Digital sjukehusoppfølging blir for lite brukt
13.10.2025 12:30:00 CEST | Riksrevisjonen | Pressemelding
Behov for sjukehustenester kjem til å auke framover. Stortinget forventar at fleire pasientar skal få tenestene i eller nær heimen ved hjelp av teknologi. Likevel har mange sjukehus komme kort i å ta teknologien i bruk.

– Mykje teknologi for å flytte sjukehustenester nærmare pasientane er klar, men ho blir for lite brukt. Det er ikkje tilfredsstillande, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.
Stortinget har over fleire år forventa at ein ved å ta i bruk ny teknologi og ulike former for digital heimeoppfølging i helsetenestene skal bidra til
- å halde oppe eit tenestetilbod av god kvalitet og
- å bremse auken i behovet for personell i primær- og spesialisthelsetenesta.
Digital heimeoppfølging kan for eksempel vera video- og telefonkonsultasjonar, nettbaserte behandlingsprogram og oppfølging via data frå pasienten eller medisinsk utstyr.
– Ved å bruke teknologien, kan sjukehusa redusere reisebelastninga for pasientar og gje dem et betre tilpassa tilbod. Samstundes kan det vera eit svar på utfordringa med knappheit på helsepersonell og ressursar i årene som kommer, seier riksrevisoren.
Samarbeid med kommunar lite utbreidd
Ny teknologi opnar for meir samarbeid om pasientar mellom sjukehus og kommunar. Potensialet er i liten grad utnytta.
Dei fleste tenestene sjukehus så langt har flytta nær pasientane, involverer ikkje kommunehelsetenesta.
– Det finnes gode døme på samarbeid. Erfaringar herifrå er at meir integrert oppfølging mellom sjukehus og kommunar er positivt for pasientane. Det kan og føre til betre samla ressursbruk for samfunnet, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.
Nøkkelord
Kontakter
Sissel Elisabet HelminsenKommunikasjonsrådgjevar
Tel:977 27 237seh@riksrevisjonen.noSiri Bentserud WingereiKommunikasjonssjef
Tel:990 39 479sbw@riksrevisjonen.noOm oss
Riksrevisjonen er Stortinget sitt revisjons- og kontrollorgan. Vi skal bidra til den demokratiske kontrollen med at statens ressursar blir forvalta forsvarleg og effektivt og i samsvar med Stortinget sine vedtak og føresetnader.
Følg pressemeldinger fra Riksrevisjonen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksrevisjonen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksrevisjonen
Samferdselsdepartementet har svak oppfølging av Bane NORs eiendomsvirksomhet25.6.2026 10:30:00 CEST | Pressemelding
Bane NOR-konsernet utvikler boliger, hoteller og næringsbygg i stort omfang. Men mye av dette skjer utenfor normal gangavstand til togstasjonene, og bidrar i liten grad til å understøtte jernbanen.
Svakheter i sikkerhetsarbeidet i departementenes IKT-satsing23.6.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Riksrevisjonen retter kritikk mot arbeidet med IKT-sikkerhet i Program Felles IKT-tjenester for departementsfellesskapet. Et hovedmål med å opprette programmet i 2021 var å styrke IKT-sikkerheten.
Etter 10 års skule: Urovekkjande mange elevar har ikkje lært å lese, skrive og rekne skikkeleg16.6.2026 13:00:00 CEST | Pressemelding
Trass i ei langvarig satsing og høg prioritet frå Stortinget, har svært mange elevar svake grunnleggjande ferdigheiter etter grunnskulen.
Pressekonferanse tysdag om elevar sine grunnleggjande ferdigheiter15.6.2026 12:16:38 CEST | Presseinvitasjon
Riksrevisjonen har undersøkt Kunnskapsdepartementet sitt arbeid for å styrkje lese-, skrive- og rekneferdigheitene hos elevane i grunnskulen. Velkommen til pressekonferanse tysdag kl. 13.
Riksrevisor: – Svake insentiver til å kutte i staten10.6.2026 12:30:00 CEST | Pressemelding
Nesten to tredjedeler av statlige virksomheter oppgir at de i liten grad har insentiver til å fremme innsparings- og kuttforslag i statsbudsjettprosessen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom