Justervesenet

Justervesenet på veg ut i verdsrommet?

Del

Ny teknologi, utvikla i Noreg, kan spare store ressursar for romverksemder og gje meir nøyaktige klimamålingar. I eit EURAMET-prosjekt som er koordinert av Justervesenet, har Justervesenet, SINTEF, Institutt for energiteknikk (IFE) og Universitetet i Sørøst-Norge (USN) samarbeida om forsking. Resultatet kan snart bli ein viktig del av framtidas satellittar.

chip/sensor på hvit bakgrunn
Dette er sensoren som kan effektivisere og forbetre målingar i verdsrommet, ein såkalla dual-mode detektor. Justervesenet

Ny, norsk teknologi 

Teknologiar innan fotonikk og optikk er i rask utvikling. Mykje av det vil få betydning innan alt frå industri, energi og vitskap til miljø og medisin. 

Samarbeidsprosjektet S-CALe Up har sett behovet for og jobba med, kostnadseffektive, sjølvkalibrerande og meir nøyaktige målesystem som ikkje kan tilbys med tradisjonelle metodar. Prosjektet har utvikla lysfølsame sensorar som kan brukast til å berekne effekten til lyset. 

Dei har oppnådd ein presisjon og stabilitet som hittil ikkje har vore mogleg. Forskinga har redusert måleusikkerheita til så lite som 10 delar per million (PPM).  

Det betyr at ein kan måle optisk effekt veldig nøyaktig i verdsrommet, noko som har krevd mykje ressursar på grunn av avstanden. Tidlegare måtte ein kalibrere før oppskyting, men med den nye teknologien kan utstyret bli kalibrert på satellitten når han blir drifta. Målingane blir brukt til blant anna til klima- og miljøforsking.   

Behov for den type teknologi i romfart 

Teknologien har særlig vekka interesse hos Direktoratet for romverksemd, som ser moglegheit for bruk i rombaserte system. 

Jarle Gran, prosjektkoordinator fra Justervesenet seier dette:

Vi er veldig stolte over resultata i prosjektet; det er ingen andre miljø i verda som beherskar denne teknologien slik det no blir gjort i Noreg. Vi er og glade for interessa for å ta i bruk teknologien vår, tilgangen på metrologiske standardar i rommet er nemleg svært begrensa.  

Her kan du lese meir detaljert om prosjektet og kva Direktoratet for romverksemd er mest interessert i.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

chip/sensor på hvit bakgrunn
Dette er sensoren som kan effektivisere og forbetre målingar i verdsrommet, ein såkalla dual-mode detektor.
Justervesenet
Last ned bilde
Utsnitt av mann som justerer i et lysmåleoppsett/laboratorium.
Jarle Gran, sjefsingeniør ved Justervesenet og koordinator for prosjektet, gjer justeringar i ei opplinjering av laserstrålen for dual-mode målingar.
Justervesenet
Last ned bilde

Lenker

Om oss

Justervesenet er et direktorat for måleteknikk underlagt Nærings- og Fiskeridepartementet. Justervesenet har ansvaret for at Norge har en måleteknisk infrastruktur som både har nasjonal og internasjonal tillit.

Følg pressemeldinger fra Justervesenet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Justervesenet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Justervesenet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye