9 av 10 fryktar sabotasje: Nkom ber små verksemder sikre systema no
31.10.2025 09:36:35 CET | Nasjonal kommunikasjonsmyndighet | Pressemelding
Ei undersøking viser at 89 prosent av befolkninga i ulik grad er uroa for sabotasje mot kritisk infrastruktur som mobil- og internettkablar. Sikkerheitsdirektør meiner det er grunn til å vere bekymra.

– Mobil og internett er noko vi er heilt avhengige av – både i kvardagen og når det oppstår ei krise. Difor er det viktig at bransjen har oppdaterte sikkerheitsrutinar. Vi trur mange framleis har ein jobb å gjere for å verne seg mot truslar og sikre tenestene sine, seier sikkerheitsdirektør Svein Scheie i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom).
Frykta for sabotasje kjem til uttrykk i ulik grad hos nær 9 av 10 i samfunnet, viser ei undersøking Respons Analyse har gjort på vegne av Nkom. Berre 11 prosent svarer at dei ikkje er bekymra eller at dei ikkje veit.
– Meir ekstremvêr, hybride truslar og cyberangrep har dessverre vorte ein del av kvardagen. Regjeringa vil difor auke innsatsen for å sikre mobil- og breibandsnetta våre endå betre framover med ny sikkerheitsplan for digital infrastruktur, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.
Regjeringas nasjonale sikkerheitsstrategi blei lagt fram i mai av ein statsminister som var tydeleg på at verda har vorte meir farleg og uforutsigbar. Eitt av dei tre strategiske hovudprioriteringane er å gjere det norske samfunnet meir motstandsdyktig mot ytre truslar.
Utnytter verdikjeder
Tidligare i år åtvara Nasjonal sikkerheitsmyndigheit (NSM) om at små verksemder som leverer tenester til viktige samfunnsfunksjonar, kan vere ekstra utsette for sabotasje. Store aktørar som Telenor eller Telia kan vere avhengige av underleverandørar for lokal infrastruktur. Eit angrep mot ein liten aktør kan difor råke tenester hos dei store selskapa.
– Fleire hendingar det siste halvåret illustrerer korleis styringssystem og verdikjeder kan utnyttast, og at små verksemder ofte er inngangsporten. Vi får diverre ikkje gjort noko med trusselbiletet. Det vi kan og bør gjere, er å verne oss sjølve og verdiane våre. Vi må gjere oss mindre attraktive som mål, seier Scheie.
Han rådar små verksemder til å setje i gang tre strakstiltak:
- Gjer angrep mindre attraktivt
Slå på flerfaktorautentisering (MFA), bruk sterke passord og steng direkte internettilgang til driftssystemer.
- Stram inn leverandørtilgang
Alle som skal bruke systemet bør ha si eiga personlege innlogging, tidsavgrensa tilgangar og sørgje for å loggføre alle endringar.
- Sikre drift ved angrep
Ta reservekopi jamleg og oppbevar desse åtskilde frå servere. Øv på «kva gjer vi no?»-scenario, og legg til rette for manuelle rutinar ved straumbrot der det er mogleg.
Les heile saken på nkom.no.
Om undersøkinga:
Tala er henta frå ei landsrepresentativ nettundersøking gjennomført av Respons Analyse 19.–30. juni 2025 blant 1 062 personer over 18 år. Data er vekte på kjønn, alder og region for å sikre at resultata speglar befolkninga. Feilmarginen er på minst ±5 prosentpoeng, noko som tyder at vi med 95 % tryggleik kan seie at skilnadene vi rapporterer, er reelle.
Nøkkelord
Kontakter
Svein Sundfør ScheieSikkerhetsdirektør i Nasjonal kommunikasjonsmyndighet
Tel:95211189sss@nkom.noRita Lund ThuneKommunikasjonsdirektørNasjonal Kommunikasjonsmyndighet
Tel:+47 922 06 466rlt@nkom.noBilder


Lenker
Følg pressemeldinger fra Nasjonal kommunikasjonsmyndighet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nasjonal kommunikasjonsmyndighet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nasjonal kommunikasjonsmyndighet
Varsler tilsyn med Telia etter datainnbrudd25.2.2026 08:52:08 CET | Pressemelding
Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) vil gjennomføre tilsyn hos Telia etter melding om omfattende datainnbrudd.
Store forskjeller i sikkerhetsnivå hos datasentre23.2.2026 13:56:41 CET | Pressemelding
En ny tilsynsrapport viser store forskjeller innen digital sikkerhet hos datasentre i Norge. Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) ber flere av dem iverksette tiltak for å bedre sikkerheten.
Svindeltapene stuper19.2.2026 13:02:51 CET | Pressemelding
Ferske tall fra Finanstilsynet viser at bankenes svindeltapstall er redusert med 35 prosent på bare seks måneder. Mye tyder på at tiltak i ekombransjen er en viktig årsak til nedgangen.
Mobilen kan svikte når du trenger den mest19.2.2026 09:58:29 CET | Pressemelding
Vinterferien har startet for store deler av Sør-Norge og mange legger turen til hytte og fjell. Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) advarer om at kulde, varierende dekning og stor tillit til mobil og smartklokke fort kan bli en uheldig affære.
Myndighetene ber flere rapportere svindel10.2.2026 14:25:33 CET | Pressemelding
Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) oppfordrer flere til å rapportere svindelforsøk.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom