Riksantikvaren

Nasjonalt viktige stadar i Vestfold på høyring

Del

Riksantikvaren og Vestfold fylkeskommune sender ein ny oversikt over 41 kulturmiljø i byer, bygder og landskap på høyring.

Barn i Borreparken i Vestfold.
Borre er eit av 41 kulturmiljø og landskap i Vestfold som no er på høyring. Trude Aga Brun, Vestfold fylkeskommune.

Den nye oversikta peiker ut nasjonalt kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse i heile Vestfold, og er basert på en ny rapport frå Vestfold fylkeskommune.  
 
Målet er ei oversikt som skal syne mangfaldet av kulturmiljø i by, bygd og landskap i fylket. Oversikta skal først og fremst gje kunnskap for kommunane og andre styresmakter. Den er ikkje ein verneplan, og områda vert ikkje freda.  
 
–  Vi vil gjerne ha tilbakemeldingar på forslaget, seier rådgjevar Thea Wikander. 
– Er det noko vi har gløymd, eller har du faktaopplysningar som du meiner er viktige for oversikta? Da vil vi gjerne høyre frå deg! 

Les rapporten her. Høyringsfrista er 15.02.26. 

Sjå oversikta her:  

Holmestrand kommune: 

  • Eidsfoss
  • Vålegrenda
  • Kirkegaten og Nordre Kleiv 

Horten kommune: 

  • Karljohansvern
  • Keisemark
  • Storgata
  • Borre
  • Åsgårdstrand 

Tønsberg kommune: 

  • Jernalderbygd med setre rundt Revovannet
  • Oseberghaugen og Slagendalen
  • Jarlsberg hovedgård
  • Slottsfjellet og Tønsberg middelalderby
  • Nordbyen
  • Fjerdingen
  • Gamle Tønsberg sentrum
  • Haugarlia 

Færder kommune: 

  • Færder nasjonalpark 

Sandefjord kommune: 

  • Høyjord
  • Håøya og Sundåsen
  • Gokstad
  • Nybyen
  • Murbyen i Sandefjord sentrum
  • Rukla
  • Bjerggata og Preståsen
  • Hystadveien
  • Parken
  • Jåberg,  Istrehågan, Marumdalen, Haugen og Vestad 


Larvik kommune: 

  • Bøkeskogen
  • Hammerdalen
  • Langestrand
  • Storgaten, Steinane og Bøkkerfjellet
  • Herregården og Tollerodden
  • Torstrand
  • Vikingstidsbyen Kaupang
  • Kjerringvik
  • Ula
  • Brunlanes
  • Stavern
  • Nevlunghavn
  • Mølen
  • Oddane fort 

Kontakter

PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.

Tel:404 65 153

Bilder

På Eidsfoss lå det eit jarnverk, og det vart bygga arbeiderbustadar kring verket.
På Eidsfoss lå det eit jarnverk, og det vart bygga arbeiderbustadar kring verket.
Rune Nordseter, Vestfold fylkeskommune.
Last ned bilde
Staselege Jarlsberg hovudgard med hage.
Staselege Jarlsberg hovudgard med hage.
Rune Nordseter, Vestfold fylkeskommune.
Last ned bilde
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye