Statens vegvesen

Signerte kontrakt for ombygging av E39 Veibustkrysset

Del

Divisjonsdirektør Kjell Inge Davik signerte fredag kontrakt med entreprenøren Busengdal AS om ombygging av E39 Veibustkrysset. Kontraktssummen er på ca 78 millionar kroner (eks.mva), og arbeidet vil starte opp så fort som mogleg.

Kontrakta for ombygging av E39 Veibustkrysset er signert. Frå venstre: Stian Innselset, Ingar Valbø, Kamilla Busengdal, Ove Nesje, divisjonsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen, dagleg leiar Rolf-Anders Håberg i Busengdal AS, Bjørn Busengdal , Ole Kristian Birkeland og Kåre Rolandsen.
Kontrakta for ombygging av E39 Veibustkrysset er signert. Frå venstre: Stian Innselset, Ingar Valbø, Kamilla Busengdal, Ove Nesje, divisjonsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen, dagleg leiar Rolf-Anders Håberg i Busengdal AS, Bjørn Busengdal , Ole Kristian Birkeland og Kåre Rolandsen. Foto: Statens vegvesen

- Det er svært gledeleg at vi i dag signerer kontrakt med ein lokal entreprenør for å bygge om eit ulykkesutsett kryss på E39, seier divisjonsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen.

Han var fredag i Ålesund for å signere kontrakt med Busengdal AS,  og signeringa føregjekk på Statens vegvesen sitt anleggskontor i Breivika i Ålesund.

- Vi er svært fornøgde med å bli vald som hovudentreprenør på E39 Veibustkrysset. Dette er eit viktig samferdsels- og utbetringsprosjekt i vår region, som betyr mykje for veldig mange. Vi er sikre på at vår kunnskap og erfaring skal bidra positivt til å gjennomføre prosjektet effektivt, trygt og kvalitetsmessig bra for alle partar, seier dagleg leiar Rolf Anders Håberg i Busengdal AS.

Hadde beste tilbodet

Veibustkrysset ligg i Sula kommune, rett sør for Ålesund, og fem entreprenørar kom med tilbod på arbeidet. Busengdal AS kom med det rimelegaste tilbodet, og dei hadde også det beste forholdet mellom pris og kvalitet, i høve til tildelingskriteria i konkurransen.

- Vi er godt fornøgd med konkurransen, og det var svært jamnt mellom dei lokale entreprenørane, seier prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen.

Finansiering av det nye krysset kom på plass i samband med framlegg av forslag til statsbudsjett 2025, og samferdselsminister Jon-Ivar Nygård stadfesta personleg at prosjektet fekk finansiering under eit besøk til Ålesund i september i fjor.

- Eg er glad for at Statens vegvesen no har signert kontrakt for E39 Veibustkrysset. Denne utbetringa vil gjere det tryggare og meir forutsigbart for bilistar i Ålesundsområdet, og nytt fortau under brua vil gjere det tryggare for dei som veljer sykkel og gange, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Arbeidet som skal gjerast

Det er i dag utfordrande å komme seg inn på E39 frå lokalveg/industriområde på grunn av den store trafikken på E39. Spesielt når ein skal svinge til venstre og må ha klar køyrebane i to retningar, kan ein bli ståande lenge før ein kjem seg inn på E39. Dette er også med på å skape farlege situasjonar.

Veibustkrysset skal byggast om til eit nytt toplanskryss med tilhøyrande av- og påkøyringsramper. Eksisterande bru under E39 skal rivast, og det skal byggjast ny bru med to køyrebaner og fortau under brua. Eksisterande busslommer inntil E39 skal stå omtrent som før, og det skal byggjast nødvendig gangvegsystem frå busslommene og fram til kommunalt vegnett.

 Førebuande arbeid i krysset har starta , med omlegging av høgspentkablar og lagring av stein som skal nyttast på veganlegget. Krysset skal vere ferdig ombygd sommeren 2027.

Kontakter

Bilder

Slik blir det ferdige krysset sett vestover, Vegsundbrua ligg utanfor høgre biletkant.
Slik blir det ferdige krysset sett vestover, Vegsundbrua ligg utanfor høgre biletkant.
Statens vegvesen
Last ned bilde
Illustrasjon av det nye krysset sett rett ovanfrå. Løysinga gir god tilknytning til E39 og lokalvegnettet, og betrar trafikktryggleiken.
Illustrasjon av det nye krysset sett rett ovanfrå. Løysinga gir god tilknytning til E39 og lokalvegnettet, og betrar trafikktryggleiken.
Statens vegvesen
Last ned bilde
Kontrakta for ombygging av E39 Veibustkrysset er signert. Frå venstre: Stian Innselset, Ingar Valbø, Kamilla Busengdal, Ove Nesje, divisjonsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen, dagleg leiar Rolf-Anders Håberg i Busengdal AS, Bjørn Busengdal , Ole Kristian Birkeland og Kåre Rolandsen.
Kontrakta for ombygging av E39 Veibustkrysset er signert. Frå venstre: Stian Innselset, Ingar Valbø, Kamilla Busengdal, Ove Nesje, divisjonsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen, dagleg leiar Rolf-Anders Håberg i Busengdal AS, Bjørn Busengdal , Ole Kristian Birkeland og Kåre Rolandsen.
Foto: Statens vegvesen
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye