Ole Volden-Sandersen ny hotelldirektør ved Hotell Bondeheimen

Del

Hotell Bondeheimen i Oslo har tilsett Ole Volden-Sandersen som ny hotelldirektør. Han tiltredde stillinga 20. oktober og får ansvaret for vidareutvikling av både Hotell Bondeheimen og Kaffistova – to av hovudstadens mest tradisjonsrike og folkekjære institusjonar.

Volden-Sandersen har over 20 års leiarerfaring frå hotell- og restaurantbransjen og kjem nyleg frå stillinga som driftsleiar i Frich’s Hoteller & Spisesteder, der han har hatt ansvar for meir enn ti hotell og fleire serveringsstader. Han har brei erfaring innan drift, konseptutvikling, gjesteoppleving og leiing av tverrfaglege team.

– Bondeheimen har ein heilt spesiell plass i norsk hotellhistorie. Det er eit hus som står for kultur, tradisjon og vertskap – og eg gler meg til å byggje vidare på dette saman med eit dyktig og engasjert team, seier Volden-Sandersen.

Hotell Bondeheimen blei etablert i 1913 og har gjennom meir enn hundre år vore ein naturleg møtestad for både tilreisande og fastbuande. I lag med Kaffistova representerer huset ein viktig del av Oslos og Noregs kulturhistorie, samstundes som hotellet dei siste åra har vore gjennom ei omfattande fornying og modernisering.

– Vi er svært glade for å ønskje Ole velkomen. Han har solid bakgrunn, eit ekte engasjement for menneske og vertskap, og sterk forståing for korleis ein kan kombinere tradisjon med moderne hotelleiing. Vi ser fram til å halde fram utviklinga av Bondeheimen saman med han, seier dagleg leiar i Bøndenes Hus, Trond Andersen.

Om Hotell Bondeheimen:

Hotell Bondeheimen blei etablert i 1913 av Bondeungdomslaget i Oslo og er i dag kjent som eitt av dei mest tradisjonsrike hotella i byen. Med 145 rom, sentral plassering ved Stortinget og den folkekjære Kaffistova som del av huset, er Bondeheimen eit symbol på norsk kultur, gjestfridom og tradisjon. Hotellet blei del av De Historiske i januar 2025.

Kontakter

For meir informasjon:
Dagleg leiar Bøndenes Hus AS
E-post: trond.andersen@heimen.net
Telefon: 400 04 813
Nettside: http://www.bondeheimen.com

Følg pressemeldinger fra Hotell Bondeheimen AS

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Hotell Bondeheimen AS på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Hotell Bondeheimen AS

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye