Ulovleg laksefiske framleis like utbreidd
Framleis går det føre seg omfattande tjuvfiske, særleg i nord.

For presse: Miljødirektoratet varslar også resultat frå årets lakseoppsyn fortløpande på X og Bluesky under #lakseoppsyn.
– Ulovleg laksefiske er miljøkriminalitet mot våre felles verdiar. Villaksbestandane våre er på eit kritisk lågt nivå, og mange elvar og fjordar er stengde for laksefiske. Ulovleg laksefiske kan føre til at vi må forlengje fiskeforbodet, fordi det kan ta lengre tid å byggje opp igjen bestandane. Å redde villaksen er ein dugnad vi alle må bidra til, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
– Vi som nasjon har ansvar for å verne den atlantiske villaksen, og vi ser alvorleg på at Statens naturoppsyn også i 2025 har avdekt omfattande ulovleg fiske. Totalt er det så langt i år avdekt 226 ulovlege forhold, seier direktør i Miljødirektoratet, Hilde Singsaas.
Nord-Noreg toppar statistikken med 126 av sakene.
Ingen nedgang
Statens naturoppsyn (SNO) har tilsynsansvar i alle lakseelvane og sjøane i landet. I 2024 vart det registrert 230 brot på fiskereglane. Med 226 ulovlege forhold så langt i 2025, ser det ut til at omfanget held seg på same nivå som i fjor.
– Vi ser dessverre ingen nedgang i tjuvfisket. Det skjer både i elvar og vatn, men det er særleg det ulovlege garnfisket i sjøen som dominerer. Dette rammar ikkje berre den atlantiske laksen, men også sjørøye, sjøaure og ei rekkje sjøfuglartar, som set seg fast i garna og druknar, seier Morten Kjørstad, avdelingsdirektør i SNO.
Han understrekar at garnfiske i sjø er spesielt alvorleg, fordi ein ikkje veit kva elv fisken er på veg til. I verste fall kan det vere eit vassdrag med særskilt sårbare bestandar, der tjuvfiske kan gjere stor skade.
– I Moskenes kommune i Nordland inndrog vi i september rundt 350 meter med garn i eit vassdrag som er stengt for fiske. Det er eit sørgjeleg døme på miljøkriminalitet som bokstavleg talt kan utslette ein heil bestand, seier Kjørstad.

Rekordlågt innsig
Omtrent 25 prosent av alle dei atlantiske laksebestandane i verda er i Noreg, og derfor har vi eit særleg ansvar for å ta vare på arten.
Den atlantiske villaksen er klassifisert som nær trua, og mange bestandar er allereie tapte eller sterkt reduserte. Villaksen blir pressa frå mange hald, som mellom anna lus og rømmingar frå lakseoppdrett, klimaendringar, pukkellaks, forureining og ulovleg fiske.
I 2024 vart det registrert rekordlågt innsig av laks i Noreg, og Miljødirektoratet innførte derfor tidenes strengaste fiskereglar:
Foreslår det mest avgrensa laksefisket i historia - miljodirektoratet.no
Regelverket er stramma inn
Reglane for laksefiske har vorte stramma inn over fleire år. I perioden frå mars til oktober er det no stort sett forbode å bruke flytegarn i heile landet. Målet er å verne sårbare bestandar og snu den negative utviklinga for laks og andre anadrome artar som sjøaure og sjørøye.
Straffenivået er også skjerpa, og brot på regelverket kan føre til straffegebyr eller melding.
– Regelverket er krystallklart: Fiske som strir med gjeldande føresegner får konsekvensar. Vi følgjer opp med sanksjonar som står i forhold til alvorsgrada, seier Kjørstad.

Aukande engasjement frå publikum
SNO registrerer at publikum engasjerer seg meir enn før, og at fleire melder frå om brot på regelverket. Dette er viktig for å kunne prioritere innsatsen der han trengst mest.
– Det er mange her i landet som ønskjer å redde den atlantiske laksen, og vi merkar at engasjementet frå publikum er aukande. Vi får stadig fleire tips, og dette gjer oss betre rusta til å gripe inn. Det er viktig at folk held fram med å seie frå, seier Kjørstad.
Dersom du observerer flytegarn eller mistenkjer anna ulovleg fiske, kan du melde frå via Miljødirektoratets tipsteneste her:
Tips Miljødirektoratet om miljøkriminalitet - miljodirektoratet.no
Oppsynet held fram
Oppsynet held fram utover hausten.
– Sesongen er langt frå over, og vi veit at det framleis vil gå føre seg ulovleg fiske. Vi kjem til å vere til stades, følgje med og gripe inn der det trengst, seier Kjørstad.
For oppdaterte fiskereglar kan du sjå kva som gjeld for fylket ditt på Statsforvalteren.no og fiskeforvaltning.
Sjå også informasjonssida til Miljødirektoratet for meir informasjon om laks:
Nøkkelord
Kontakter
Pressevakt
Tel:40 10 38 00presse@miljodir.noBilder



Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Her er de grå arealene16.12.2025 12:56:11 CET | Pressemelding
Miljødirektoratet publiserer i dag et nytt kart over nedbygde arealer i Norge. Målet er å utnytte slike arealer bedre når ny utbygging planlegges.
Rekordhøye nivåer av lystgass truer klimamål og ozonlaget11.12.2025 12:09:44 CET | Pressemelding
Den kraftige klimagassen lystgass fortsetter å øke og nådde nok et år rekordhøye nivåer i atmosfæren, viser ny rapport.
Fuglen hortulan antatt utdødd i Norge11.12.2025 08:07:27 CET | Pressemelding
For andre år på rad er det kun observert to hanner av trekkfuglen hortulan. Den er en nær slektning av gulspurven, og var tidligere et vanlig syn.
Fuglen hortulan anteken utdøydd i Noreg11.12.2025 08:07:27 CET | Pressemelding
For andre året på rad er det berre observert to hannar av trekkfuglen hortulan. Den er ein nær slektning av gulsporven, og var tidlegare eit vanleg syn.
Flere tiltak i Oslofjorden godt i gang- men tempoet må opp2.12.2025 12:04:42 CET | Pressemelding
Stadig flere tiltak gjennomføres for å bedre tilstanden i Oslofjorden, men det går likevel for sakte.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom