Sedimenta i Oslofjorden består av opptil tre prosent bildekk
Miljøovervaking stadfestar at bildekkpartiklar er den største kjelda til mikroplast i norsk natur.

Bildekkpartikler er eit stort miljøproblem. Nivåa er høgast nært dei store byane, men lokale reinseløysingar kan bidra til å forhindre vidare spreiing ut til miljøet.
– Mikroplast er uønskt i miljøet, og når vi veit at bildekk også inneheld miljøskadelege stoff, er desse funna alvorlege, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.
Bildekkpartiklar viser seg igjen som ei dominerande kjelde til mikroplast
Dei nyaste resultata frå Mikronor-programmet, som forskarar ved NIVA gjennomfører på oppdrag frå Miljødirektoratet, viser at den mest utbreidde mikroplasttypen i norsk natur er bildekkpartiklar. Partiklane blir slitne laus frå bildekka under køyring og inneheld både syntetisk gummi og miljøskadelege kjemikaliar som kan vere giftige for dyrelivet og som kan transporterast langt med luft og vatn. Resultata i år viser at opptil tre prosent av sedimenta i indre Oslofjord består av bildekkpartiklar, målt etter vekt. Dette er blant dei høgaste nivåa som er målte i norsk natur og gir grunn til bekymring for miljøpåverknad. Dei høgaste nivåa var nær hamneområda.
Blåskjel får i seg bildekkpartiklar
Blåskjel frå seks stasjonar – mellom anna Oslo, Ålesund og Varangerfjorden – vart undersøkt for bildekkpartiklar. Nivåa i skjela varierte, men det vart funne bildekkpartiklar i blåskjel frå alle stasjonar. Dette gir grunn til bekymring for biologiske effektar og mogleg overføring i næringskjeda.
Bildekkpartiklar i 95 prosent av luftprøvene frå Oslo
Dei nye resultata viste også at bildekkpartiklar dominerer i luftprøver frå urbane område. 68 prosent av mikroplastpartiklane i lufta i Sofienbergparken i Oslo var bildekkpartiklar. Nivåa i storbylufta er ti gonger høgare enn ved den mindre urbane overvakingsstasjonen i Agder. I Oslo vart bildekkpartiklar påviste i heile 95 prosent av prøvene, medan det på Svalbard vart funne i ni prosent av prøvene. Sjølv om det er mykje høgare nivå av mikroplast i lufta i Oslo enn på Svalbard, stadfestar årets funn resultata i fjor som viste langtransport av mikroplast til avsidesliggjande strøk. Langtransportert forureining av bildekkpartiklar til Arktis er urovekkjande.
Bekymringsverdige kjemikaliar blir sleppte ut i miljøet
For at bildekk skal oppnå ulike eigenskapar, mellom anna gripeevne, blir ulike kjemiske stoff tilsette. Nokre av desse stoffa er bekymringsverdige kjemikaliar som vi ikkje ønskjer i miljøet, som til dømes 6PPD. Tidlegare miljøovervaking har vist høge nivå av 6PPD i norske miljøprøver. Sidan vi veit at bildekk inneheld 6PPD er mikroplastutslepp frå bildekk ei mogleg kjelde til dette.
Tiltak mot spreiing av mikroplast frå bildekk
Avrenning frå tette overflater og vegar i byane er ei av dei viktigaste kjeldene for bildekkpartiklar til miljøet. Dei gode nyheitene er at noko av spreiinga til miljøet kan avgrensast. Kummar med sandfang som samlar opp partiklar frå regnvatn kan halde tilbake noko av mikroplasten. Berre i Oslo kommune er det omtrent 30 000 sandfang.
I Mikronor-undersøkinga vart det samla inn vass- og sedimentsmassar frå 13 sandfang i Oslo. Resultata viser at bildekkpartiklar utgjer ein stor del av mikroplasten i sandfangane. Dette viser at det er avgjerande å reinse overvatn frå by før det blir sleppt ut i naturen. Det er viktig at desse sandfangane blir haldne ved like for å opprette funksjonen. Andre aktuelle tiltak som kan minske spreiinga av bildekkpartiklar er regnbed og andre tiltak for overvatn i byar, og reinsedammar for vegvatn og tunnelvaskevatn.
Det blir også jobba med regelverk på sjølve bildekkutforminga med kommande EU-regelverk for partikkelutslepp Euro7-regelverket og kommande økodesignkrav for bildekk.
Fakta
Bildekk består av naturgummi, syntetisk gummi og ei rekkje kjemikaliar. Syntetisk gummi bidreg til mikroplast. Nokre av kjemikaliane som er tilsette bildekk, som til dømes stabilisatorar og antioksidantar, kan vere skadelege for miljøet og er derfor uønskt.
Friksjonen mellom dekket og vegen fører til slitasje og utslepp av mikroplast. Dekket må ha kontakt med vegbanen for å få gripeevne og vere trafikksikkert.
Eitt bildekk slepper ut store mengder mikroplast per år og det er stor variasjon mellom type dekk og køyretøy. Eksempelvis så er eit tyngre køyretøy berekna å slite meir enn 12 kg per dekk per år, medan for personbilar er det berekna å vere 8-11 gonger mindre enn for tyngre køyretøy.
Vinterdekk kan sleppe meir mikroplast enn sommardekk sidan gummien er mjukare, spesielt ved bruk i høgare temperaturar. Vinterdekk blir ikkje tilrådd brukt om sommaren.
Mengd mikroplast som blir gitt frå dekk avheng av dekktype, kvalitet og gripeevne. Det er vist seg å vere stor forskjell i kor mykje som blir slite av dekte, sjølv innanfor sommar- og vinterdekk.
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Flere tiltak i Oslofjorden godt i gang- men tempoet må opp2.12.2025 12:04:42 CET | Pressemelding
Stadig flere tiltak gjennomføres for å bedre tilstanden i Oslofjorden, men det går likevel for sakte.
Flytende mikroplast i Oslofjorden – mest isopor26.11.2025 14:10:57 CET | Pressemelding
Nye målinger viser at flytende småplast og mikroplast i Oslofjorden ikke er jevnt fordelt, men at det er ansamlingsområder med høye nivåer. Av mikroplasten som flyter, er det isopor som er den dominerende plasttypen.
Ny naturindeks: Norsk natur betydelig redusert18.11.2025 08:29:09 CET | Pressemelding
Det er et nasjonalt mål at økosystemene skal ha god tilstand. For flere av økosystemene fortsetter tapet av biologisk mangfold, viser naturindeksen.
Fire av ti våtmarksfugler trues av mennesker14.11.2025 07:30:00 CET | Pressemelding
Bruk av naturressurser, utbygging og landbruk er de største truslene for trekkfugl som er avhengige av våtmark, viser en ny FN-rapport.
Fire av ti våtmarksfuglar er trua av menneske14.11.2025 07:30:00 CET | Pressemelding
Bruk av naturressursar, utbygging og landbruk er dei største truslane for trekkfugl som er avhengige av våtmark, viser ein ny FN-rapport.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom