Auke i hausttrafikken – utanlandsreiser skil seg ut
13.10.2025 13:00:00 CEST | Avinor | Pressemelding
Talet på reisande held fram å auke også i september, med ein auke på to prosent samanlikna med same periode i 2024. Auken kjem av reiselystne nordmenn, men òg av at fleire frå utlandet har fått augo opp for Noreg som feriedestinasjon.

Sommaren er over, men hausten er òg ei populær tid å reise på. Det ser vi tydeleg med dei 4,9 millionar passasjerane som reiste gjennom Avinor sine lufthamner i september. Samanlikna med same månad i fjor, er dette ein auke på to prosent – både for innanlands- og utanlandstrafikk.
Vi ser særleg ein vekst blant utanlandsreisande i september, samanlikna med september 2024. Over to millionar reiste til og frå norske lufthamner og utlandet, noko som utgjer ein auke på tre prosent.
– Trendane frå sommartrafikken held fram i september, ein månad som blir stadig meir prega av turisme. Vi ser at veksten i stor grad er knytt til marknader med sterk internasjonal interesse. Til dømes har Bergen ein utanlandsvekst i passasjertalet på heile elleve prosent, medan Evenes og Tromsø har ein samla vekst på høvesvis elleve og seks prosent, seier Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor.
Andre større lufthamner som Oslo (+1 %), Stavanger (+1 %) og Trondheim (0 %) opplever derimot ein svakare utvikling i det totale passasjertalet for september.
– Det er heilt tydeleg ei uro for dei respektive regionane, men òg for Noreg som heilskap når det gjeld utviklinga av Oslo lufthamn, som er landets hovudflyplass og knutepunkt, seier Skallerud Riise.
Rekord i september
Ein annan trend som har utvikla seg dei siste tre åra, er at fyllingsgraden på flya er rekordhøg.
– I september var 74,5 prosent av alle seter fylte av passasjerar, noko som er rekord for denne månaden i året. Hittil i år ligg fyllingsgraden på 74,7 prosent, som òg er rekord samanlikna med tidlegare år. Veksten i talet på reisande er altså høgre enn utviklinga i talet på seter som er til sals, seier Skallerud Riise.
Flyrørsler
Det var 66 578 kommersielle flyrørsler i september. Det éin prosent auke samanlikna med i fjor.
Auke i ansvarleg droneflyging
Fleire flyg dronar ansvarleg, viser tala frå september. Førre månad var det 3320 innmeldte droneplanar i Ninox Drone – Avinors system for handtering av dronar.
– I september såg vi ein auke på 15 prosent i talet på innmelde droneplanar, samanlikna med same månaden i fjor, seier Mats Gjertsen, leiar for droneprogrammet i Avinor.
– Det er positivt at ansvarleg dronebruk aukar. At fleire melder inn droneplanane sine i Ninox, bidreg til å skape ein kultur for trygg og synleg droneflyging. Vi oppfordrar alle som flyg drone, om å setje seg inn i regelverket før dei flyg.
Totalt i år har det vore meldt inn 25 344 droneplanar.
Kontakter
Pressetelefon (ikke SMS)Kun til bruk for journalister.
Vi svarer ut mediehenvendelser mellom 08.00-17.00 med mindre det inntreffer større hendelser. For generelle henvendelser ber vi om at det sendes e-post. For informasjon om flytrafikken ved våre lufthavner, se www.avinor.no, og velg flyplass.
Bilder



Dokumenter
Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.
Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.
Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.
Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.
Følg pressemeldinger fra Avinor
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Avinor
Avinor leverer et solid første kvartal i urolige tider18.5.2026 14:42:51 CEST | Pressemelding
Til tross for geopolitisk uro, leverer Avinor et godt første kvartal med økt passasjertrafikk og inntekter. De langsiktige utsiktene er positive, men det er nå betydelig usikkerhet knyttet til utviklingen fremover og hvor lenge den vil vare.
Avinor lyser ut nye kontrakter innen servering og kiosk: Skal løfte mat- og drikkeopplevelsen på norske lufthavner18.5.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Avinor lyser ut nye kontrakter ved åtte lufthavner med en estimert samlet verdi på rundt 3,5 milliarder kroner. Konkurransen består av 35 kontrakter med henholdsvis fem eller syv års varighet, og omfatter serveringsenheter, kiosker og selvbetjente løsninger.
Bunadsslusa opnar igjen på Oslo lufthamn 16. og 17. mai12.5.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Som tradisjonen tilseier, opnar Oslo lufthamn eiga bunadssluse i tryggleikskontrollen 16. og 17. mai. Slusa er pynta med norske flagg og er open for alle reisande i bunad, kofte og andre tradisjonelle festdrakter.
Stabil april - vekst så langt i år11.5.2026 14:30:00 CEST | Pressemelding
Talet på passasjerar ved Avinor sine lufthamner heldt seg stabilt i april. Totalt reiste 4,3 millionar passasjerar, om lag på same nivå som i fjor, medan tala for årets fire første månader viser ein tydeleg vekst.
Eirik Wæraas blir direktør for trafikkutvikling i Avinor11.5.2026 12:56:09 CEST | Pressemelding
Avinor har ansatt Eirik Wæraas som ny direktør for trafikkutvikling. Ansettelsen styrker Avinors arbeid med å videreutvikle rutenettet og Norges tilgjengelighet mot verden.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom