeidet på land, seier Geiran.
Engasjementet for frivillig arbeid er stort, og Ellefsen bruker enormt mange timar og eigne midlar for å ta vare på og setja i stand bygningar, fartøyvern, formidla historier, arrangera konsertar og andre kulturarrangement.
Ellefsen er også aktiv i arbeidet med barn og unge, og deltek aktivt i kystkulturveka til skulen - som har vorte arrangert kvar haust på Grov skule i 25 år.
I tillegg til fartøy og bygningar, er Ellefsen ein pådrivar for å bevara og føra vidare kunnskapen om så ulike område som barking av segl, segling med gaffelrigg, vedlikehald av trebåtar, fiska, tømring og smiing.
Riksantikvarens kulturminnepris
Riksantikvarens kulturminnepris blir delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for:
-
registrering, bevaring og/eller restaurering av kulturminne
-
formidling av kulturminne, nasjonalt eller regionalt
-
bruk/gjenbruk og vedlikehald av kulturminne
-
frivilllig innsats for bevaring av kulturarven
Prisen består av eit kunstverk og diplom. I tillegg mottar vinnaren 75 000 kroner.
Dersom vinnaren er ein offentleg institusjon, vil pengepremien bli gitt til ein frivillig organisasjon eller eigar, som vinnaren kan bestemme.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.
Tel:404 65 153Bilder



Andre språk
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
I disse kirkene vil du merke forskjell til jul19.12.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Kirketilskuddene fra Kirkebevaringsfondet begynner nå å synes for kirkegjengerne og lokalsamfunnene.
Riksantikvaren anbefaler vikingarven som verdensarv15.12.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Syv vikingskipsgravhauger blir nå anbefalt til Norges venteliste for verdensarv.
Riksantikvaren tilrår vikingarven som verdsarv15.12.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Sju vikingskipsgravhaugar blir no tilrådde til Noregs venteliste for verdsarv.
– Den farligste tiden for et bygg28.11.2025 10:50:57 CET | Pressemelding
Brann rammer en rekke kulturminner hvert år. To ting er spesielt farlige: oppussing og desember måned.
Disse 26 stedene i Trøndelag kan få nasjonal status21.11.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Se oversikt: Et utvalg av landskap i Trøndelag vurderes som nasjonalt viktige.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom