Nærings- og fiskeridepartementet

Presseinvitasjon: Fiskeri- og havministeren til Brasil

Del

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss besøkjer São Paulo og Rio de Janeiro i Brasil 20.–24. oktober.

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss Foto: NFD

I São Paulo skal statsråden mellom anna delta på sjømatmessa Seafood Show Latin America, og på Norges sjømatråd sitt klippfiskseminar «O futuro do bacalhau Brasil». Sivertsen Næss skal òg ha bilaterale samtalar med sin brasilianske kollega André de Paula. I tillegg skal ho delta på eit arrangement om likestilling og leiarskap i maritim sektor, møte norske maritime verksemder, samt vitje og ha møte med hamnestyresmaktene i hamnebyen Santos.

I Rio de Janeiro skal fiskeri- og havministeren møte den brasilianske rederiforeininga, på ferjetur der temaet er dekarbonisering av den maritime sektoren, besøkje ein supermarknad og delta på Rio Ocean Week.

Noreg og dei andre EFTA-landa vart 16. september i år einige om ein handelsavtale med Brasil, Argentina og dei andre Mercosur-landa. Avtalen vil gje null toll på nesten all norsk eksport til desse landa.

-For sjømatnæringa er det positivt at avtalen bidreg til tollreduksjon og fjerning av handelshinder for sjømateksporten. Dette kan opne for eksport av produkt vi tidlegare har eksportert lite av til Latin-Amerika, som til dømes laks, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Handelsavtalen inneber i tillegg at brasilianske styresmakter no er forplikta til å likebehandle norske og brasilianske fartøy ved internasjonal godstransport.

– Avtalen vil også bidra til rettferdige vilkår og betre rammevilkår for norsk sjøfart, seier Sivertsen Næss.

Program (forbehold om endringar)

Måndag 20. oktober

Stad:

19.00

Sjømatarrangement i regi av Norges sjømatråd

Hotel Unique, Av. Brigadeiro Luis Antonio, 4700, Sao Paulo

Tysdag 21. oktober

09.30

Deltaking på Norges sjømatråd sitt seminar «O futuro do bacalhau Brasil»

Messeområdet

11.00

Møte med guvernøren i São Paulo, Tarcísio de Freitas

Messeområdet

12.00

Lunsj i regi av Norges sjømatråd

Messeområdet

13.00

Deltaking på den offisielle opningsseremonien for sjømatmessa Seafood Show Latin America

Messeområdet

13.30

Bilaterale samtalar med den brasilianske fiskeri- og havbruksministeren André de Paula

Messeområdet

14.00

Kort runde på messa og besøk til den norske paviljongen saman med den brasilianske ministeren

Messeområdet

15.30

Møte med det brasilianske mattilsynet

Messeområdet

16.00

Opning av den norske paviljongen

Messeområdet

Onsdag 22. oktober

10.00

Møte med hamnestyresmaktene i Santos

Santos hamn

11.30

Besøk hos Odfjell-gruppen

Santos hamn

12.30

Arrangement om likestilling og leiarskap i maritim sektor

Santos hamn

14.00

Møte med norske skipsrederar

Santos hamn

15.00

Besøk hos Höegh LNG, inkludert guida tur på skipet Höegh Giant

Santos hamn

Torsdag 23. oktober

09.00

Møte med den brasilianske rederiforeininga

Generalkonsulens residens i Rio de Janeiro

11.10

Ferjetur med tema dekarbonisering av den maritime sektoren

Frå Praça XV til Niterói

11.45

Besøk til supermarkedet Mundial (tradisjonell salsstad for norsk sjømat)

Bydelen Niterói

12.45

Lunsjmøte på det kommunale marknaden i Niterói

Bydelen Niterói

15.00

Deltaking på Rio Ocean Week (tbc)

Kontakter

Om oss

Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på LinkedIn og Flickr, og regjeringa på X/Twitter og Facebook 

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye