Jerseymeieriet vinn landbrukspris!
Det fjerde største meieriet i Norge vinn bedriftutviklingsprisen for landbruket i Rogaland.

– Å vinne bedriftutviklingsprisen for landbruket i Rogaland betyr utruleg mykje for oss i Jerseymeieriet. Det kjennes som eit stort klapp på skuldra for alt arbeidet vi har lagt ned. Vi er stolte over at satsinga vår på kvalitet, berekraft og lokal verdiskaping vert lagt merke til og verdsatt, fortel prisvinnar, gründer og daglig leiar Sonja Herikstad Skårland.
På få år har Jerseymeieriet frå Bryne vekst til å bli Norges fjerde største meieri. Det er i dag det einaste meieriet som lagar produkt av rein Jerseymjølk og selg i daglegvare. Dei 85 jerseykyrne er små, nysgjerrige, har eit godt lynne, er fôreffektive og produserer mjølk med ca. 50 prosent høgare feittinnhald og 30 prosent høgare proteininnhald.
Regiondirektør for Innovasjon Norge Rogaland, Kari Holmefjord Vervik, er djupt imponert over kva dei flittige mjølkebøndene på Bryne har fått til:
– Det er utruleg flott å sjå kva jærsk drivkraft kan skapa på berre fire år! Jerseymeieriet har blitt ein suksess på grunn av hardt arbeid, fokus på kvalitet, berekraft og god forretningsteft. Sonja har med meieriet foredla og auka verdiskapinga på den unike Jerseymjølka både for garden og lokalsamfunnet, meinar ho.
Ekte handarbeid
Dei 85 kyrne beitar ute nesten halve året, ligg på vannmadrasser og får svært godt stell av bonden. Det gjev gode råvarer. Ved hjelp av godt håndverk og produktutvikling blir dette omgjort til mjølk, smør, rømme, yoghurt, camembert og is. Produkta kan ein få tak i på over 100 utsal, spreidd frå Agder til Finnmark. Sonja og Per Ådne Skårland er opptekne av å ta vare på råvarene og nytte heile mjølka, både fløyten og skummamjølka. Dette har ført tilprodukt på heile spekteret. Både fettrike og nokon magre produkt, fulle av protein. Det unike med Jerseymeieriet er nettopp denne kombinasjonen av kvalitet og kvantitet. Heilmjølka deira vart kåra til «Årets meieriprodukt» på Årets Måltid i 2022 og smøret fekk same pris i 2024.
Med andre ord har Jerseymeieriet klart det som svært ofte er vanskeleg med bedriftsutvikling i landbruket - å byggja ein stor og lønsam foredlingsbedrift basert på garden sine ressurser. Dei har full kontroll i heile verdikjeda, driv grasbasert husdyrproduksjon og legg stor vekt på å vera mest mogleg sjølforsynt med fôr. Dei nyttar ikkje soya eller anna langreist fôr. Og dei har meir å gå på for endå meir vekst framover, i dag går 350 000 av ein total mjølkeproduksjon på 650 000 liter innom meieriet.
Blant dei 13 tilsette finnes det mange unge og kvinner frå lokalsamfunnet. Dei fire døtrene på garden har delteke i oppbygginga, og den eldste er på plass som sals- og marknadssjef. Dei brukar moderne utstyr for å sikre effektiviteten i meieriproduksjonen, men kvart produkt er framleis prega av ekte handarbeid, der gardens ressursar vert nytta til det fulle.
Bedriftsutviklingsprisen i landbruket
Innovasjon Noreg deler kvart år ut bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. Det er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdene og landbruket sine ressursar. Kvart år blir det kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner. Dei fylkesvise vinnarane kjempar deretter om den nasjonale prisen på 250 000 kroner.
Nøkkelord
Kontakter
Herman RingstadKommunikasjonsrådgiver
Tel:480 40 535herman.ringstad@innovasjonnorge.noFølg pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Garanti for suksess19.12.2025 12:15:00 CET | Pressemelding
Bedrifter i en tidlig fase får lån de ellers ikke ville ha fått gjennom samarbeid mellom bankene og Innovasjon Norge. Mange bedrifter har mulighet til å betjene lån, men kan ikke stille sikkerhet. Da garanterer Innovasjon Norge 75 prosent av lånet og kreditten.
«Skyssen» vinn landbrukspris!10.12.2025 13:50:16 CET | Pressemelding
Oldedalen Skyss AS kåra til fylkesvinnar av Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2025 i Vestland.
Innovasjon Norge får ansvar for næringslivsbesøk til Norge26.11.2025 11:13:58 CET | Pressemelding
Innovasjon Norge har fått ansvaret for innkommende næringslivsdelegasjoner til Norge, og lager et system der utenlandske miljøer kan søke om hjelp til besøk til Norge. Målet er å bidra til økt eksport, investeringer og verdiskapende samarbeid mellom norske og utenlandske aktører.
Innovasjon Norge fordeler 19 millioner til innovasjonsmiljøer25.11.2025 08:00:00 CET | Pressemelding
I alt får 13 ulike miljøer opp mot tre millioner kroner i tilskudd fra Innovasjon Norge til å utvikle og levere innovasjonstjenester til oppstartsbedrifter. Målet er å styrke miljøene og aktørene som bidrar til å utvikle entreprenørskap og innovasjon i Norge.
Ingar Valvik ny regiondirektør Innovasjon Noreg Vestland21.11.2025 09:00:00 CET | Pressemelding
Av over 70 søkarar til stillinga, trakk Ingar Valvik det lengste strået.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom